Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Vik - Veitastrond 7-0

Etter to gode kampar så kom Veitastrond ned på jorda med eit brak då Vik banka oss 7-0. Heimelaget fekk ei pangopning på kampen då dei scora fyrste målet etter 32 sekundar spel, og derifrå og ut dominerte dei kampen på Vik Stadion. Trøysta får vera at dette ikkje var den kampen der me skal ta dei nødvendige poenga for å overleva i årets 4.divisjon, og eit godt resultat her hadde vore å sett på som ein bonus. Likevel er det liksom ikkje heilt det store å reisa heim rundspelt og med 0-7 i sekken...

Veitastrond stilte med følgande lag;

                         Patrik
 Glenn Thomas - Øivind - Kenneth - Åsmund
Frode Kvam - Emil - Ole Petter - Bjørn - Kurt
                      Frode Kvåle

Me gjekk altså ut i ein 4-5-1 formasjon, der Ole Petter låg som defansivt anker og ryddegut framfor forsvarsfiraren. Strategien vår var å ligga lågt og tetta igjen bakover, og håpa på at det opna seg rom etterkvart for vår offansive kraft. Sett i ettertid kan me seia at me ikkje fulgte taktikken heilt etter punkt og prikke...

1.omgang

32 sekund er spelt av kampen då ein forsvarspelar på Vik spelar langt i bakrom mot heimelaget sin superspiss Øystein Myrkaskog. Han tek ned ballen og lobbar den over keeper og i mål. 1-0 før minuttet var spelt, og absolutt verst mogleg start for Veitastrond.

4 minutt er spelt og Veitastrond heng framleis bra med. Kurt blir spelt opp på venstresida og legg tilbake til Frode Kvåle. Han dunkar til på dirren frå 18 meter, men skotet smyg seg nokre cm over mål.

6 minutt; Vik er på farten igjen. Myrkaskog avsluttar frå skrått hald, som Patrik reddar, men returen endar hjå Vik sin andre spiss Svein Erik Saglien som headar enkelt i mål på tomt bur. Dermed 2-0 etter drøye 5 minutt, og me sit med ei lita kjensle av att dette allereie er game over for Veitastrond. Kanskje litt drøyt så tidleg i kampen, men vanskeleg å forestilla seg at Vik ikkje scora fleire mål dei siste 85 minutta.

Etter sjokkopninga så roa kampen seg ned litt og Veitastrond prøvde å komma seg inn i kampen. Dette gjorde me òg, og me er heilt på høgde med heimelaget i ein periode. Då er det berre så forterande at det var heimelaget som fekk det neste målet ut av ingenting. Eit innlegg frå venstre vart lagt inn i boksen etter 18 minutt spel, og der kom nok ein gong bautaspiss Saglien og maga ballen i mål til 3-0.

Minuttet etterpå får Veitastrond ein fin sjanse når Kurt blir spelt fri på venstrekanten, men diverre så lobbar han ballen over både keeper og mål. Kanskje vår største sjanse i kampen...

28 minutt; Nok ein gong er det Myrkaskog som herjar med Veitastrond sitt forsvar. Vinn til seg ballen ute på venstresida, og tek den med seg innover i bana. Frå ca 18 meter knallar han ballen heilt nede i hjørnet og i mål til 4-0.

33 minutt; Kopi av 2-0 målet når Myrkaskog skyt, Patrik gjer retur og Saglien headar i tomt bur til 5-0. På dette tidspunktet så frykta me at det kunne bli verkeleg store siffer i mot...

Heldigvis så roa det seg litt ned mot slutten av 1.omgang, og me fekk etterkvart demma opp litt av Vik sitt offansive spel.

Heilt mot slutten av omgangen skulle Vik si store stjerne Øystein Myrkaskog vorte utvist. Han fekk sitt fyrste gule kort tidleg i omgangen, og hadde seinare to stygge stemplingar på Glenn Thomas og Øivind, som me meinar skulle resultert i eit nytt gult kort. Hadde Vik blitt redusert til ti mann her så skal ein ikkje sjå bort ifrå at me hadde snudd denne kampen til vår fordel ;)

Laga gjekk til pause på stillinga 5-0. Vik framstod som eit lokomotiv i denne 1.omgangen, og hadde ingen problem med å peisa over eit tafatt Veitastrondlag. Riktignok var motstandaren god, men me lyt nok og gå i oss sjølve for innsatsen var ikkje slik den burde. Det var for lite punch i duellspelet og alt for lite kyniske i eige forsvar. Til 2.omgang var me einige om å gløyma resultatet og gå ut og visa oss frå ei betre side.

