Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Selje - Veitastrond 1-3

Etter 4 strake nederlag vart det i dag endeleg slutt på tapsrekka, når Veitastrond på meisterleg vis vann 3-1 borte mot Selje. Meget imponerande å ta med seg alle 3 poenga heim med tanke på den dårlege formen me har vore i, samt at me i dag hadde mange av våre sentrale spelarar ute. Veitastrond framstod i dag som eit lag, og gjennomførte framfor alt ein meget god taktisk kamp. Trenarduoen hadde planane klare på førehand, og det er kjekt å få til dette i praksis. Dagen i dag var ein flott ein for Veitastrond Fotball.

Laget som starta var det samme som me annonserte i gjesteboka i går. Me fekk diverre ikkje tid til å skriva noko Før Kampen i går, men me håpar at våre brukarar vil tilgje oss for dette.

Veitastrond gjekk tilbake til sin 4-4-2 formasjon, etter å ha eksprimentert med 4-3-3 i dei føregåande kampane. Me gjekk defansivt ut, og medan målet var å halda tett bakover så satsa me i stor grad på at Kurt og Frode skulle gjera jobben heilt framme.

Noko detaljert referat vert det diverre ikkje i dag, men me får ta med det me hugsar.

I 1.omgang var Veitastrond det klart beste laget og til tider så spelte me ut heimelaget Selje. Me turte å ta ned ballen og spela langs bakken, og det er ei kjendt sak at dette er noko Veitastrond er gode på når dei vågar. Me hadde ballen mest og kom til dei fleste sjansane.

Veitastrond tok leiinga i kampen ca midtveges av 1.omgang. Kurt drog seg fri på venstre og skaut, keeperen ga retur som Frode var fyrst på og han la ballen tilbake til Åsmund som tuppa den inn frå ca 5 meter. Å da va herle!

Me hadde som sagt god kontroll defansivt, men 1 minutt før pause fekk Selje ein kanonsjanse når dei kom åleine med keeper. Heldigvis så tok Gøran fram supermannen i seg, og redda glimrande.

Veitastrond leia 1-0 til pause. Fullt fortent etter vår meining.

I 2.omgang vart det byte på kampbildet. Selje pressa oss lengre bakover i bana, og etterkvart som tida gjekk så fekk Veitastrond meir og meir lukta av poeng. Dette førte til at me ikkje lenger turte å halda ballen så mykje i laget, og det vart mykje poling i retning av spissane våre i håp om at dei skulle utretta noko sjølve.

Etter å ha vorte avblåst for offside nokre gonger, så var det denne resepten som ga Veitastrond 2-0 etter 61 minutt. Åsmund vann ballen på midten og spelte igjennom til Kurt som kom åleine med keeper. Han gjorde ingen feil og banka den i mål til 2-0 leiing. Herle!

65 minutt; Gaute kjem inn for Arne, som diverre pådrog seg ein strekk på baksida av låret.

68 minutt; innbyttar Gaute får ballen på 50 meter ute ved sidelinja. Han prøver eit skot, men den går diverre 23 meter utanfor og 7 meter over målet til Selje. Lov å prøva seg...

Veitastrond hadde lenge kontroll på kampen, men 10 minutt før slutt så fekk Selje ei redusering. Det vart gitt retur på eit skot frå 10 meter, og etter mykje klabb og babb så fekk dei ei tå på ballen så den gjekk i mål. Dermed venta det 10 spanande minuttar mot slutten.

Selje skapte ein stor sjanse i denne perioden, men Veitastrond fekk avklart situasjon etter at det nok ein gong var flipperspel inne i vår eigen boks.

Mot slutten så konsentrerte VIL seg om å få ballen unna eiga område, og blant anna fekk Øivind kjeft av ein Selje spelar for å spela destruktiv fotball ;)

Veitastrond byrja å merka at kreftene forsvann mot slutten, og etter 90 minutt vart Åsmund liggande nede med krampe. Medan det stod 2-3 VIL-spelarar å hjalp Åsmund med å strekka ut så spurte dommar Ragnar Åmot om han ikkje var klar?... nei Ragnar, når ein spelar ligg på rygg med to føter opp i lufta grunna kramåe så er han for øyeblikket ikkje klar til å spela...

3 minutt på overtid og Selje pressar det dei har framover. Veitastrond får tak i ballen og slår kontra sporenstreks. Kurt får ballen langs venstrekanten, han slår inn til Frode som enkelt puttar ballen i mål åleine med keeper og Veitastrond kan pusta letta ut med 3-1 i sekken. Å da va definitivt HERLE!!!!

Dette var det siste som skjedde i kampen, og Veitastrond kunne dermed reisa heim med 3 særdeles smakfulle poeng i sekken.

Me hadde ein plan i dag, og denne gjennomførte me til punkt og prikke. Veitastrond låg langt nede med laget, og me tvinga Selje til å pressa høgt. Dermed fekk spissane våre rom framover, og det var stort sett farleg kvar gong Kurt og Frode fekk ballen i dag. Sentralt på midten gjorde vår nykomponerte sentrale midtbane Richard og Erlend ein god kamp som ryddegutar, og bakerst hadde Kim Andre full kontroll på sin disiplar i forsvar.

I fjor så tapte me tilsvarande kamp 5-1 etter å ha tidvis ha vorte rundspelte på deira heimebane. I dag var det sceneskifta på Selje, og me er stolte over å reisa så langt med så liten tropp og likevel vinna.

Dagens siger gjer oss eit pustrom på tabellen, og viktigaste av alt så gjer den oss tilbake trua på eigne ferdigheter. Neste kamp er mot serieleiar Saga, og etter dagens kamp så er me ikkje så sikre på om dei heilt veit kva dei går til på onsdag...

Me takkar Selje for kampen og ynskjer dei lukke til vidare. Skal seiast at kampen gjekk føre seg i ein meget hyggeleg tone, og saman med ein for dagen god dommar Ragnar Åmodt var det ein fin dag for fotball i Selje.

VIL-STJERNA

I dag er det vår suspenderte trenar Emil Heggestad som får dela ut stjerner. Han vil poengetera at dette fyrst og fremst var ein lagsiger der spearane gjorde kvarande gode ved å følga kampoppskrifta til punkt og prikke. Dei han meinte utmerka seg var;

óóó Åsmund Øgar
óó Richard Nes
ó

Erlend Hagen

Ingen fleire stjerner å dela ut, men Emil tek òg med at Gøran gjorde ein prikkfri kamp som burvoktar.

 

Kampfakta;

Selje - Veitastrond 1-3 (0-1)

VIL; Gøran - Øivind, Kenneth, Kim Andre, Øyvind - Arne (Gaute), Richard, Erlend, Åsmund - Kurt, Frode

Ubenytta reservar; Øystein

0-1 Åsmund (Frode)

0-2 Kurt (Åsmund)

1-2 x

1-3 Frode (Kurt)

Ingen kort

Dommar; Ragnar Åmodt (god)

 

Me har som vanleg ingen bilder frå kampen, men me anbefalar å sjekka ut Haugenfotball sine heimesider, der du finn mange blinkskot frå dagens kamp.

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com