Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Syril 6-0

Det vart ein festkveld av dei sjeldne for Veitastrond Fotball då dei vann heile 6-0 i kveldens lokaloppgjer mot Syril. Heimelaget var best i alle kampens fasar og syrstrendingane noterte seg knapt nok for ein einaste målsjanse heile kampen i gjennom. I dag var det 5 ulike målscorarar foross, og dette var framfor alt ein lagsiger der alle var med å bidrog. Det er liten tvil om at VIL-fotball flyr høgt om dagen der me står med 3 strake sigrar og tabelltopp i 4.divisjon. Dette er ei karamell me skal unna oss å nyta ei stund framover og me treng eigentleg ikkje fokusera det grann på neste kamp endå. Truleg var dette den mest dominerande kampen me har spelt sidan me var i 6.divisjon... og som ei skrønebrok sa det etterpå, så kunne eigentleg Syril gå direkte i dusjen etter kampen, for avkledninga hadde Veitastrond allereie teke seg av...

VIL stilte med samme lag som me annonserte før kampen, og me hadde den samme solide benken som me hadde håpa på.

Ei passeleg tung grasmatte som slettes ikkje var så verst som ein kunne ha frykta tok i mot laga, medan værgudane passte på å strø jamt med vassdropar ned på oss. Det var Veitastrond som kom best i gang og allereie etter 1 minutt vert Kurt felt i god posisjon. Frisparket tok Helge som avfyrte eit velplassert skot, men diverre gjekk den i stolpen og ut.

Store deler av 1.omgang var jamnspelt der VIL stort sett hadde det som var av sjansar. Frode og Kurt hadde fleire kombinasjonar seg i mellom og var fleire gonger nær scoring.

Etter 20 minutt fekk Gøran ein god sjanse, då Kurt la inn på bakerste, men diverre så var Gøran uheldig med spretten og ballen gjekk i kneet hass og til ingenting. Synd for Gøran som i dag gjorde ein meget god figur på vår høgrekant.

26 minutt er spelt når Veitastrond smell ballen i treverket på ny. Kurt får ballen inne i boksen, snurrar rundt med eit par forsvarsspelarar før han skyt i stolpen. Underteikna såg denne i nota.

Veitastrond haldt fram med å komma seg til sjansar og etter 34 minutt legg Kurt corner frå høgre. Inne i boksen er Kim Andre i duell med Syril keeper Eivind Røysum og han headar ballen i mål, men dommaren dømmer frispark til keeper. Ei avgjersle som ikkje ga dei heilt store protestane.

Kva så med Syril? Sant og seia så skapte dei minimalt. Det var fleire gonger tendensar når dei kom framover med sine raske vingar, men inne i boksen hadde stort sett Veitastrond sitt solide midtforsvar og målmann Even full kontroll. Den største sjansen deira kom etter klabb og babb inne i feltet, men dei gulkledde fekk ikkje til ei skikkeleg avsluting til trass for at Even for ein gong skuld låg utspelt på matta og målet nærast var ope.

40 minutt og me får kampens fyrste mål. Kurt vert spelt igjennom og kjem inn i Syril boksen i det ein forsvarar feller han. Dommaren dømmer soleklar straffe, og i tillegg meinar me at Syril spelaren skulle hatt gult kort, noko som ville betydd hass andre for dagen og dermed marsjordre. Raudt kort vart det ikkje, men straffespark fekk me og dette tok Helge Skjælaaen og han var kald som is og sendte keeper til venstre og ballen til høgre og dermed 1-0.

Dette haldt seg til dommaren blas av 1.omgang. Ein meget god omgang av Veitastrond der me er flinke til å halda ballen på bakken og spela ballen slik me er best til. Heilt ifrå bakerste ledd er med rolege med ball og me bygger opp fleire fine angrep. Solid defansivt og lovande offansivt.

Etter kvilen haldt Veitastrond fram der me slapp i 1., berre at me gira opp eit hakk. Kurt og Frode hadde fleire store sjansar, og kanskje burde spissduoen fått meir ut av desse tidleg i 2.omgang.

No gjorde ikkje dette så mykje, for VIL fekk snygt hol på byllen igjen. 54 minutt og Åsmund kom på eit av sine mange raid på venstrekanten. Han drog seg nesten heilt ned til dølinja, la inn framfor mål der Kurt fekk ein enkel jobb med å tuppa ballen i mål og dermed 2-0.

2-0 er ei farleg leiing, og me har sjølv rota bort slike mange gonger. I dag var me imidlertid aldri i nærleiken av å bli trua. 5 minutt etter 2-0 kjem mål nummer 3. Kurt slår eit frispark frå ca 20 meter mot mål. Keeper klarar ikkje å halda ballen og på det sekundet ballen er fri er Kenneth frampå med ei tå og scorar 3-0. Kunne sjå ut som angrep på keeper ved fyrste augnakast, men dei store protestane uteblei og me reknar med at ein godt plassert dommar gjorde rett i å godkjenna målet.

