Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Gaular 4-3

Det vart eit klassisk drama alà Leikvoll då Veitastrond i dag vann 4-3 mot Gaular. Det var eit nervedrama heile vegen, der laga skifta på å leia kampen, men til all lukke var det VIL som stod att som vinnarar til slutt. Dagens mann vart Kurt Heggestad som noterte seg for 3 scoringar og stadfesta sin posisjon som ein relativt habil 4.divisjonsspelar. Med 3 poeng i dag så tek me no ferie med godt grep om 3.plassen og me har heng på Eikefjord på plassen over. Det har vore ein framifrå vårsesong der me har teke nye steg som fotballklubb, og kor dette endar til slutt er ikkje godt å seia duuu.

Veitastrond gjekk ut med dei 11 som me annonserte. Litt skralt på benken der me hadde brødrene brothers Frank og Øystein, ein halvskada Even, ein heilskada Arne og Erik Johan, Andreas, Andrea, Even, Noah og Linus som grov seg nedover i retning Kina.

Det var VIL som var det beste laget i starten og me fekk kampen inn i det sporet me ville. Me var trygge bakover og farlege på kontringar. Det var og på ein overgang me tok leiina etter ca 10 spelte minuttar. Bjørn vann ballen på midten og slo fram til Kurt. Han vendte om, dribla bort Gaular sitt forsvar og scora sikkert åleine med keeper til 1-0...YEEAH BABY!

Etter eit godt fyrste kvarter så sank diverre kvaliteten i det Veitastrond føretok seg, og me inviterte Gaular inn i kampen. Det var til tider slapt duellspel av VIL, og Gaular vann alt for ofte både fyrste og andreballane.

25 minutt er spelt når Gaular får frispark på 20 meter. Skotet deira går fyrst i muren, men dei snappar opp returen og avslutninga trillar inn i lengste hjørne. Her gjer me vekk eit unødvendig frispark, og me er for lite aggressive når me let dei scora på returen.

Resten av omgangen var prega av mykje dårleg duellspel. Gaular får eit mål korrekt annulert når spissen deira slår ballen i mål med handa, og Veitastrond har nokre halvsjansar frå Kurt og Frode.

Cirkus 7 minutt før pause tek Gaular leiinga i kampen. Nok ein gong er det alt for slapt av midtbana til VIL, og gaulardølingane (eventuelt gaularringarane) sklir igjennom. Spissen deira får avslutta frå 15 meter og den går over Patrik og i tverren og ned på strek. Her kunne me fått ein diskusjon om kor vidt ballen var inne eller ei, men ein Gaular spelar er fyrst på den og bankar den i nettet slik at me i det minste slepp å lura på det. Dermed 2-1 til bortelaget. Ikkje heilt i tråd me vår eigen kampplan for å seia det slik...

Like etterpå fekk VIL ein kjempesjanse då Åsmund skaut og keeper ga retur. Såg ut som at Frode skulle rekka ballen og tuppa den i mål, men diverre hadde han eit skonummer for lite og Gaular fekk avklart. Etter kampen måtte Frode stå skulerett og forklara VIL-fansen kvifor dette ikkje vart mål.

1-2 haldt seg til pause, og Veitastrond kan ikkje seia seg nøgd med denne omgangen. Alt for tamt, særleg på midten og skulle me ta poeng her måtte gløden og viljen til å vinna opp nokre hakk.

2.omgang var ikkje mange minuttane gammal då Veitastrond får frispark frå ca 19 meter. Kurt gjer seg klar, og han skyt på innsida av muren og stolpe inn og dermed 2-2. Eit flott plassert frispark av Kurt, men her lyt nok Gaular sin keeper tåla kritikk for ein alt for dårleg oppstilt mur. 2-2 på Leikvoll.

Med utlikninga fekk Veitastrond den nødvendige vitamininnsprøytinga og det vart litt betre takter frå oss no. Etter 58 minutt er Kurt på farten inne i boksen, men han vert dregen ned av Gaular sin midtstoppar og dommaren dømmer straffe. Korrekt sjølvsagt. Straffen tek Kurt sjølv og han bankar den inn til 3-2 leiing til Veitastrond. Veitastrond viser god moral etter den dårlege 1.omgangen og klarar å snu kampen i løpet av det fyrste kvarteret i 2.omgang.

Det var mykje stillingskrig på Leikvoll etter dette og begge lag hadde gode mulighetar til å scora. Skal seiast at VIL heile kampen igjennom tapte mykje duellar inne i eiga sone, og dette skapte ein del farleghetar frå Gaular. Veitastrond var farlege framover og spesielt Åsmund bli berre betre og betre for kvar kamp, og me har nok aldri sett makan til driv på Leikvoll som er i den karen. Han hadde i dag nokre raid frå eigen halvdel der han dribla av ein 2-3 mann, men diverre fekk han ikkje det målet han så indarleg hadde fortjent på ein av avslutingane sine.

