Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Saga - Veitastrond 4-2

Det vart diverre tap for Veitastrond då dei i går spelte borte mot serieleiaren Saga. I ein kamp der me ga førdianarane god kamp så trakk me til slutt det kortaste strået, og Saga kunne dermed jubla både for 3 poeng og at dei no har sikra seg opprykk og KM-tittel. For Veitastrond sin del så er ingenting avgjort, og me lyt framleis ta fleire poeng for å unngå nedrykk. Det var vel kanskje ikkje borte mot Saga at me hadde kalkulert med så veldig høg poengfangst, men slik kampen utivkla seg så føler me absolutt at me kunne reist heim med litt meir i sekken enn det me gjorde.

Veitastrond gjekk ut i denne kampen i ein nykomponert 5-3-2 formasjon. Me låg med 3 stopparar, 3 på sentral midbane og hadde Øyvind og Åsmund på kantane som fungerte som vingbackar. Agendaen var utvilsamt å tetta igjen mest mogleg bakover å satsa på kontringar der me stolte på 2x Frode på topp.

Me var usikre på korleis denne kampen skulle arta seg, og me frykta at Saga skulle angripa voldsomt frå starten og pressa oss bakover på bana. Slik vart det imidlertid aldri, og Veitastrond hang stort sett med i samtlege 90 minutt.

Det var nemleg VIL som kom best i gang, og allereie før det var spelt 30 sekund fekk me ein gigant sjanse. Frode Kvam vart spelt igjennom på høgresida. Han skar rett på mål, kom åleine med keeper, men diverre gjekk skotet rett på deira sisteskanse. Ein stor mulighet for Veitastrond til å få ein pangstart på kampen.

Veitastrond haldt fram med å yppa seg, men etterkvart kom Saga meir og meir med. Etter 6 minutt får dei si fyrste scoring. Eit innlegg frå høgre sprett over det som er av våre forsvarar og Patrik i mål, og på bakerste står ein Sagaspelar og headar enkelt inn i ope mål. Dermed 1-0 til heimelaget.

Med tidleg Saga scoring kunne ein frykta det verste, men slik vart det ikkje. Saga var riktignok det førande laget, men Veitastrond stod gått i mot og var farlege på sine kontringar. Etter 17 minutt får me endeleg lønn for strevet. Bjørn spelar nydeleg igjennom til Frode Kvåle som kjem i samme posisjon som Frode Kvam var i opningsminuttet. I motsetnad til han gjer Kvåle ingen feil, og set ballen sikkert forbi keeper til utlikning 1-1.

Like etterpå fekk Veitastrond ein ny kjempesjanse. Frode Kvam tråkla seg igjennom på venstrekanten, kom inn i 16-meteren og la inn til navnebror Frode. Han stod mutters åleine på 10 meter, men diverre så glei han i det han skulle avslutta og det enda med eit skot frå liggande posisjon rett på keeper. Hadde han latt ballen gå vidare hadde den havna hjå Bjørn på bakerste som og stod åleine. Nok ein stor sjanse for Veitastrond.

Dette var nok dagen der Veitastrond skulle ha scora på dei store sjansane me fekk om me skulle reist heim med poeng. Siste 20.minutta av 1.omgangen var den desidert dårlegaste perioden for vår del i kampen, og Saga skapte fleire store sjansar.

Det er spelt 32 minutt når heimelaget går opp i 2-1. Eit gjennomspelt på høgre vert avslutta i ein vakker boge over Patrik og den landa i lengste kryss.

Deretter avslutta dei på ein corner med eit knallhardt skot som gjekk i tverren og ned, før fyrtårnet deira på topp heada over frå god posisjon.

Like før pause scorar Saga igjen. Nok ein gong får dei for enkelt spelerom og åleine med keeper gjer spissen deira ingen feil, og skyt mellom beina på Patrik og i mål. Dermed 3-1.

3-1 holdt seg til pause. Alt i alt ein god omgang der me så absolutt var på høgde med Saga. Diverre tok me ikkje godt nok vare på sjansane våre, og til tider ga me Saga alt for lett spelerom inne på vår banehalvdel. Forsåvidt ei fortent leiing til heimelaget.

