Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Hafslo 4-4

Veitastrond gjennomførte i dag ein noko rufsete generalprøve som til slutt endte med 4-4 mot Hafslo. Etter at VIL dominerte kampen stort i 1.omgang gjekk lufta ut av ballongen etter kvilen, og eit uavgjort resultat var greitt nok kampen sett under eitt. I dag var spelet vårt prega av rufsete defansivt og eit offansivt spel utan glød og vilje til å gjera heilt det store. Ei grei gjennomkøyring, men dersom me ynskjer å sanka poeng i årets 4.divisjon lyt me nok skru opp brytaren eit par hakk.

Kim Andre kasta inn handkledet før kampstart grunna skade, og Åsmund kom inn for han. Ellers vart det som me forventa med 4 mann på benken.

Nydelege speleforhold på Kaupanger på ei passeleg tørr kunstgrasbane, sukkerlett bris og steikande vårsol. I 1.omgang var det ikkje berre været som varma, men til tider så var det positive takter frå Veitastrond i tillegg.

Kampens fyrste scoring kom etter berre 4 minutt. Øivind "Bolt" Kristiansen tok med seg ballen frå sin høgreback posisjon, spelte vegg ca på midtstreken og forserte heilt ned til dølinja (du trur kanskje det er ein skrivefeil ein plass i denne setninga?? det er det ikkje... Øivind sprang faktisk over heile bana) Øivind avslutta raidet med å slå eit presist innlegg til Kurt på bakerste som fekk ein enkel jobb med å sett inn 1-0 til VIL.

Etter scoringa heldt Veitastrond fram med å styra kampen, og me lyt vel seia at Hafslo var sørgeleg dårleg i denne perioden. Veitastrond burde i denne fasen av kampen ha avgjort det heile ein gong for alle, men diverre så var det ein del sjansesløseri og blant anna Kurt hadde fleire gode mulighetar utan å lukkast.

Etter 27 minutt auka VIL leiinga. Som så mange gonger før i 1.omgang så rota Hafslo forsvaret det til for seg sjølv. Bakerste mann prøvde å dribla seg forbi Kurt utan særleg suksess. Kurt vann ballen vendte om og frå ca 20 meter skrudde han ballen elegant opp i krysset. Dårleg forsvarspel, men og ei praktscoring frå Kurt.

Resten av omgangen dabba det heile av litt, før Hafslo fekk ein av sine aller fyrste sjansar etter 42 minutt. Ein spelar kom åleine med keeper, og Even kom ut og felte motspelaren og dermed straffe. Ole Petter Hatlevoll var sikker frå krittmerket og dermed 2-1 på Kaupangerskogen.

2-1 var og pauseresultatet. Til 2.omgang kom Erlend Hagen inn for Bjørn.

Diverre såg det ut som at Veitastrond ikkje hadde særleg mykje lyst til å spela ein omgang til, og me lyt vel seia at etter kvilen var kvaliteten av relativt tynn suppe. Spelarane virka umotiverte og lite løpsvillige og Hafslo var det beste laget etter kvilen.

Likevel var det VIL som scora fyrst då Åsmund kom ned på venstresida og la perfekt inn til Kurt som kunne spasera ballen inn til 3-1.

Deretter reduserte Hafslo etter at slapt forsvarspel lot ein Hafslospelar komma seg åleine med keeper og setta inn 3-2.

Veitastrond skapte lite i 2.omgang, og tydlegivs tykte Hafslo sin målvakt Morten Nes synd i oss, då han etter 65 minutt hadde ballen i beina og prøvde å dribla seg forbi Kurt. Dette klarde han ikkje og Kurt snappa ballen og scora enkelt 4-2.

På dette tidpsunktet såg det i det minste ut som at Veitastrond skulle klara å vinna kampen, men diverre så ville Hafslo det annleis. Dei reduserte fyrst til 4-3 (hugsar ikkje korleis), før Ole Petter Hatlevoll satte inn kampens siste mål på eit frispark frå 18 meter. Eit skot som gjekk i keeperhjørne, og den skulle du vel kanskje ha redda mr Kvam?

Kampen ebba etterkvart ut til sluttresultat 4-4.

Dagens kamp var prega av eit Veitastrond som verka umotiverte, utrente og langt ifrå så gode som me har sett dei før i vinter. Når ikkje Hafslo var særleg mykje bedre vart det ein rotete kamp med mykje mål, der fleire kom etter dårleg forsvarspel. Me lyt nok berre ta dette som ei treningsøkt, og passa på å få trent godt den kommande veka slik at me stiller til seriestart med ei litt betre haldning enn det me hadde i dag.

Me ynskjer å takka Hafslo for kampen og ynskjer dei lukke til årets 5.divisjon.

 

Kampfakta;

Even - Øivind, Øyvind, Geir, Åsmund - Arne (Gaute), Emil, Helge (Øystein), Bjørn (Erlend) - Kurt (Richard), Frode

1-0 Kurt (Øivind)

2-0 Kurt

2-1 Hatlevoll

3-1 Kurt (Åsmund)

3-2 Sundsteigen?

4-2 Kurt

4-3 x

4-4 Hatlevoll

Gule kort; ingen

Dommar; Tommy Skjerven (god)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com