 

2.omgang

Det roa seg adskilligt etter kvilen, og me slapp Vik langt mindre til.

Likevel fekk dei seg ei ny scoring etter 55 minutt når Myrkaskogen fekk ballen på 10 meter, vendte bort 3 VIL-spelarar og banka ballen i mål til 6-0.

60 minutt; Olai kjem inn for Kenneth

65 minutt; Richard kjem inn for Glenn Thomas

Veitastrond skapte ikkje all verda i 2.omgang, men dersom me legg godviljen til så hadde me eit par sjansar. Dagens kaptein Frode Kvam var centimetera frå å tuppa eit innlegg frå Kurt i mål, medan Åsmund hadde ein god heading som vart redda av keeper.

75 minutt; Karl Jomar kjem inn for Bjørn

85 minutt; Øystein kjem inn Frode Kvam, og tek over kapteinsbindet i sluttminutta ;)

Som ein sikkert skjønar så var det ikkje all verda som skjedde etter kvilen, men på overtid så fekk Vik nok ei scoring. Ein vikje avslutta frå skrått hald inne i boksen, og ballen gjekk i mål til 7-0.

Etter eit minutt på overtid så hadde hverken Veitastrond eller dommar Yngve Håkonsen tid til å spela meir, for me hadde ei ferja me skulle rekka. Dermed enda altså kampen med 7-0 i favør Vik.

Sluttord

Vik vart nokre nummer for store for oss i dag. Veitastrond visste kva som kom, og me hadde ein plan på korleis me skulle demma opp for dei, men dette kan me vel ikkje seia at me lukkast med. Når me får 0-2 i sekken etter 6 minutt, så seier det seg sjølv at det vert tøft. Vik er uansett blant dei aller beste laga i denne divisjon, og det er ikkje noko skam å tapa for dette laget. Kan og byrja å lura på kva dei et inne i Vik, for me hadde ei kjensle av at alle spelarane deira var eit hovud høgare enn oss sjølve.

Sjølv om Vik er gode så er det ingen tvil om at dei er avhengige av eit par nøkkelspelarar, og spesielt Saglien/Myrkaskog på topp er i ein klasse for seg. Kvifor Sogndal Fotball reiser til Afrika for å jakta nye spissar, når dei har slike spelarar som Myrkaskog i sitt nærmiljø får du spørja dei om...

Veitastrond på si side var tafatte i dag, og spesielt i 1.omgang spelar me ikkje så bra og legg ned så mykje innsats som skal til for å gjera det bra i ein slik kamp. Ein lyt vera med frå start av, men det var me ikkje i dag og då gjekk det som det gjekk.

Me får ta med det positive at me gjer ein betre 2.omgang, at me ikkje tapar 8-0 og at me ikkje skal til Vik fleire gonger denne sesongen. Ingen enkeltspelarar som utmerka seg særleg i dag, men me tykkjer at Olai Johnsgård gjorde sine saker bra då han kom inn og spelte back siste halvtimen og gjer han ei lita stjerne i boka.

Me takkar Vik for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare ;)

VIL-STJERNA

I dag var det Veitastrond sin alltid like optimistiske og elleville supportar Ida Johanne Ulvik som delte ut stjerner. Ho er kanskje betre kjendt som Emil Heggestad sin betre halvdel, og er å finna på sidelinja medan ho ropar GOGOGO til Veitastrond sine spelarar. Ho presiserte etter kampen at sjølv om Vik vann, så er det framleis Veitastrond som har dei tøffaste gutane i gata...
I dag meinte ho at følgande utmerka seg;

óóó Kurt Heggestad
óó Emil Heggestad
ó

Åsmund Øgar

 

Kampfakta;

06.05.11; Vik - Veitastrond 7-0 (5-0)

VIL; Patrik - Glenn Thomas (Richard), Øivind, Kenneth (Olai), Åsmund - Frode Kvam (k) (Øystein), Bjørn (Karl Jomar), Ole Petter, Emil, Kurt - Frode Kvåle

1, 2, 3, 4, 5, 6, 7-0 Myrkaskog x3, Saglien x3, Valsvik

Gule kort; ingen på VIL, 2-3 på Vik

Dommar; Yngve Håkonsen med Karl Inge Wolff og Niklas Sjøli på linjene (gode)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com