Fyrste halvdel av 2.omgang var omtrent som fyrste halvdel av den 1. Saga hadde mykje av banespelet, men dei sleit med å trenga igjennom Veitastrond sitt lag som låg tett og kompakt på eiga banehalvdel.

Utover i omgangen så klarde VIL å få eit initiativ i kampen. Saga sine spelarar vart tydeleg stressa og frustrerte, og Veitastrond fekk etterkvart trua på at det var mogleg å scora fleire mål i denne kampen.

Etter mykje nesten for Frode og Frode på topp så fekk Veitastrond frispark oppe på venstrekanten etter ca 60 minutt. Emil slo innoverskrudd der Veitastrond fekk heada på mål. Keeper slo retur som Frode Kvåle var fyrst på. Han vendte om, men vart lagt i bakken og dommaren dømde straffe til Veitastrond. Denne tok Emil seg av, og som i forrige kamp var han sikkerheten sjølv og dermed redusering til 3-2.

Med denne scoringa så byrja me for alvor å kjenna lukta av poeng. Diverre så mobiliserte Saga og dei satte innpå ein ekstra mann på defansiv midtbane. Dette gjorde til at me ikkje kom så lett igjennom deira forsvar og dei store sjansane uteblei.

Siste kvarteret av kampen vart det mykje stillingskrig på Førde Stadion. Det vart etterkvart ganske så mørkt og utan flomlys var det vel knapt me såg hverken ball eller spelarar.

Heilt på slutten så fekk Saga corner. Denne havna på bakerste stolpe der spissen deira fekk ein enkel jobb med å setta inn 4-2 til heimelaget. Dermed gjekk det som var att av luft i Veitastrondballongen ut, og resten av kampen vart ein paradamarsj for Saga.

Då dommaren blas av kampen så stod det 4-2 til Saga, og dei 20 tilskodarane på tribuna som stod med ryggen til kunne jubla for 3 nye poeng og KM-tittel til heimelaget.

Dette var ein kamp me ikkje hadde rekna med å få så mykje poeng med oss heim frå. Før kampen vart det snakka om at me uansett måtte gje 100% heile kampen og ikkje risikera at me øydela målskilnaden vår med eit stygt tap. Etterkvart som kampen sklei fram så fekk me meir og meir trua på at me kunne ta poeng, og Saga framstod slettes ikkje som noko umogleg oppgåve i denne kampen. Diverre så var me ikkje gode nok i dei avgjerande situasjonane hverken framover eller bakover på bana, og dette utnytta det rutinerte Sagalaget til sin fordel som trass alt vann kampen fortent til slutt.

Veitastond lyt ta med seg det positive frå denne kampen inn i dei to siste serierunda, og klarar me å bygga vidare på dette så vert det bra. I dag jobba alle man godt og det fungerte bra både med tre mann i forsvar- og midtbane sentralt. På sidene var Øyvind og Åsmund bra med offansivt i tillegg til at dei gjorde jobben defansivt. Heilt på topp var 2x Frode eit heilt angrep åleine, og kanskje spesielt Frode Kvåle var særs god i dag.

Me takkar Saga for kampen, og gratulerar dei med velfortent KM-tittel. Dei har vore det beste laget frå fyrste spark på ballen i årets 4.divisjon, og me ynskjer dei lukke til i neste års 3.divisjon.

VIL-STJERNA

Denne gongen var det ei av fotballfruene som fekk dela ut stjerner. Orhild Gundersen som er Arne Nes sin betre halvdel tok jobben på strak arm, og valget hennar fall på følgande;

óóó Frode Kvåle
óó Åsmund Øgar
ó

Emil Heggestad

 

Kampfakta;

Saga - Veitastrond 4-2 (3-1)

VIL (5-3-2); Patrik - Øyvind (Olai), Kenneth (Øivind), Ivan, Andreas, Åsmund - Emil, Richard (Arne), Bjørn - Frode Kvam, Frode Kvåle

1-0 x

1-1 Frode Kvåle (Bjørn)

2-1 x

3-1 x

3-2 Emil str.

4-2 x

Gule kort; 1 til Saga

Dommar; Aleksander Karlsen Høydal, med linjemenn (gode =)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com