Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Årdal 2 - Veitastrond 5-4

I ein thriller av ein fotballkamp så tapte Veitastrond i går 5-4 borte mot Årdal 2. Heimelaget leia kampen med både 3-0 og 4-2, men VIL kjempa seg tilbake og utlikna til 4-4 like før slutt. Diverre så fekk me eit mål i mot på slutten, og dermed vart det 0 poeng i vår offisielle kamp nummer 100. Heilt klart ein gedigen skuffelse å reisa tomhendte heim etter ein framifrå snuoperasjon, men samstundes kan ein ikkje forventa all verda når ein får 5 mål i mot. Ein kamp me kan ta med oss mykje godt angrepsspel frå og ta lærdom av dei defansive feile me gjorde undervegs. Men mest av alt ei tap som var så surt at ein i vilt raseri hadde mest lyst å spenna i kras heile barneskulen på Tangen etter kampen...

Ei endring på laget me oppga før kampen. Geir kom inn i midtforsvaret for Kenneth som var sjuk.

Veitastrond hadde som mål å gå offansivt ut til denne kampen. Planen var å stå høgt i ein 4-3-3 formasjon og skremma livskiten ut av årdølene frå fyrste spark på ballen. Dette klarde me og til ein viss grad, men diverre så haldt me berre oppe trykket i dei fyrste 4 minutta av 1.omgangen. I denne perioden skapte me ein god sjanse då Frode heada ein corner frå Helge i krysstanga og ut av spel...

Deretter handla den neste halvtimen stort sett om Årdal 2. Veitastrond framstod i denne perioden som tafatt og fantasilaust, og me lot heimelaget få alt for mykje rom framover med sine gode spissar.

Etter 5 minutt får dei sin fyrste store sjanse. Ein årdøl tråklar seg igjennom i det som luktar både offside og ser ut som hands, men dommaren let spelet gå. Spelaren deira rundar vår keeper Even, men avslutninga frå skrått hald på ope mål går utruleg nok i stolpen. Samme årdøl var på farten igjen berre minuttar etter, og nok ein gong runda han keeper, men denne gong gjekk avslutninga til side for mål.

10 minutt er spelt når Årdal 2 scorar kampens fyrste mål. Eit dårleg utspel frå Even vert snappa opp i midtsirkelen av heimelaget, som slår ein pasning igjennom til spissen som scorar enkelt åleine med keeper og dermed 1-0 og hura bura på Cuba.

Berre minuttar seinare kjem Årdal 2 igjen. Eit innlegg frå høgre landar på foten til den gamle ringreven Morten Brandsdal, og når han får tid og rom til å ta ned ballen, dempa og skyta på 5 meter så veit alle korleis det endar. 2-0 til Årdal 2, etter alt for lite aggresivt svosespel av Veitastrond.

Årdal 2 haldt fram med å vera det beste laget. Brandsdal som tanksenter med ein kvikk spiss på kvar si side av seg var effektivt og forsvaret vårt sleit med å halda følgje.

3-0 til Årdal 2 kom etter 29 minutt på dagens flottaste scoring. Brandsdal fekk ballen på ca 18 meter, vende om og lobba arrogant over Even som stod på 4-5 meter og dermed 3 målsleiing. Kan seia at det var dårleg press på ballførar her, men lyt og gje honnør til Bransdal for eit kremmarhus av ei avslutning.

No er det slik at å ligga under 3-0 sjeldan er ein trussel for Veitastrond. Me veit at me kan scora 3 mål på sekundet om me kjem i flyten, og det var nettopp dennr flyten me kom inn i etter at Årdal 2 scora sitt 3.mål.

32 minutt og Kurt viser seg fram på Cuba. Han rundar ein 2-3 mann før han avsluttar knallhardt frå 18 meter. Skotet hadde fin retning, men på vegen traff det Frode i ryggen så ballen skifta lei og den dalte i mål bak ein utspelt keeper. Årets heldigaste mål av Frode og 3-1.

Ikkje lenge etter kjem VIL på ny. Bjørn spelar nydeleg igjennom til Frode som gjer alt rett åleine med keeper, og ny redusering til 3-2. Plutseleg er det ikkje berre lukta av tung industri som sig inn i nasaborene, men me anar og dufta av poeng...

...ei duft som forsvann relativt kjapt når Årdal 2 kontra inn 4-2 etter 42 minutt. Nok ein gong Brandsdal som stod inne i boksen og tuppa den inn.

Heilt på tampen hadde begge lag gode sjansar til å scora, men 1.omgang ebba ut til 4-2 til Årdal 2. Ein forrykande omgang på Cuba der begge lag hadde sin periode, men med stor Årdal dominans fyrste halvtimen så leia dei fortent. Veitastrond meldte seg ikkje på i denne kampen før Årdal 2 hadde scora 3 mål, og då har ein eit dårleg utgangspunkt for resten av matchen.

