Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Førde 2 - Veitastrond 8-0

Veitastrond fekk så hatten passa og vel så det, då laget i dag reiste til Førde by og tapte heile 8-0 mot Førde 2. Kampen var prega av at heimelaget var forsterka med heile 7 spelarar frå fyrstelaget, medan VIL stilte med eit redusert mannskap der me berre hadde 11 spelarar tilgjengeleg. Kort fortalt så var Førde 2 best i alt og rundspelte oss i samtlege 90 minutt, og påført VIL-fotball sitt største tap nokon sinne (saman med 1-9 mot Hafslo i 2007...) Ikkje så mykje å dvela over dette tapet og no ser me fram til neste kamp som kjem på søndag heime mot Askvoll/Holmedal - forhåpentlegvis vil det ikkje vera fullt så skeive lag då.

Veitastrond reiste oppover med berre 12 mann etter at Øystein og Kim Andre ikkje kunne vera med. Verre vart det at Emil fekk ein strekk på baksida av leggen under oppvarming og plutseleg hadde me berre 11 mann klare til kamp. Med dette som utgangspunkt, samstundes som me såg laget som Førde stilte med så var det som at alt håp gjekk ut av Veitastrond før kampen i det heile var starta. Ein ting er å ikkje ha ferdighetane på plass, men når ein heller ikkje har trua på at det kan gå vegen så vert det tungt.

Førde kom best i gang og det var berre eit spørsmål om tid før dei skulle scora sitt fyrste mål. Riktignok så haldt me fortet lenge inntil det var spelt 25 minutt og det fyrste målet kom, og derifrå og ut gjorde dei som dei ville.

Til pause stod det 4-0 etter eit sjølvmål av Erlend, straffescoring, soloraid frå Steinar Tenden og ytterlegare eit mål som me ikkje hugsar i farten.

I 2.omgang la VIL seg ned i ein 4-5-1 formasjon, og me vart enige om å ikkje tenka resultat men ta det som eit ledd i treninga.

Me kan vel heller ikkje seia at me tok Førde sitt mannskap på kondisen, og dei scora 4 mål etter pause og. Eit av måla kom på straffe.

Veitastrond hadde ein skikkeleg sjanse i kampen då Frode kom åleine med keeper, men frå skrått hald klarde han ikkje å overlista deira sisteskanse.

8-0 var vel eit greit resultat sett utifrå spel og sjansar og det gjer eit korrekt bilde av denne kampen. Veitastrond var rett og slett sjanselause...

På slike dagar kan ein sjølvsagt ta opp debatten om bruken av 2.lag, og det er klart at Veitastrond møtte eit heilt anna lag enn det Førde 2 har stilt med før i år. Likevel vil ikkje me bruka tid på å ergra oss over dette, og Førde er i sin fulle rett til å stilla med det laget dei vil. Av og til blir det slik at dei kan stilla med eit så godt lag som dei gjorde i dag, og diverre var det me som fekk lida for dette i dag.

Me ser no framover mot helga når Askvoll/Holmedal kjem på besøk til Leikvoll. Då skal det i allefall ikkje bli 8 målstap..

Me takkar Førde for kampen og ynskjer dei lukke til vidare i 2.divisjon ;)

VIL-STJERNA

Emil Heggestad delte ut dagens stjerner, og i ein kamp der det ikkje bugna over av gode prestasjonar så fall valget på følgande;

óóó Bjørn Molland
óó Øyvind Lien
ó

Erlend Sando

 

Kampfakta;

Førde 2 - Veitastrond 8-0 (4-0)

Patrik - Øivind, Erlend, Øyvind, Even - Gøran, Richard, Bjørn, Åsmund - Gaute, Frode

1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 - 0 xxxx

Gule kort; Bjørn og Øivind på VIL, 1-2 på Førde

Dommar; Jeiki (ok)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com