Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Årdal2 6-3

Det vart ein klassisk Leikvollthriller då Veitastrond i dag vann 6-3 heime mot Årdal 2. Etter ein noko keimsam 1.omgang der VIL leia 2-0 så opna kampen seg opp etter pause og publikumet fekk sjå heile 7 scoringa etter sidebyttet. Dagens helt var Frode Kvam som netta 3 gonger, men helten var godt hjulpen av servitør Kurt Heggestad som var nest sist på 3 av måla i tillegg til å scora 1 sjølv. Dette var ein utruleg viktig siger for Veitastrond som no går opp på 4.plass på tabellen og me har no skaffa oss eit lite pusterom til laga under oss.

Frå troppen me annonserte så meldte Kenneth og Gaute forfall. Veitastrond gjekk i denne kampen ut i 4-3-3, og me gjekk dermed bort ifrå den vandte 4-4-2 for fyrste gong i år.

1.omgang var ikkje av den mest hendelsesrike. Arne hadde vår fyrste nesten sjanse då han jagde eit tilbakespel til Årdal 2 sin keeper, men ballen som traff Arne gjekk ut til kast. Like etterpå var det ein liknande episode på motsatt side der Årdal sin spiss vart liggande nede med skade etter samanstøyt med Even.

15 minutt og Andreas testar skotfoten i sin fyrste kamp på Leikvoll. Bra snert i avslutninga, men keeper avberga skotet frå ca 20 meters hold.

22 minutt; Årdal 2 har corner og etter litt klabb og babb avsluttar dei i tverrliggaren før Veitastrond får rydda unna.

Det skulle gå over ein halvtime før dagens fyrste mål kom på Leikvoll. Emil slår eit frispark ute på sida inn i feltet, og på bakerste står Arne umarkert og headar enkelt inn 1-0 til Veitastrond.

Berre sekundar etter scoringen til VIL så gjekk Årdal 2 rett i angrep, men ein fantomredning frå Even fekk slått ballen utanfor.

Årdal 2 fekk dermed corner, men denne gongen var det heimelaget sin tur til å slå kontra. Ballen vart avklara oppover vår venstreside til Kurt. Han tok med seg ballen heilt ned til dølinja og slo inn i midten til Frode. Han skaut fyrst rett på keeper, før han fekk returen attende og pirka den lett i mål til 2-0.

Etter ein tam opning på kampen så opna det seg skikkeleg no. Like etter at Frode førde oss opp i 2-0 var samme mann nær ein kjempescoring då han prøvde seg på ein brasse inne i feltet, men diverre gjekk det spektakulære forsøket like utanfor.

40 minutt; Frank får gult kort då han fyrst meiar ned ein Årdal 2 spelar, før han kjeftar på seg gult kort.

Like før pause er Kurt nær ei kjempescoring når han driblar seg forbi samtlege Årdal 2 forsvarar, men avslutninga frå skrått hald gjekk like til side for mål.

Veitastrond gjekk til pause med ei fortent 2-0 leiing. Me låg tett bakover og slapp knapt motstandaren til ein sjanse, og framover var me tolmodige og venta på kontringane me visste ville komma.

Me hadde sjølvsagt håpa på at 2.omgangen skulle bli ein "walk in the park", men slik skulle det ikkje gå.

Årdal 2 gjekk offansivt til verks og etter 50 minutt spel sleit den kjappe spissen deira seg ned til dølinja, og la inn i feltet der ballen vart satt i mål. Dermed 2-1 og ny spaning i kampen.

56 minutt og Årdal 2 kjem igjen. Eit innlegg inne i feltet vert enkelt heada i mål av ein årdøl og dermed brukte me 11 minutt på å rota bort vår komfortable leiing.

Etter utlikninga hadde Årdal fleire gode sjansar utan at det lukkast dei å scora.

60 minutt; Ivan får sin debut når han kjem inn for Bjørn.

70 minutt; dobbelt byte for Veitastrond når Geir kjem inn for Frank, og Richard for Emil. Eit dobbeltbyte som skulle visa seg å snu kampen for heimelaget...

72 minutt; Veitastrond har kast heilt oppe ved cornerflagget. Ballen vert heada ut i feltet av ein årdøl, og der står Åsmund som får draumetreff og curlar ballen i motsatt kryss og dermed ny leiing for Veitastrond til 3-2.

Veitastrond fekk blod på tann etter scoringa og berre minuttar etterpå så scorar me igjen. Arne stussar eit innkast inn i feltet. Ballen treff Frode som avsluttar på keeper, men returen er Kurt fyrst på som pirkar den inn i mål til 4-2 og dermed kunne Veitastrond senka skuldrane.

På slutten så prøvde Årdal 2 å setta alle klutar til verks offansivt, men dette resulterte i at Veitastrond fekk mykje rom framover på bana og det utnytta me til det fulle.

Fyrst fossa Kurt nedover venstreflanka, snurra rundt med høgrebacken til Årdal 2 ein 4-5 gonger før han la perfekt inn på pannebrasken til Frode som nikka den elegant inn i buret til 5-2.

85 minutt så er det samme kombinasjon igjen. Veitastrond kontrar ved at Åsmund slår ned langs venstre til Kurt, som legg inn til Frode som får strøvla ballen i mål til 6-2.

Heilt på slutten så reduserte Årdal 2 ein gong då dei kom åleine med Even og fekk satt ballen forbi han og i mål.

Etterkvart ebba den meget underhaldande og spanande 2.omgangen ut til det som til slutt vart ein komfortabel 6-3 siger til heimelaget.

I dag er me gode i 3/4 av kampen, men den dårlege starten på 2.omgang kunne fort å kosta oss sigeren i dag. Laget skal likevel ha ros for at dei syner god moral når me får 2 mål i fleisen, og klarar å halda hovudet kaldt og komma attende å vinna kampen.

I dag var det god jobb over heile fjøla. Even er tryggheten sjølv i mål, og heilt framme er Kurt og Frode eit heilt angep åleine. Når i tillegg alle dei i mellom desse to ledda gjer jobben så vert det gode greier.

Veitastrond og Årdal 2 har no møttest 4 gonger dei siste 2 sesongane, og det har vore eit snitt på over 9 mål pr kamp. Det er dermed to underhaldande lag som spelte i dag, og det håpar me at vårt mannsterke publikum satte pris på medan dei stod å slafsa i seg rømmagrauten sin.

Me takkar Årda 2 for kampen, og vonar me får sjansen til å skapa meir underhaldning med dei til neste år.

VIL-STJERNA

I dag var det suspenderte Øivind Kristiansen som fekk dela ut stjernene. Valget hass fall på;

óóó Frode Kvam
óó Even Kvam
ó

Ivan Jokic

 

Kampfakta;

Veitastrond - Årdal2 6-3 (2-0)

VIL; Even - Andreas, Øyvind, Kim Andre, Frank (Geir) - Emil (Richard), Bjørn (Ivan), Åsmund - Arne (Gøran), Frode, Kurt

1-0 Arne (Emil)

2-0 Frode (Kurt)

2-1 x

2-2 x

3-2 Åsmund

4-2 Kurt

5-2 Frode (Kurt)

6-2 Frode (Kurt)

6-3 x

Gule kort; Frank på VIL, eit par saman på Årdal 2.

Dommar; Yngve Håkonsen (god)

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com