70 minutt og det vert ny dramatikk på Leikvoll. Frode vert spelt igjennom, men i det han avsluttar vert han sprungen ned av keeper. Når avslutninga til Frode går utanfor så bles dommaren nok ein gong straffe til VIL. Gaular protesterte heftigt på denne og det me kan på ein måte forstå dei, men likevel kan avgjersla til dommar Åmodt forsvarast...Veitastrond fekk no tross alt straffe og det må no vera bra? Kurt tok nok ein gong rennafart, men denne gongen så slengte keeper seg til riktig hjørne og redda skotet til Kurt. For å ta litt statistikk så var dette det 4.straffesparket me nokon gong me har bomma på og Kurt vart den 3.spelaren som har bomma (frå før har Richard x2 og Bjørn missa) Likevel skil Kurt seg ut, for dette var fyrste gong me bomma på straffe heime på Leikvoll Stadion!

Det lukkast oss ikkje å få to målsleiing på straffe, så me fekk prøva på ein anna døball variant. 78 minutt og VIL har corner frå venstre som Emil slår inn. Han løfta blikket og på bakerste stolpe ser han noko stort vaggande som har retning mot bakerste stolpe. Dette er den eine puppen til midtbanekollega Richard, og Emil siktar inn godfoten og ballen treff puppen til Richard perfekt så den berre blir skubba ned i hjørne til 4-2. Herleg puppescoring av Richard, og endå meir herleg å få den viktige 4-2 leiinga.

80 minutt; Frank kjem inn for Geir

85 minutt; Øystein kjem inn for Frode

No var det sjølvsagt ikkje så enkelt at denne kampen var avgjort og 5 minutt før slutt scorar Gaular på ein corner. Spissen deira ruvar høgast i feltet og stangar den i mål. Det oppstod litt tumultar inne i målet til Veitastrond når Gaular skulle skunda seg å henta ballen. Blant anna fekk innbyttar Frank Heggestad markert seg då han i hendinga gav Gaular sin innbyttar 1 KR (=eit kraftigt røvaspark), frå liggande posisjon. Dommar Åmodt hadde forlengst komme seg opp mot midtsirkelen, og fekk ikkje med seg noko av dette...sikkert like greitt.

Spenninga var no så høg på Leikvoll at den faktisk slo ut jordfeilbrytaren i kiosken...

Siste minuttane kjempa Veitastrond som løver medan Gaular trykte alt framover i von om ei utlikning. Dommaren gav dei litt ekstra hjelp og la utruleg nok til over 5 minutt med overtid, og når me hadde spelt alt for lenge fekk og Gaular sin kjempesjanse. Dei fekk stussa ballen igjennom slik at dei kom åleine med keeper, men bakerst så viste vår unge heroiske målmann Patrik Fritzon kva som bur i han og han redda forsøket til Gaular. Medan Kurt er vår matchvinnar framover i bana, så har me i dag Patrik som er vår matchvinnar bakover. Fantastisk utruleg herleg redning...

Dommaren blas etterkvart av kampen og Veitastrond kunne jubla for 3 nye poeng som i dag sat langt inne. Godt å slita seg til ein siger på dagar der ein kanskje ikkje er heilt på topp

Veitastrond har dei siste kampane vore prega av at me har for lite spelarar tilgjengelege, og dei som er med har rett og slett trent for lite. Det er for dårleg løpskapasitet og me er til tider uvenner med ballen. Lyt satsa på at me får lite fleire folk til disposisjon etter sommaren, og dersom me får køyrt i gang ei trening eller to hadde nok dette vore nyttigt og.

All honnør til spelarane som står på i dag og klarar å røysa seg etter ein dårleg 1.omgang. Ekstra fjør i hatten til Kurt som denne veka scora 3 mål mot Askvoll/Holmedal på søndag, vart pappa for 3.gong på måndag og scora 3 nye mål mot Gaular på torsdag. Han er i sikkeleg hattrick modus om dagen med andre ord. 

Me slår Gaular 4-3 for andre gong i år, og det har vore lite som tyda på at desse to kampane har vore øvre halvdel vs botnlaget. Gaular har på ingen måte vore noko kasteball, og dette viser berre kor jamn og tett årets 4.divisjon er. Her kan alle slå alle, og me har forståing for at Gaular kanskje syntes det var urettferdig å reisa så langt og vera så nær poeng som dei var i dag. Men slik er fotball, og nokon gonger så vinn Veitastrond!

Me ynskjer Gaular lukke til vidare med årets sesong!

VIL-STJERNA

I dag var det avdanka geitabonde Jens Heggestad som fekk dela ut stjernene. Han presisert at det var ein vanskeleg jobb, men personen som får alle stjernene får dei sidan han har imponert han så mange gonger før i tillegg til i dagens kamp. Dei utvalgte er;

óóó Kim Andre Navarsete
óó Kurt Heggestad
ó

Patrik Fritzon

I tillegg vil Jens gje skryt til Åsmund Øgar, som var nærmast dei 3 å få seg nokre stjerner...

 

Kampfakta;

Veitastrond - Gaular 4-3 (1-2)

VIL; Patrik - Øyvind, Erlend, Kim Andre (k), Geir (Frank) - Bjørn, Emil, Richard, Åsmund - Frode (Øystein), Kurt

Ubenytta reservar; Even

1-0 Kurt (Bjørn)

1-1 x

1-2 x

2-2 Kurt

3-2 Kurt str.

4-2 Richard (Emil)

4-3 x

Gule kort; Kim Andre, Erlend og Kurt på VIL, ca like mange på Gaular

Dommar; Ragnar Åmodt (landar til 18,5 i stil)

Dagens kommentar på Leikvoll; "Høyr pao han Peremann. Han ha peiling"

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com