Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Kaupanger 0-2

Det vart diverre eit nytt tap på Veitastrond då Kaupanger i dag vann 2-0 på Leikvoll Stadion. I ein tam og sjansefattig kamp så var bortelaget jamt over det beste laget og tok til slutt ein fortent siger. Veitastrond har ikkje marginane med seg om dagen og me har no komme oss i ei keisam tapsbølge som me ikkje heilt veit å komma oss ut av. Omlag 150 tilskodarar fekk sjå eit Veitastrond lag som for fyrste gong i historia gjekk av bana etter 90 minutt på Leikvoll utan å ha scora mål. Sist kamp me ikkje klarde å scora var 12.juni 2007 borte mot Hafslo. Me braut altså ein barriere i dag, som me fint hadde klart oss utan å bryta.

Under oppvarming så fekk Erlend ein kink i ryggen, og Øivind starta som høgreback for han.

Dagens kamp var ikkje så fela innhaldsrik at det gjorde noko. Lite sjansar gjorde til at publikumet innimellom var att å duppa av ned i rømmagrauten sin. Det positive med dette er at me slepp å skriva noko langt referat.

Det skjedde lite framfor dei to måla dei fyrste 10 minutta, men så ut av ingenting så scora Kaupanger 0-1. Ein kaupsing vann ballen på 20 meter, vendte om og plasserte ballen vakkert klink i krysset bak ein sjanselaus Even. Ei rikitg så flott scoring var det...

Berre minuttar etterpå fekk Kaupanger ein kjempesjanse til. Ei dårleg avklaring frå vårt forsvar endå hjå ein motspelar, men frå 16 meter gjekk skotet i ein VIL spelar og ut til corner. Den vart det ingenting av.

Resten av omgangen bar preg av mykje lange ballar, duellering og feil pasning. Faktisk har me ikkje notert ein sjanse før det var spelt i 40 minutt. Ei flott innlegg frå Kurt havna på bakerste hjå Arne, men diverre fekk han ikkje klem på headinga si.

Etter 44 minutt og 20 sekund (etter vår klokke) blas dommaren av til pause.

Spele- og underhaldningsmessigt ein dårleg 1.omgang. Veitastrond var for upresise i pasningspelet, og det vart skapt lite sjansar. Positive var at motstandaren heller ikkje klarde å skapa all verda.

Veitastrond byrja 2.omgangen best og kom seg til eit par halvsjansar innleiingsvis, men diverre så svikta det i avslutningsaugneblinka.

60 minutt; Richard kjem inn for Arne.

63 minutt; Kaupanger har corner, og på bakerste står ein umarkert KIL spelar og styrer ballen mellom beina på keeper og i mål. Dermed 0-2 til grøntrøyene.

Berre minuttar etterpå fekk Richard ein god sjanse etter at Kurt heada ballen ned til han inne i boksen, men diverre gjekk skotet til side for mål.

75 minutt; Frank kjem inn for Øyvind.

Mot slutten av kampen prøvde Veitastrond å setta trykk på Kaupanger, men me lukkast diverre ikkje med dette. Dei heilt store sjansane uteblei, og Kaupanger var nok nærmare 3-0 enn me var redusering.

I sluttminutta var det tendensar til ampert på Leikvoll. Fyrst når Emil fekk eit billeg gult kort etter ein duell, og like etterpå lei Frank samme skjebne. Skal seiast at det gule kortet som Frank pådrog seg var så soleklart som det overhovudet går an å bli, takling bakifrå og tok mann i staden for ball.

Det lakka og lei og då dommaren blas av etter 90 minutt stod det diverre 0-2 til Kaupanger.

Veitastrond klarde aldri å bryta igjennom forsvarsmuren til Kaupanger, og me føler kanskje at me i dag tapte for eit betre lag. KIL var betre organisert, sprang meir og dei vinn kampen fortent. Likevel skal det seiast at dei ikkje skapte all verda dei heller, og med litt meir maringar i enkelte situasjonar kunne det nok ha vorte annleis.

Sjølvsagt surt å gå av Leikvoll utan å ha scora for fyrste gong, men ein gong måtte vel bli den fyrste.

Det positvie i dag vart nok ein gong at så mange finn vegen til Leikvoll for å sjå kampane våre, og me vonar at det som kiosken hadde å tilby fall i smak. Sjølv om det var folksamt trur me nok det hadde vore endå fleire om kampen hadde gått på søndag. I dag så kræsja det i tillegg med kamp for damelaget tilKaupanger.

Me takkar Kaupanger for kampen og ynskjer dei lukke til vidare med sesongen.

VIL-STJERNA

Herr Bjørn Skovly fekk i dag æra av å dela ut stjernene. Mannen borte på Odden valgte følgande;

óóó Åsmund Øgar
óó Kurt Heggestad
ó

Kenneth Mo

 

Kampfakta;

Veitastrond - Kaupanger 0-2 (0-1)

VIL; Even - Øivind, Kenneth, Kim Andre, Øyvind (Frank) - Bjørn, Emil, Åsmund - Arne (Richard), Frode, Kurt

Ubenytta reservar; Geir, Gaute, Øystein og Erlend H (skada)

0-1 x

0-2 x

Gule kort; Emil og Frank på VIL, kanskje 1 på KIL?

Dommar; Jeiki (i dag tykkjer me at dommaren hadde god kontroll på kampen =)

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com