Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Eikefjord - Veitastrond

Etter ein fenomenal start på årets sesong så kom VIL-fotball seg ned på jorda med eit brak i den 4.serierunden. Borte mot Eikefjord vart Veitastrond eit nummer for små og det var ingenting å seia på at heimelaget vann kampen 2-1. Kampen bar preg av to lag som jobba bra defansivt og det vart i det heile lite sjansar og eit langt gjesp av ein fotballkamp. For Veitastrond sin del er det berre å gløyma dette snarast mogleg, og heller sjå framover mot neste kamp.

No er det kanskje nokon som forventar seg eit fela langt kampreferat. Til dei som ventar på dette kan me berre sei at det ikkje vert fela aktuelt.

Me fulgte denne kampen live, og for å sjå kva som skjedde undervegs anbefalar me å lesa HER

For å ta det kort;

1.omgang var den mest sjansefattige omgangen i denne sjansefattige kampen, og det seier vel sitt. Veitastrond hadde knapt ein sjanse, men tidleg i kampen vart Kurt avblåst når han var igjennom og dette var noko tvilsamt spør du oss. For å holda oss til dommaren (noko me brukar å gjera når me tapar...) så ga han Helge gult for filming utanfor 16-meteren etter at han vart meia ned av ein Eikefjord spelar, feil avgjersle.

Eikefjord hadde heller ikkje så mykje å by på før pause, men var nær ein gong då Erlend meir eller mindre redda på streken.

Etter kvilen vart det litt meir action.

58 minutt var spelt når Bjørn spelte fram til Frode som scora sikkert åleine med keeper.

Diverre haldt ikkje leiinga lenga, og Eikefjord utlikna berre minuttar seinare.

Det såg lenge ut til å enda 1-1, men 5 minutt før slutt scora Eikefjord igjen og dette avgjorde kampen. Veitastrond var aldri særleg nær å ta att dette forspranget.

Konklusjon i dag er vel at dette vart eit slags antiklimaks etter ein kjempekamp mot Syril og ei påfølgande god treningsveke. Kanskje hadde spelarane for stor tru på eigne ferdigheter, eller så var det berre ein dårleg dag på jobben. Defansivt gjorde me ein brukbar kamp, men offansivt vart det tannlaust og me fekk aldri noko rytme i spelet vårt.

Som sagt så er det berre å skriva punktum, og byrja på neste setning som forhåpentlegvis vil lyda noko slikt som; "Veitastrond laga hakkemat av Lærdal..."

Dagens motstandar Eikefjord var eit nytt bekjentskap, og dei imponerte oss på mange måtar. Heilt klart det beste laget me har møtt så langt, og eit lag som ganske sikkert vil vera med å kjempa om ein plass på øvre halvdel. Det var ingenting å seia på at dei vann denne kampen, og me takkar for ein fairspelt fotballkamp og ynskjer Eikefjord lukke til vidare med sesongen.

VIL-STJERNA

Kay Roar Hellebøe fekk i dag æra av å dela ut VIL-stjernene. Mannen som kan bli vår nye spelar ga i dag stjerner til følgande;

óóó Kenneth Mo
óó Bjørn Molland
ó

Frode Kvam

 

Kampfakta;

Eikefjord - Veitastrond 2-1 (0-0)

VIL; Gøran - Øivind (Erlend H), Kenneth, Erlend S, Øyvind - Bjørn (Gaute), Emil, Helge, Åsmund - Frode, Kurt

Ubenytta reservar; Øystein

0-1 Frode (Bjørn)

1-1 x

2-1 x

Gule kort; Åsmund og Helge på VIL, muligens nokon på Eikefjord.

Dommar; Ståle Sandal (var noko pirken)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com