Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Selje 8-3

Veitastrond vann i dag overbevisande 8-3 heime mot Selje, i ein kamp som gjekk føre seg i praktfull hausstemning. Eit heimelag som hadde kniven på strupen og måtte ha 3 poeng i kampen om å unngå nedrykk gjorde jobben, og er framleis på trygg grunn i 4.divisjon. Selje holdt følge i ca 1 time i dag, men derifrå og ut så var det berre eit lag på bana og måla rann inn bak bortelaget sin keeper. Dette var ein framifrå dag for fotball på Veitastrond, og me er no optimistike i det 3 rundar gjenstår av årets sesong.

Ivan meldte forfall til denne kampen. Det gjorde at Andreas kom inn på backen, og Åsmund gjekk opp på midten. Ellers var laget det samme som me meldte om i går...

Kampen opna utan noko særleg sjansar eller initiativ til nokon av laga i byrjinga, men etter 6 minutt får Veitastrond frispark oppe på vår venstreside. Dette tek Emil, og han legg inn til Kim Andre som står umarkert på 5 meter og headar enkelt inn 1-0.

Selje får sine fyrste sjansar etter 9 minutt. Eit knallhardt frispark vert boksa ut av Even, og på returen er samme mann kattemjukt nede og fangar ballen. Flott prestasjon av vår keeper.

Frode Kvam får ein kjempesjanse minuttet etterpå, men frå 5 meter skyt han over på nærmast blank goal. I staden så overtok Selje, og dei går rett i angrep. Etter litt klabb og babb inne i vårt felt der me ikkje får avklara så får til slutt Selje sin spiss ei tå på ballen så den går i mål og dermed 1-1.

Etter dette roa det seg litt før Veitastrond skapte fleire gode sjansar på rekke og rad;

25 minutt; Frode Kvåle skyt frå skrått hold på ca 10 meter, men keeper reddar meisterleg.

30 minutt; kjempesjanse på corner. Frode Kvam headar på keeper som gjer retur, men Kim Andre er eit hundredelssekund for sein.

31 minutt; Frode Kvam vert spelt igjennom, men Selje sin keeper er nok ein gong med på notane.

38 minutt; Frode Kvam er nok ein gong nær scoring, men keeper får slått til corner. Det påfølgande hjørnesparket havnar på bakerste til Åsmund som klinkar den i stolpen og tilbake i feltet. Der inne balanserar ballen på streken før Selje til slutt får avklart igjen. Enorm sjanse...

Så etter uttalige sjansar lukkast det endeleg for Veitastrond. Ein flott kontring vert regissert av Kurt på venstresida. Han slår inn til Frode Kvam som enkelt styrer ballen i mål og 2-1 til VIL. Fullt fortent tør me påstå.

Diverre så var ikkje Veitastrond så lenge i paradis. Selje gjekk rett i angrep, og på ein corner avsluttar dei frå ca 10 meter. Ballen treff tilsynelatande Kenneth i magen, men dommaren høyrer på Selje sine spelarar som skrik på hands og dømmer straffe. I beste fall tvilsam denne... Straffen vart nydeleg banka i krysset, og ein sjanselaus Even utbraut etterpå om skotet; "danna va litt dreuge..." Dermed 2-2 på Leikvoll

2-2 haldt seg til pause, etter ein underhaldane 1.omgang. Veitastrond hadde heilt klart fortent å leia, men det skal seiast at Selje hang bra med sjølv om det kanskje ikkje kan virka slik i dette referatet.

Veitastrond kom best i gang etter pause og innleiingsvis så haldt me fram med å misbruka store sjansar.

Etter 53 minutt kom Kurt fri på venstrekanten og la inn til Frode Kvam, men han fekk ikkje stokka beina skikkeleg og sjansen rann ut i den store sanden.

Like etterpå er det Frode Kvåle som vert spelt fri av Åsmund, men heller ikkje han klarar å overlista keeper.

Etter dette sjansesløseriet så byrja Richard Nes og Øivind Kristiansen og varma opp på sidelinja. Kanskje var dette som fekk spelarane på bana til å skjønna alvoret, for plutseleg så løysna det for Veitastrond. Ein kan trygt seia me fekk hol på den berømmelige byllen...

