Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kaupanger - Veitastrond 5-2

Det vart diverre tap 2-5 då Veitastrond i går spelte borte mot Kaupanger. Etter ein god 1.omgang der me var fullt på høgde med KIL, men låg under 1-2, så vart me slitne utover i 2.omgang og tapte til slutt 2-5. Trass i skuffelsen over tap så trøystar me oss sjølve med at det ikkje var i denne kampen me skulle ta dei nødvendige poenga for å berga plassen i 4.divisjon. Dei poenga skal me ta no når me tek til på sluttspurten av årets sesong...

Frode Kvam gjorde eit forsøk på oppvarming, men ein strekkskade hindra han i å spela dagens kamp. Utvilsamt eit slag i tryne at vår toppscorar ikkje kunne vera med i denne kampen.

Veitastrond åpna kampen friskt og viste liten respekt ovanfor Kaupanger. Alt etter 4 minutt fekk me ein god sjanse når Richard avslutta på nærmaste stolpe, men forsøket vart redda av keeper.

Kaupanger skapte lite i starten av kampen, men diverre får dei mål på sin fyrste sjanse. Ein corner vert slått inn på 1.stolpe, og der riv Kaupanger sin gode midtstoppar Karl Magne Tvedt seg fri og stangar inn 1-0.

22 min er spelt når Emil legg inn på bakerste til Åsmund, men diverre går headinga hass i tverren. Stor sjanse for VIL.

I det regnet høljar ned så bablar speakaren på stadion noko om at Veitastrond kanskje ikkje var klar over at Kaupanger er best i buddleregn og torevær. Ca 3 sekund etter at han er ferdig spelar Åsmund nydeleg igjennom til Kurt som scorar sikkert åleine med keeper, og resten av kampen høyrer me ikkje noko meir frå speakartjenesta om værforholda på Kaupanger...

Det er spelt godt og vel ein halvtime når ein Kaupanger spelar får ballen oppe på høgre sida. Han får gå innover i bana upressa og avsluttar frå ca 16 meter og ballen smyg seg inn ved nærmaste stolpe til 2-1. Ei unøvdvendig scoring som me skulle fått avklara med litt meir besluttsomhet i bakre ledd.

Resten av omgangen er laga stort sett jamn gode og det er sjansar i begge endar utan at det vert fleire mål. Kaupanger er nærmast når dei kontrar etter at VIL har hatt corner. Ein spelar kjem åleine igjennom, men Even reddar mesterleg ein mot ein.

Laga går til pause på stillinga 2-1. Litt surt å ligga under etter ein 1.omgang der me er fullt på høgde med Kaupanger. Veitastrond er enige om at det er fullt mogleg å gå ut å snu dette, men då lyt me vera meir bestemte defansivt og setta dei sjansane me får...

Diverre vart ikkje 2.omgang heilt slik me hadde håpa på. Kaupanger kom best i gang og skapte ein del gode sjansar før dei etter 55 minutt set inn 3-1. Dei spelar seg igjennom vårt forsvar og spissen deira avsluttar sikkert i lengste hjørne frå skått hald. Dermed ein tung veg å gå for VIL i jakta på poeng...

Det er likevel lov å prøva og Veitastrond skal ha for at dei gjorde eit ærleg forsøk. Anført av ein god Kurt på topp skapte me fleire sjansar, men det lukkast oss ikkje å få den viktige reduseringa;

59 minutt; Kurt dreg seg fri frå 16 meter, men skotet går hårfint utanfor.

63 minutt; Kurt vert spelt igjennom av Åsmund, men han skyt utanfor åleine med keeper. Ein stor sjanse som Kurt hadde satt inn på ein litt betre dag.

69 minutt; nok ein gong Kurt. Denne gongen skulle han hatt straffe når han vert skubba inne i feltet, men ein godt plassert dommar vinka spelet vidare.

Når det ikkje lukkast oss å få mål i denne perioden så kan ein ikkje rekna med å få med seg poeng heim frå Kaupanger. Utover i 2.omgang vart det mange trøytte bein på Veitastrond, og heimelaget tok meir og meir over.

Eit kvarter før slutt så scorar Kaupanger sin midtstoppar Tvedt nok ein gong på corner og dermed 4-1. Tvedt som er Kaupanger sitt farlegaste våpen på døball fekk i denne kampen stå alt for ofte umarkert inne i feltet, og han var farleg frampå fleire gonger i tillegg til dei to måla han scora.

Eit lite lysglimt 5 minutt før slutt når VIL får frispark på 18 meter. Kurt set den vakkert over muren og i krysset til redusering 2-4, men diverre kom den litt for seint for Veitastrond sin del.

Heilt på slutten scora Kaupanger 5-2 då Sindre Tangedal heada eit innlegg i hjørne.

Ikkje lenge etterpå blas dommaren av kampen, og Kaupanger kunne jubla for 5-2 siger og 3 nye poeng.

Veitastrond spelt eigentleg ein god kamp i dag, der me til tider er fullt på høgde med formlaget i divisjon. Skilnaden på desse to laga er nok fyrst og fremst at Kaupanger har eit heilt anna treningsgrunnlag, og dette kom til syne i siste halvdel av 2.omgang. Då vart Veitastrond sine spelarar slitne, og Kaupanger tok meir over. Det hjalp heller ikkje på at me berre hadde 2 mann på benken, og med all respekt for Øivind Kristiansen så hadde me ikkje noko hemmeleg våpen som kunne komma inn å snu denne kampen i vår favør ;)

Trass i tap så er det mykje positivt å ta med seg frå denne kampen, og me ser fram til neste helg når det er ny kamp og nye muligheter til å ta poeng.

Kaupanger er ein framifrå gjeng å spela mot, og me takkar dei for kampen. Samstundes ynskjer me dei lukke til vidare i det som ser ut som ein håplaus kamp i jakta på å ta att Saga på toppen av tabellen.

VIL-STJERNA

Redakson i Veitastrond.com gjorde i dag ein frykteleg tabbe i forbindelse med utdelinga av VIL-stjernene. Me klarde nemleg å spørja to ulike personar om å dela ut stjerner. Fyrst så spurde me Frank Heggestad om han kunne ta på seg jobben, men han var på det tidspunktet så oppteken med å vera linjemann at me ikkje fekk noko svar. Seinare så spurte me tidlegare VIL-spelar Vidar Vadseth om å dela ut stjerner, og dette tok han på sparket. Då hjalp det ikkje at Frank sendte oss ein sms seinare på kvelden med sine stjerner, og hass dom forblir derfor upublisert. Me beklagar på det sterkaste at me rota det til...Skal seiast at dei to hadde mykje likt i stjerneutgivinga, men dei som stjernene som tel er Vidar sine...og dei er som fylgjer;

óóó Kurt Heggestad
óó Åsmund Øgar
ó

Andreas Bjelde

 

Kampfakta;

Kaupanger - Veitastrond 5-2 (2-1)

VIL (4-4-2); Even - Andreas, Kenneth, Kim Andre, Øyvind - Emil, Ivan (Øivind), Bjørn, Åsmund - Richard (Øystein), Kurt

1-0 x

1-1 Kurt (Åsmund)

2-1 x

3-1 x

4-1 x

4-2 Kurt

5-2 x

Gule kort; Bjørn på VIL, muligens 1 på KIL.

Dommar; Kjell Alme (ok)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com