Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Saga 3-0

Ei grøn og velstelt Leikvoll, sommartemperatur og kveldssol over Svardalen - ja det var utvilsamt ein fin dag for fotball på Veitastrond i går. Endå finare vart den av at heimepbulikumet endeleg fekk noko å jubla for, då VIL vann 3-0 mot sjølvaste serieleiaren Saga. For andre kamp på rad så framstår Veitastrond i ny drakt, der me er dødeleg effektive framover og pottetette bakover. Dersom VIL klarar å halda oppe dette trykket utover i sesongen trur me dette kan bli alvorleg bra etterkvart. Likevel skal me ikkje fokusera alt for mykje på det som skal komma, men heller nyta dei 3 herlige poenga me tok med oss mot Saga i går.

Veitastrond starta med dei 11 me annonserte i Før Kampen. Erlend H måtte imidlertid kasta inn handkledet grunna ein skade, og dermed fekk han ikkje speletid i det som ville ha vorte hass siste kamp for Veitastrond.

Det var heimelaget som kom best i gang på Leikvoll. Etter berre 3 minutt så gjer Saga ein feil i dei bakre rekker, Frode snappar opp ballen og skyt ballen forbi keeper og i mål til 1-0.

Etter 1-0 målet heldt VIL fram med å skapa sjansar, og Frode er åleine igjennom mot keeper 2 gonger til før det er spelt 20 minutt. Diverre så hadde ikkje Frode stilt inn sikte slik han brukar og keeper redda begge forsøka.

Det siste forsøket til Frode ga Veitastrond corner. Denne vart slått innoverskrudd av Kurt, og inne i boksen på 5 meter raga kaptein Kim Andre høgaste og han stanga inn 2-0. Dermed leia VIL 2-0 før Saga hadde fått summa seg til å komma til ein einaste målsjanse.

Siste halvdel av 1.omgang kom Saga meir med i spelet og dei kom seg etterkvart til nokre gode sjansar. Fyrst så redda Even meisterleg eit skot frå 10 meter, før Saga sitt fyrtårn på topp heada over på corner.

Resten av omgangen bar preg av eit Saga lag som prøvde å spela seg igjennom eit Veitastrond lag som låg kompakt og forsvarte seg etter alle kunstens reglar. Når VIL vann til seg ballen bar det rett i angrep der Åsmund, Kurt og Frode var ein konstant trussel for motstandaren sitt forsvar.

2-0 haldt seg inn til pause, og Veitastrond må seia seg godt nøgde med denne omgangen. Me er gode framover på bana og på ein normal dag hadde Frode scora hattrick i 1.omgang. Bakover forsvarar me oss godt, og spelar akkurat så kynisk som me skal for å hindra at Saga klarar å skapa noko særleg trykk på oss.

I pausa gjekk Kenneth ut grunna at han skulle på jobb. Bjørn kom inn for han, og han tok plass på sentral midtbane medan Richard gjekk ned som stoppar. Eit avtalt byte...

2.omgange byrja så bra som den kunne for Veitastrond. Eit frispark på vår høgreside vert slått hardt inn i feltet. Der dukkar Åsmund opp som headar ballen kontant i stolpen og inn i målet til 3-0 og stemning er no elektrisk på Leikvoll.

Resten av 2.omgangen vart mykje lik slutten på den 1. Saga prøvde febrilsk å tre seg igjennom VIL forsvaret utan å lykkast noko særleg med dette, medan Veitastrond var farlege på sine overgangar.

Vårt kjære heimepublikum jubla hemningslaust etter 60 minutt, heilt til dei oppdaga at innlegget til Kurt gjekk bak mål og ikkje i mål...

Saga sin store spiss fekk eit par gode sjansar undervegs. Fyrst når han kom åleine med keeper, men lobba over mål og deretter når han heada utanfor frå 5 meter.

70 minutt; Geir kjem inn for Øivind.

72 minutt; Bjørn får dagens einaste gule kort for heimelag etter ein takling på midtbana.

76 minutt; Even kolliderar med Saga sin spiss og vert liggande nede med ein skade i hovudet. Når ein tenkjer over det så er det ganske utruleg at ein som har ei slik heddna som Even i det heile teke kan slå seg i hovudet, men så gjekk det heller ikkje så lenge før han var oppe igjen.

80 minutt; Gaute kjem inn for Gøran.

Etter 82 minutt får Saga straffe etter at Geir er for tøff i ein duell inne i feltet. Straffesparket vert tatt av Saga sin innbyttar, men for 3.gang av 3 moglege straffar i mot oss på Leikvoll i år så vert det bom bom ba dilla leif og skotet går utanfor mål.

85 minutt; Erlend kjem inn for Richard. Ikkje så mykje tid å visa seg fram for Erlend, men i sin fyrste duell så vert han den fyrste spelaren på Veitastrond som vann ein rein hovuddell med Saga sin store spiss. Ein klasse for seg sjølv i duellspelet der mr. Sando.

Ikkje så mykje meir å melda om mot slutten av kampen. Nokre halvsjansar til begge lag, men det heile ebba etterkvart ut til ein flott 3-0 siger til Veitastrond.

Som mot Selje så var dette ein taktisk godt gjennomført kamp av Veitastrond. Me forsvarar oss klokt og gjer det vanskeleg for Saga å komma til sjansar. Framover på bana får spissane våre mykje rom å boltra seg i, og då er Kurt og Frode eit angrep i seg sjølv og resten av laget slepp å fokusera så mykje på den biten.

Dette er fyrst og fremst ein flott lagsiger, men dersom me i Veitastrond.com skal trekka fram nokon må det vera Kim Andre Navarsete. Vår kaptein er 100% sjef i vårt forsvar og er den hærføraren som ein god kaptein skal vera. Spelar prikkfritt sjølv og motiverar og dirigerar sine medspelarar til å gjera det samme. Ein stort pluss i margen til Kimmy frå oss...

3-0 er eit imponerande resultat uansett motstandar, og spesielt når det er mot serieleiaren. Sist gong me vann med tilsvarande siffer var når ein annan seireleiar var på vitjing, nemleg Dale i fjor. Det vil seia at me har komme inn i ein fin trend der me alltid vinn med 3-0 når det kjem ein serieleiar til  Leikvoll. Me veit sjølvsagt i dag at Saga ikkje kom med alle sine beste spelarar, men dette overskyggar ikkje den herlege kjensla me har etter denne kampen.

Me takkar Saga for kampen og ynskjer dei lukke til vidare i kampen om opprykk.

VIL-STJERNA

Sidan Erlend Hagen ikkje fekk spela i dag så fekk han dela ut stjerner som eit plaster på såret. Han vil påpeika at dette var ein lagsiger, men etter å ha tenkt seg om så fall valget på følgande;

óóó Kurt Heggestad
óó Kim Andre Navarsete
ó

Frode Kvam

 

Kampfakta;

Veitastrond - Saga 3-0 (2-0)

VIL; Even - Øivind (Geir), Kenneth (Bjørn), Kim Andre, Øyvind - Gøran (Gaute), Richard (Erlend), Emil, Åsmund - Frode, Kurt.

Ubenytta reservar; Frank

1-0 Frode

2-0 Kim Andre (Kurt)

3-0 Åsmund (Kurt)

Gule kort; Bjørn på VIL, 3 på Saga.

Dommar; Øyvind Grindheim (god)

Me anbefalar å ta ein tur på Saga sine heimesider. Der kan du lesa ei live-oppdatering frå kampen (som var særs nyttig når me skulle skriva referatet...takk for det), og etterkvart referat frå kampen...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com