57 minutt; Frode Kvåle spelar fri navnebror Frode Kvam. Denne gongen er han sikker som banken åleine med keeper og dermed endeleg leiing til 3-2.

60 minutt; corner til Veitastrond som som havnar på bakerste hjå Emil. Han slår inn i feltet der Kim Andre etter litt klabb og babb så vidt får pirka den over streken.

62 minutt; Kurt vert felt inne i boksen, og dommaren dømmer straffe. Noko billeg kanskje, men kva gjer vel det når den går i vår favør? Straffen tek Emil og han fintar keeper til høgre og ballen til venstre og dermed 5-2.

63 minutt: Eit Veitastrondlag i relativt fin flyt pøser på, og nok ein gong vert det scoring. Denne gongen får Veitastrond frispark på 20 meter. Kurt gjer seg klar og han styrer ballen elegant ned i keeper sitt hjørne til 6-2. Ei lekker scoring av Kurtn... Dermed 4 mål på 7 minutt, og stort meir kan ein vel ikkje forlanga...

Det roa seg noko etter dette, men etter 70 minutt så vert det scoring på ny. Ei fantastisk takling og gjenvinning av ballen på Selje sin banehalvdel av Kurt. Han tek med seg ballen framover legg inn til Frode Kvåle som enkelt set inn 7-2.

Eit lite tilbakeslag etter 72 minutt når Selje får straffe. Denne vert nok ein gong satt sikkert i mål og dermed reduserting til 7-3.

Veitastrond mista ikkje motet av den grunn. Like etterpå er me frampå igjen. Kurt sentrar til Frode som får ballen på 18 meter. Han vendar om og set ballen nydeleg i hjørne til keeper og dermed 8-3.

Det siste kvarterer så skifta Veitastrond ut 4 utespelarar + keeper, og sluttminutta prag preg av mykje hawaiifotball der begge lag innsåg at dette var avgjort. Dermed ebba det ut til komfortabel 8-3 siger til heimelaget.

Heilt klart ei meget overbevisande førestilling av Veitastrond i dag. Medan me har hatt bra suksess med å ligga lågt med laget tidlegare denne sesongen så satsa me i dag på å ligga høgt og pressa Selje ned i bana. Etter litt trøbbel med å finna posisjonane i starten så vart det berre betre og betre, og utover i 2.omgang så køyrde me til tider over Selje.

Sjølv om Veitastrond er kjende for å scora mykje mål så er ikkje 8 mål kvardagskost for vår del heller. Me må heilt tilbake til 11-2 sigeren mot Norane i 6.divisjon den 18.september 2007 for å finna noko som overgår dette.

Me takkar Selje for kampen og ynskjer dei god tur heim ;)

VIL-STJERNA

I dag var det Nils Tore Heggestad som fekk dela ut stjernene. Veitastrendingen som har rota seg ned i Bergen var heime på helgabesøk, og han fekk sjølvsagt då med seg denne kampen. Han ga stjerner til følgande;

óóó Kim Andre Navarsete
óó Kurt Heggestad
ó

Emil Heggestad

 

Kampfakta;

Veitastrond - Selje 8-3 (2-2)

VIL (4-3-3); Even (Patrik) - Øyvind, Kenneth, Kim Andre, Andreas (Øivind) - Emil, Bjørn, Åsmund - Frode Kvåle (Richard), Frode Kvam (Arne), Kurt (Øystein)

Ubenytta reservar; Olai og Geir

1-0 Kim Andre (Emil)

1-1 x str.

2-1 Frode Kvam (Kurt)

2-2 x str.

3-2 Frode Kvam (Frode Kvåle)

4-2 Kim Andre

5-2 Emil str.

6-2 Kurt

7-2 Frode Kvåle (Kurt)

7-3 str.

8-3 Frode Kvåle (Kurt)

Gule kort; Kurt på VIL, 1 på Selje

Dommar; Kai Inge Wolff (ok)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com