Med 3-0 gjekk det vesle som var att av luft i Syril ballongen ut, og Veitastrond leika seg den siste halvtimen. 4-0 kom på dagens flottaste angrep der med rulla opp på høgrekanten. Emil, slo ballen til Kurt, som slo vidare til Helge, som igjen slo til Åsmund og sistnevne dunka ballen i mål frå 10 meter og 4-0.

Audmjukinga vert komplett etter 70 minutt. Kurt slår ein lang ball til Helge opp på høgrekanten. Trodlekunstnaren frå Bergen kunne gått for innlegg som dei fleste andre ville ha gjort, men Helge serverte i staden ein utsøkt lobb mot mål som gjekk over keeper og i motsatt stolpe og inn. Uinteressant om det var dette han prøde på eller ikkje, for vakkert var det å sjå på for eit Veitastrond auge uansett. 5-0 og det byrjar å lukta samba fotball på Hafslo no.

Veitastrond gjorde ein del bytter siste halvtimen, og i løpet av kampen kom Bjørn, Richard, Gaute og Erlend innpå.

80 minutt når Veitastrond er på farten på ny. Åsmund stormar mot mål, men vert felt av ein Syril spelar. Dommaren dømmer straffe, igjen korrekt slik me såg det. Straffetakar Helge er allereie tatt av bana, og det vert duell mellom dei to backane våre Øyvind og Øivind om kven som skulle skyta. Begge stod utan mål for Veitastrond før dette, og til Øivind sin store forargelse så var det Øyvind som sneik seg til å ta straffen. Han skaut som han aldri hadde gjort anna enn å ta straffar heile livet, og sendte keeper til feil side og klistra ballen så langt inntil stolperota som mogleg og dermed 6-0.

Kvelden vart komplett nedtur for Øivind like etterpå då han la eit glimrande innlegg til Gaute, som diverre skaut utanfor frå god posisjon. Så vart det altså ikkje noko assist på Øivind ein gong....

Kva så med Syril? vel, me noterte 0 målsjansar i 2.omgang på dei...

Dommaren blåste etterkvart av kampen, og blide og nøgde kunne Veitastrond sine spelarar innkassera 3 nye poeng og 6-0 siger.

Dette var ein utruleg overbevisande kamp av Veitastrond. Me framstod i dag som botnsolide i samtlege ledd, og me var flinke til å halda ballen på bakkenivå og gjera enkle pasningsvalg. Måten me til tider i dag spelte oss ut av eige forsvar, igjennom midtbaneleddet og fram i angrep var flott å sjå. Flott var det og å sjå at me i dag fekk 5 ulike målscorarar. Det har vore snakk om at laget er avhengige av at spissane våre Kurt og Frode scorar mål, men i dag viste me kva som bur i resten av laget - og dagens siger var framfor alt ein lagsiger av dimensjonar.

Me held pottetett bakover på bana der Kim Andre skal ha all den skryt han kan få for å geleida troppane heile kampen igjennom. Defansivt på midten spelar Emil betre enn han nokon gong har gjort, og framover på bana går ting av seg sjølv.

Fallhøgda er sikkert stor no, men dette var ein framifrå kveld for Veitastrond Fotball, og nett no er det det som betyr noko for oss.

Det som kunne ha vorte ein knokkelkamp var ein fairspelande kamp utan dramatiske hendingar. Dagens dommar Øyvind Johan Grindheim var eit nytt bekjentskap for oss, og han losa igjennom laga på ein fornuftig og god måte ;) Me takkar for kampen, og ynskjer Syril lukke til vidare i sesongen.

VIL-STJERNA 

Blir kanskje feil å trekka fram enkeltspelarar i ein kamp der me er så gode kollektivt, men tradisjon tru lyt nokon likevel framhevast. I dag var det hafslobøgding og VIL-fan Tom Dyrdal som fekk oppdraget, og blant mange som imponerte trakk han fram følgande;

óóó Helge Skjælaaen
óó Kurt Heggestad
ó

Åsmund Øgar

 

Kampfakta;

Veitastrond - Syril 6-0 (1-0)

VIL; Even - Øivind, Kenneth, Kim Andre, Øyvind - Gøran (Bjørn), Helge (Richard), Emil, Åsmund - Frode (Gaute), Kurt (Erlend S)

Ubenytta reservar; Erlend H, Geir, Øystein og Arne.

1-0 Helge (str)

2-0 Kurt (Åsmund)

3-0 Kenneth (Kurt)

4-0 Åsmund (Helge)

5-0 Helge (Kurt)

6-0 Øyvind (str)

Gule kort; Kim Andre og Emil på VIL, 1-2 på Syril

Dommar; Øyvind Johan Grindheim (god)

Kanskje kjem det bilder frå kampen, kanskje ikkje....

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com