Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Lærdal 2-3

Det vart diverre tap for Veitastrond i årets fyrste kamp på Leikvoll Stadion. Det såg så bra ut etter ca ein halvtime når VIL leia kampen 2-0 og Lærdal akkurat hadde brent eit straffespark. Lærdølene kjempa seg etterkvart attende i kampen, og dei klarde altså å snu 2-0 til 2-3. Med vårt andre tap på rad så har den fantastiske starten på årets sesong tona seg ned til ein passeleg god start på årets sesong. I dag var det for lite trøkk og vinnarvilje i VIL spelarane, og då vart det ei mager trøyst at godt over 100 tilskodarar møtte opp og såg kampen.

Veitastrond starta med samme lag som me hadde antyda her på Veitastrond.com. Både Kim Andre og Kenneth meldte seg klare til kamp, og me kunne dermed mønstra eit slagkraftigt mannskap.

Veitastrond tok kommandoen frå start og etter berre 20 sekund kom vår fyrste sjanse når Frode kjempa seg fri inne i boksen, men avslutninga med tåa gjekk like utanfor.

2 minutt spelt når me får kampens fyrste mål. Emil slår frispark 5 meter inn på Lærdal sine banehalvdel på bakerste til Bjørn. Han tek ned ballen og bankar den i nærmaste kryss frå ca 8 meter og dermed 1-0 til Veitastrond. Ei flott scoring av Bjørn.

Det lukta straffe etter 6 minutt når Kurt vart lagt i bakken, men dagens dommar sa nei. I staden ga han Kurt gult kort for kjeftbruk. Etter vårt syn totalt på tryne å gje gult kort for ein spontan reaksjon som dette så tidleg i kampen.

Etter scoringa til Veitastrond skjedde det ikkje all verda i kampen før det var spelt 26 minutt. Veitastrond får frispark på spissen av 16-meteren. Åsmund slår lågt inn i feltet og der inne ventar Frode som breisidar ballen i mål til 2-0.

4 minutt etter er det Lærdal som er i angrep. Eit frispark vert slått inn i boksen og etter nokre duellar dømmer dommaren straffe grunna dytt i rygg av Geir. Dette var av den billege sorten og i allefall ikkje noko meir straffe enn då Kurt vart dytta i boksen tidlegare i omgangen. Straffen vart slått hardt ned til venstre for keeper, men som ein apekatt som slenger seg frå toppen av eit tre, så var Even nede og redda meisterleg til stor jubel frå heimepublikumet.

Det såg så bra ut på dette tidspunktet. Med 2-0 leiing og strafferedning ante me at dette var dagen då det gjekk vår veg, men diverre skulle dette visa seg å vera feil. 2-0 er å blir ei farleg leiing, og det verka som spelarane på dette tidspunktet innbilte seg at dette skulle gå leikande lett.

Lærdal hadde ikkje tenkt å gje seg på nokon som helst måte, og etter 32 minutt kom deira fyrste redusering. Geir har ballen nede på dølinja, blir dytta i ryggen men får ikkje frispark. Lærdal tek ballen legg knallhardt inn i feltet der Øivind er uheldig og set ballen i eige mål frå ca 2 meter. 2-1 og dermed ny spaning i kampen.

Frå verre til verst 6 minutt seinare. Lærdal kjem åleine med keeper, men Even reddar meisterleg. Diverre går returen ut til Lærdal sin høgrekant som slår inn i boksen der lærdølene vinn i luftrommet og får stanga ballen i mål til 2-2. På 6 minutt rota me bort ei 2-0 leiing og plutseleg var det bortelaget som hadde initiativet i kampen.

42 minutt og Veitastrond er nær å ta tilbake leiinga. Åsmund tar frispark frå ca 18 meter, og curlar denne nydeleg mot mål men diverre treff den tverrliggaren. Returen havnar hjå Frode som utfører eit slags brassespark, men også denne treff tverren og går ut. Synd...

43 minutt; Kenneth får gult kort etter ei stempling der lærdølen skreik som om hass siste time var kommen.

1 minutt på overtid får Bjørn ein fin sjanse når han kjem skrått åleine mot keeper, men diverre så sklir ballen av foten til Bjørn og den går utanfor.

Laga gjekk til pause på stillinga 2-2. Veitastrond fekk ein fin start på omgangen, men etterkvart så tok Lærdal over og 2-2 var eit greit resultat sett utifrå kampbilde. VIL var altfor dårleg i duellspelet, og Lærdal vann omtrent 90% av alle hovudduellar på midten.