I 2.omgang så var det Veitastrond som tok kommandoen frå start og var det beste laget sett under eitt. Etter kvilen så byrja referenten vår å varma opp på sidelinja slik at detaljane diverre uteblir frå denne perioden i kampen...

65 minutt er spelt når Veitastrond angrip inne i boksen. Etter mykje klabb og babb så dømmer dommaren straffe til Veitastrond grunna hands. No stod underteinka usedvanleg godt plassert rett bak målet til Årdal 2 i denne situasjon, og me kan bekrefta at dette var straffe (på motsatt side av bana hadde nok denne derimot vore meget tvilsam...) Straffen tok Helge Skjælaaen, som i sin siste kamp for Veitastrond sendte keeper til venstre og ballen til høgre og dermed 4-3 og sitrande spaning på Tangen, veit.

75 minutt er spelt når Kurt dreg seg fri på venstrekanten, kjem inn i boksen og kjempar seg ned til dølinja. I det han skal slå inn vert han takla kontant av ein Årdal 2 spelar som tek både ball og mann, og Kurt vert liggande nede og må bytast ut. Inn for han kjem Richard, og Veitastrond legg om til 4-4-2.

80 minutt og Veitastrond kjem framover på ny. Etter ein corner er det mykje klabb og babb og ballen dalar til slutt ned på 5 meter der Kim Andre plutseleg står heilt åleine. Han headar ballen sikkert i mål og Veitastrond har klart kunststykket å komma tilbake og resultatet er no 4-4.

Som så mange gonger før så klarde me trass i ein fabelaktig opphenting å rota det til igjen. Årdal 2 vinn ballen på midten, spelar igjennom til ein av Årdal 2 sine raske spissar. Han lobbar ballen elegant over ein utrusande Even, og dermed 5-4 til Årdal 2.

Men kampen var ikkje slutt heilt riktig ennå. Berre minuttet etterpå vert Åsmund spelt fram på venstre for Veitastrond. Han kjempar seg inn i boksen, men med ein 2-3 årdøler bak seg går han overende. Me såg ikkje om det var kontakt mellom årdølene og Åsmund, men for å sei det; Åsmund var så og seia heilt igjennom og me har vanskeleg for å tru at han datt av seg sjølv...

1 minutt på overtid og me får kampens mest dramatiske situasjon. Veitastrond har corner, og nok ein gong er det mykje fram og tilbake i boksen. Ballen trillar mot Årdal sitt mål og det ser ut som at keeperen deira skal ta ballen. Rett framfor han så snappar Richard ballen, han sentrar til Frode som har ope mål frå 3 meter. Frode sender ballen mot buret, og i det samtlege på stadion trur den skal gå i mål så kjem ein årdøl og reddar på streken. Det burde rett og slett ikkje vera lov...

Veitastrond pressa på mot tampen, men det vart med nokre cornerar som enda i ingenting. Då dommaren blas av kampen stod det 5-4 i favør Årdal 2.

Slik som kampen utarta seg så var det usedvanleg bittert å reisa heim med 0 poeng. Vårt tredje 1-måls tap på rad, og det er klart at det har vore vela mykje marginar i mot den siste tida.

I dag var me alt for dårlege bakover på bana. Me skulle ha fokus på duellspel og vera med frå start av, men i byrjinga såg det ut som at fokuset var å la Årdal 2 få gjera som dei ville. Det kom seg utover i kampen, og i 2.omgang er VIL det beste laget utpå bana. Me tykkjer nok at innsatsen hadde fortent noko betre enn ein gammal seig rockelåt frå 60-talet som jamra utover Cuba stadion ved kampslutt.

Som det heiter seg så pent så lyt me berre gløyma dette no og sjå framover mot neste kamp mot Kaupanger på laurdag. Då skal me jaggu visa dei.

Me takkar Årdal 2 for ein underhaldande og god fotballkamp, og ynskjer dei lykke til vidare med årets sesong.

VIL-STJERNA

Som vanleg er det utflytta strending og no øvringen Lars Arne Nes som får dela ut stjerner når me er på Tangen. Han var nok litt meir nøgd med innsatsen i år, enn då me tapte 2-7 i fjor. Stjernene går til;

óóó Frode Kvam
óó Kurt Heggestad
ó

Kim Andre Navarsete

 

Kampfakta;

Årdal 2 - Veitastrond 5-4 (4-2)

1-0 x

2-0 Morten Brandsdal

3-0 Morten Brandsdal

3-1 Frode (Kurt)

3-2 Frode (Bjørn)

4-2 Morten Brandsdal

4-3 Helge str.

4-4 Kim Andre

5-4 x

Gule kort; 1 på Årdal 2

Dommar; Yngve Håkonsen

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com