Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Askvoll/Holmedal 5-4

Veitastrond fekk oppleva både himmel og helvete på dei 2 omgangne me spelte mot Askvoll/Holmedal i går. Før pause tok VIL fram noko av det beste me kan, valsa over motstandaren og leia 5-1. I 2.omgang så fall laget i prestasjonane og utruleg nok vart det spanande mot slutten, men me klarde heldigvis å sikra ein 5-4 siger til slutt. Usedvanleg herleg å dra inn 3 poeng i ein kamp der me har mykje forfall og ikkje kan stilla med alle våre beste spelarar, og det er kanskje naturleg at det laget me stilte med i dag ikkje haldt 90 minuttar. Er heller ikkje enkelt å gå ut på i 2.omgang og skulle forsvara den alltid like farlege 5-1 leiinga...

Frå laget me annonserte så meldte Gaute forfall, og inn kom ein halvskada Emil. På benken sat Øystein, i tillegg til ein 56 åring og 2 halvskada spelarar.

Det var Askvoll/Holmedal som opna best dei fyrste 5 minutta. Dei pressa oss bakover og skapte nokre halvsjansar. Dette var berre i starten, for resten av 1.omgang handla stort sett om Veitastrond.

1-0 kom etter ca 12 minutt. Emil tar frispark frå midstreken, og spelar perfekt fram til Åsmund på vingen. Han tek med seg ballen inn i boksen, fintar bort nokre motstandarar før han enkelt set ballen i mål. Flott angrep i regi av Emil og Åsmund og 1-0 til VIL!

Like etterpå er Åsmund på farten igjen. Denne gongen er det Kurt som har ballen ute til venstre, og slår inn i feltet til Åsmund. Han avsluttar fyrst så keeper reddar, men returen set han sikkert inn og dermed leiar Veitastrond 2-0.

Veitastrond køyrde kampen no. Me låg tett bakover og var som vanleg farlege på kontringar der Åsmund, Kurt og Frode til tider herja med Askvoll/Holmedal sitt forsvar.

Dagens flottaste scoring kom etter 25 minutt. Richard vinn ballen på midten og spelar opp til Kurt som står på 20 meter med ryggen mot mål. Han vendar opp og sender avgårde eit skot som går i ein nydeleg boge over keeper og i mål til 3-0 leiing. Easy peasy...japanese.

Frode vil gjerne vera med på festen og etter 33 minutt stormar han mot Askvoll/Holmedal sitt mål, og dei grønkledde må bruka ulovlege midlar for å stoppa Fronaldo og dommaren dømmer korrekt straffespark. Dette tek Kurt som hamrar ballen heilt ned i hjørne og dermed 4-0. Ingen keeper i verda som hadde redda den straffen.

Midt i Veitastrond sine festlegheiter kjem plutseleg Askvoll/Holmedal og bankar på døra, og reduserer til 4-1. Dei får ballen i mål etter klabb og babb inne i feltet etter ein corrner, og dermed 4-1.

Rett før pause får Veitastrond ei ny scoring. Frode snappar ballen frå ein motspelar på midten og set fart framover. Han spelar igjennom til Kurt som åleine med keeper enkelt set inn 5-1. Herleg overgang av spissane våre.

5-1 haldt seg til pause, og spelarane til Veitastrond undra seg over kor utruleg lett det er å vinna fotballkampar. Dei siste 45 minutta var meir å ansjå som ein formalitet....kanskje me kunne klara to sifra?

Nei, 2.omgangen var frykteleg frå Veitastrond si side, og kanskje gjekk me frå årsbeste til årsverste på dei to omgangane i dag.

Tidleg etter pausen fekk Askvoll/Holmedal si fyrste redusering som ga dei blod på tann og tru på at dette kanskje kunne gå. Benny Rivedal fekk gå som han ville, runda keeper og banka ballen i tomt bur til 5-2.

Etter reduseringa så roa det seg noko der VIL låg djupt og prøvde som beste det var å forsvara seg, og me var framleis farlege når me slo kontra.

65 minutt og det vart dramatisk på Leikvoll når Askvoll/Holmedal får straffe. Geir er i ein duell inne i boksen då Askvoll/Holmedal sin spelar plutseleg fell i bakken som ein sekk med poteter, og dommaren dømmer straffe. Denne vert sikkert satt i mål til 5-3.

Midtveges i omgangen fekk spelarane ein liten drikkepause og Veitastrond fekk sjansen til å samla seg opp litt krefter til sluttspurten.

Diverre så var slutten på omgangen lik byrjina. Veitastrond hang ikkje med og Askvoll/Holmedal var det klart beste laget utpå der. Likevel klarde dei ikkje å få fleire spelemål, men nok ein gong var det eit straffemål som skulle tenna håpet til bortelaget. Denne gongen er det Kim Andre som feller ein motspelar, og han får i tillegg gult kort. Straffen er grei, og den vert sikkert satt i mål til 5-4 og det var duka for 10 ulideleg spanande sluttminuttar.

Skal seiast at dommaren ikkje hadde noko enkel jobb i alle situasjonar i dag, og det var fleire situasjonar inne i Veitastrond sin boks der bortelaget skreik på straffe. Me meinar imidlertid at Askvoll/Holmedal skal seia seg godt nøgde med to stykk.

Det vart ikkje fleire mål på Leikvoll denne kvelden sjølv om begge lag hadde gode forsøk på slutten. Veitastrond slapp med skrekken og kunne innkassera 3 smakfulle poeng, og me kan no innta 3.plass på tabellen etter halvspelt serie.

Ein merkeleg fotballkamp der Veitastrond er så mykje bedtre enn motstandaren før pause og leiar komfortabelt til pause. Etter kvilen fell me som eit korthus og me er heldige som kan sitta att som vinnarar til slutt. Mest truleg fekk me i dag erfara korleis det er å ha mykje folk ute og vera litt ute av trening. Dei 11 som starta haldt ikkje 90 minutt, og når me knapt har nokon å setta innpå så vert det tungt. I 2.omgang så tok rett og slett Askvoll/Holmedal oss på kondisen.

Uansett er me nøgde med 3 poeng og me er stolte over å ligga på bronseplass etter halvspelt serie. Me har 18 poeng, og på tilsvarande tidspunkt i fjor hadde me 6 poeng. Heilt klart eit lag i utvikling dette, og korleis dette skal enda er jaggu ikkje godt å seia.

Me takkar Askvoll/Holmedal for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare ;)

VIL-STJERNA

Med gipsa arm på sidelinja så var det i dag Kenneth Mo som fekk dela ut stjerner. Han belønna føgande spelarar;

óóó Åsmund Øgar
óó Kurt Heggestad
ó

Patrik Fritzon

 

Kampfakta;

Veiastrond - Askvoll/Holmedal 5-4 (5-1)

VIL; Patrik - Øivind, Erlend, Kim Andre, Geir - Bjørn, Richard (Arne), Emil, Åsmund - Frode, Kurt

Ubenytta reservar; Even, Øystein og Arvid.

1-0 Åsmund (Emil)

2-0 Åsmund (Kurt)

3-0 Kurt (Richard)

4-0 Kurt str.

4-1 x

5-1 Kurt (Frode)

5-2 x

5-3 x

5-4 x

Gule kort; Kim Andre på VIL, eit par tre på Askvoll.

Dommar; Asbjørn K G Håre (god)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com