Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Skavøypoll - Veitastrond 1-2

Veitastrond tok nok ein sterk bortesiger i går etter at Skavøypoll vart satt på plass med 2-1. Dermed står framleis VIL med full pott etter to serierundar, og me har no tatt like mykje poeng på to kampar som me gjorde på heile vårsesongen i fjor, eller like mykje poeng på to bortekampar som på heile fjoråret. Gårsdagens siger var av det mindre pene slaget, men det gjorde ikkje så mykje når Kurt Heggestad satte inn vinnarmålet etter 89 minutt. Ein flott start på sesongen, og måtte det berre halda fram slik...

(diverre ingen referent på sidelinja i dag så me skriv referatet slik som me hugsar det)

Veitastrond reiste oppover med 13 mann, og 3 (Gøran, Gaute og Richard) av dei som var i fyrsteellevaren hadde ikkje starta ein kamp sidan forrige sesong. Ikkje det beste utgangspunktet, men lite å gjera noko med.

Me kan sei det med ein gong at kampen mot Skavøypoll var ingen velspelt kamp. Eit hardt kunstgrasdekke gjorde at ballen gjekk raskt og ga ein vanskeleg sprett. Dette var noko som VIL spelarane aldri vart skikkeleg komfortable med, og spelet vart deretter. 

1.omgang var jamnspelt der Skavøypoll fekk den fyrste store sjansen då VIL-forsvaret kludra det til. Gøran måtte gje retur på eit knallhardt skot frå 16 meter og på returen var dei nær å få ballen inn, men Øivind Kristiansen fekk rydda opp.

Samme Øivind var liggande nede med skade like etterpå og hadde visst fela ilt, men kom snygt attende på bana...

Veitastrond skapte ikkje all verda, men det var nesten for Kurt då han snappa ballen frå bakerste mann på Polljen. Diverre fekk han ballen litt for langt framfor seg, og avslutninga gjekk til side for mål.

Richard fekk ein god sjanse like etterpå, men frå 10 meter bomma han på ballen frå god posisjon.

Kampen fyrste mål kom rett før pause. Veitastrond hadde corner som vart slått på bakerste til Emil. Han heada ballen inn i feltet der Kim Andre knuste keeper i duell og nikka ballen inn til 1-0 leiing for dei blåkledde.

Like etterpå blas dommaren av for halvspelt kamp. Ein 1.omgang som ikkje var alt for hendelsesrik. Kampen var jamnspelt med eit lite overtok til VIL siste kvarteret og dette var nok til at me kunne gå til pause med 1 mål framfor dei hine karadn....

I 2.omgang var det eit heiltent Skavøypoll lag som kom utpå, og dei fekk raskt eit press på Veitastrond. Dette resulterte i utlikning til 1-1 etter 54.minutt. Eit innlegg frå venstre vart enkelt satt i mål av ein umarkert spelar inne i boksen og dermed var me like langt.

Polljen haldt oppe eit visst trøkk, medan Veitastrond var farlege på kontringar. Diverre klarde me aldri å etablera noko skikkeleg spel og det vart mykje lange oppspel i bakrom i staden for å halda ballen meir i laget. Det er vel ei sanning med modifikasjonar å sei at Richard klarde å erstatta Frode fullt ut som bakromspiss...

Veitastrond fekk ein stor sjanse ca midtveges då Helge fekk ballen frå 8 meter. Avslutninga hadde fin retning mot mål, men Richard klarde å kasta seg fram og fekk blokkert skotet.

Etter 80 minutt small Emil til på volley frå bakerste etter corner, men ein kanonredning frå Skavøypoll sin keeper hindra scoring.

Skavøypoll hadde og sine sjansar i 2.omgang, men me klarar diverre ikkje heilt å hugsa korleis.

I løpet av kampen kom Erlend inn for Kenneth, som besvimte undervegs og fekk problem med synet etterpå. Kenneth hadde sikkert spelt vidare til han låg strak, men trenarteamet beordra han til å gå av bana. 5 minutt før slutt kom Øystein inn for Richard.

Mot slutten av kampen så pressa det unge Polljen laget Veitastrond bakover og VIL var tydeleg slitne. Me hadde vore ok nøgde med 1 poeng, men så etter 89 minutt skjer akkurat det me hadde håpa på. Polljen står høgt med laget, og me klarar å bryta angrepet deira. Gaute får ballen og slår langt oppover, Øystein hoppar over ballen og plutseleg er Kurt åleine igjennom. Han spring ifrå forsvaret, har ingen problem med å runda ein utrusande keeper og set ballen inn til 2-1 til Veitastond. je je je je je je je JEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEZ.

Resten av kampen har VIL full kontroll og me vinn kampen med 2-1. Nok ein gong avgjer me kampen heilt på tampen, og dette gjer det berre ekstra moro å vinna. Sterkt å reisa heim med 3 poeng når me har nesten eit heilt lag ute, og dei som spelar i tillegg ikkje har ein topp dag på jobb.

I dag gjorde me ein god kamp defansivt, medan det var litt mindre rytme og flyt på det som skjedde framover på bana. Me hadde litt problem med bana, og fleire av spelarane som utmerka seg mot Gaular hadde ikkje dagen og då vart det ikkje all verda. Kjekt at spelarar som Gøran og Gaute får ein fortent sjanse i fyrsteellevaren og begge gjorde ein god kamp. Har ein mistanke om at Gaute sprang langt over evne...

Motstandar Skavøypoll hadde som venta eit ungt lag, og dei imponerte til tider. Kjem heilt sikkert til å plukka med seg mykje poeng i årets sesong, og dette stadfestar vår tru på at årets sesong vert rekordjamn. Kampen gjekk føre seg i ein hyggeleg tone, og me ynskjer Polljen all lukke til vidare i sesongen.

VIL-STJERNA

Øystein Heggestad fekk i dag æra av å dela ut stjerner, og valet fall på følgande;

 
óóó Øivind Kristiansen
óó Kim Andre Navarsete
ó

Gøran Fimreite

 

Kampfakta;

Skavøypoll - Veitastrond 1-2 (0-1)

VIL; Gøran - Øivind, Kenneth (Erlend), Kim Andre, Øyvind - Gaute, Emil, Helge, Åsmund - Richard (Øystein), Kurt

0-1 Kim Andre (Emil)

1-1 x

1-2 Kurt (Gaute)

Ingen kort.

Dommar; Rolf Kåre Almenning (fin fyr)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com