2.omgang skulle visa seg å bli ein langt mindre begivenhetsrik omgang enn den 1. Kampen vart prega av endå meir duellar og stillingskrig på midten.

Veitastrond sleit med å komma til dei store sjansane, men innleiingsvis så tråkla Frode seg igjennom Lærdal muren nokre gonger, men det svikta når den siste finishen skulle settast.

65 minutt er spelt når kampen blir avgjort. Lærdal spelar fram frå midtbaneposisjon og eit slapt VIL-forsvar let ballen gå heilt igjennom til Lærdal sin spiss. Han tek med seg ballen mot keeper, lobbar elegant over Even og ballen trillar inn i mål til 2-3.

66 minutt; Arne kjem inn for Kurt. Sistnevnte som vanlegvis er blant våre mest toneangivande spelarar hadde ingen god dag på jobben, og ga uttrykk for at han var sliten allereie før kampen...

Kjempesjanse til Lærdal etter 70 minutt. Eit frispark vert slått inn i boksen der dei headar knallhardt på innsida av stolpen, og ballen sprett inn i armane til Even som utruleg nok får kontroll på ballen.

72 minutt; Frank kjem inn for Kenneth.

75 minutt og det er framleis Lærdal som skapar sjansane. Denne gongen kjem dei seg inn i boksen, Geir taklar knallhardt og dommaren dømmer ny straffe. Er på ballen der Geir, men tek og mann og då er det greit at det vert straffe. Nok ein gong vert straffen slått til side for keeper, denne gongen til høgre. Nok ein gong er Even med på notane og reddar meisterleg igjen både straffen og den påfølgande returen. Herleg keeperspel av vår klart beste spelar for dagen Even Kvam.

77 minutt; Richard kjem inn for Øivind.

Veitastrond prøvde å setta trykk på Lærdal siste kvarteret og me spelte med 3 spissar på slutten. Sjølv om me klarde å trua Lærdal litt så makta me ikkje å skapa dei heilt store sjansane.

Heilt på slutten flytta me opp samtlege 11 mann når me hadde corner, men heller ikkje her klarde me å få til noko. I staden kontra Lærdal mot ope mål, men takka vera dagens løp frå Emil så klarde han å ta att lærdølen og hindra at han kom seg åleine igjennom.

Diverre så ebba dette etterkvart ut i det store ingenting for Veitastrond, og då dommaren blas av kampen stod det 2-3 til Lærdal.

Lærdal vann denne kampen fortent. Kampen var prega av mykje duellspel og i denne fasen av spelet var lærdølene klart best. Det såg til tider ut som at det var Lærdal som hadde årets fyrste heimekamp og verkeleg ville vinna framfor publikumet sitt.

Etter ein god fyrste halvtime vart det noko fantasilaust over det Veitastrond føretok seg seg. Det vart for daft rett og slett, og då vinn ein sjeldan fotballkampar som dette. Til neste kamp lyt spelarane gå i seg sjølv og spørja seg om dei verkeleg har lyst å vinna og vera villege til å blø for drakta.

Midt opp i skuffelsen av å tapa gledar me oss over at det nok ein gong var fullt hus når me spelar heimekamp. Til trass for ein kamp som ikkje går inn i historiebøkene som "kampen", så kosa tilskodarane seg i sosialt samvære og meska seg med det som kiosken hadde å by på. Ein stor takk til dei som var med å bidrog utanfor bana.

Me takkar Lærdal for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare i kampen om opprykk til 3.divisjon.

VIL-STJERNA

I dag slepp me ungdommen til, og det er Karl Jomar Bruheim som får dela ut stjernene. Karl Jomar har trent ein del med VIL i vinter, og vert muligens Veitastrondspelar allereie denne sesongen. I dag var han mest imponert over følgande;

óóó Even Kvam
óó Emil Heggestad
ó

Åsmund Øgar

 

Kampfakta;

Veitastrond - Lærdal 2-3 (2-2)

VIL; Even - Øivind (Richard), Geir, Kim Andre, Kenneth (Frank) - Bjørn, Emil, Helge, Åsmund - Frode, Kurt (Arne)

Ubenytta reservar; Gaute

1-0 Bjørn (Emil)

2-0 Frode (Åsmund)

2-1 sjølvmål

2-2 x

2-3 x

Gule kort; Kenneth, Øivind og Kurt på VIL, muligens nokon på Lærdal.

Dommar; Per Olav Erikstad

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com