Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Sandane 4-2

Veitastrond Fotball fekk ei perfekt avslutning på vårsesongen då me i dag vann 4-2 heime mot Sandane. Etter ein god 1.omgang der me leia 2-0 og hadde full kontroll på kampen, så vart det ein rysare etter pause. Me leia både 2-1 og 3-2, og kampen stod og vippa heilt til Frode Kvam avgjorde ein gong for alle eit minutt før slutt. Dermed kan me ta ferie med heva hovudet på ein alldeles framifrå 5.plass. Før sesongen såg me føre oss ein sesong i botn av tabellen, men etter at 12 av 22 kamper er spelte så hugsar me ikkje ein gong kva ordet nedrykk betyr.

Veitastrond stilte i ein 4-3-1-2 formasjon med følande oppsett;

                           Patrik
Gaute - Richard - Øyvind - Glenn Thomas
             Bjørn - Ole Petter - Runar
                        Åsmund
               Frode Kvam - Kurt

Kenneth pådrog seg ein hjernerystelse då han sparka fotball før i veka, og Emil stod over grunna ei vridning i kneet som han fekk i forrige kamp mot Kaupanger.

Trass i flaum før i veka så var Leikvoll ei fryd å spela på i dag, og regnværet som varte heilt til kampen byrja gjorde dette til ein god dag for fotball. Ellers imponerande at så mange tilskodarar møtte opp då værgudane ikkje var heilt med oss. Dersom me ikkje sler av for hverken kjensfolk eller framande så anslår me tilskodartalet til å vera ca 100 stk i dag.

I mangel på dommarar så gjorde i dag Geir Arne Kvam frå Hafslo eit gledeleg comeback på fotballbana. Saman med Ragnar Åmodt stod han på linja, medan Asbjørn Grinde Håre hadde ansvaret som hovuddommar.

1.omgang

Veitastrond fekk ei pangopning på kampen etter berre 2 minutt. Frode driblar på kanten av 16-meteren, blir felt og får frispark heilt på hjørnet av boksen til Sandane. Kurt er raskt frampå og medan Sandane stiller opp muren så bankar han til på direkten og skrur ballen nydeleg i det motsatte hjørnet som var heilt tomt. Ei herleg scoring av Kurt!

8 minutt er spelt og Kurt er på farten igjen. Han mottek ballen på venstresida og frå spissen av 16-meteren bankar han ballen heilt nede i det motsatte hjørnet. Nok ei prakt scoring av Kurtn, og me leia 2-0! JIPPPI KAYE!

Berre minuttar etterpå er Kurt millimeterar frå å scora ekte hattrick, men skotet frå 20 meter gjekk i stolpen, og Sandane fekk etterkvart avverga situasjon.

Veitastrond fekk denne kampen inn i sitt spor med den tidlege 2-0 leiinga, og resten av 1.omgang hadde me full kontroll på Sandane. Midtbana vår jobba heroisk, og ga ikkje Sandane noko som helst tid. Forsvaret gjorde ting enkelt og greit, og heilt fremst var som vanleg Kurt og Frode farlege på kontringar.

Etter 25 minutt fekk Frode ein god sjanse åleine med keeper, men avslutninga vart redda av keeper,

Me måtte venta heilt til det siste speleminuttet i 1.omgang før me noterar Sandane sin fyrste store sjanse. På ein corner står ein spelar heilt åleine og headar på mål, men på streken står Bjørn og får heada ballen bort. Ei særdeles viktig redning av Bjørn der.

Laga gjekk til pause på stillinga 2-0, og me lyt seia at det var fullt fortent. Me hadde full kontroll på kampen, og det er synd at me ikkje får 3-0 som langt på ved hadde avgjort kampen. Me hadde fokus på å gå utpå etter pause og unngå baklengs i opningsminutta.

2.omgang

Det såg diverre ikkje ut som at Veitastrond hadde fokus på noko som helst når me entra bana i 2.omgang. Det er berre spelt 2 minutt når eit innlegg frå venstre når Sandane sin spiss som står mutters åleine inne i feltet og nikkar inn redusering til 2-1. Patrik hadde ei hand på ballen, men diverre så smeug den seg inn og dermed absolutt verste start på omgangen for vår del.

2-1 ga Sandane blod på tann, medan me vart litt nervøse og stressa. Rett etter målet hadde dei fleire store sjansar, men til alt hell så klarde dei ikkje å omsetta desse til mål.

I staden så fekk me rista av oss den dårlege starten og meldte oss etterkvart på i kampen att. Det er spelt i ca 55 minutt når Frode blir spelt fram og han tek med seg ballen inn i Sandane sin 16-meter. Det blir han felt bakifrå, og dommaren dømmer straffe utan at det er den minste protest på det. Sidan Emil var ute så gjekk kaptein Øyvind Lien fram for å skyta. I Emil sitt fråvær gjorde han jobben, og banka ballen ned i hjørne til 3-1. Ei utruleg viktig scoring for Veitastrond, som gjorde at me for alvor vakna opp igjen.

Etter scoringa vår roa det seg ned litt reint sjansemessigt, før Sandane igjen byrja å skapa eit trykk mot oss når det gjenstod eit kvarter av kampen.

80 minutt; ein Sandane spelar headar mot mål, men Richard får hovudet på den og stussar den via tverren og ut til corner. Den påfølgande corneren endar i mykje klabb og babb før den blir spelt ut på sida til Sandane igjen. Ballen blir slått inn på fyrste stolpe der kapteinen deira er fyrst på og headar ballen hardt og kontant i mål til ny spaning og 3-2.

Like etterpå hadde Sandane ein ny stor sjanse. På ein corner så vart det heada på mål frå 10 meter, men på streken stod Øyvind og nikka ballen bort. For 3.gong i kampen så redda altså ein av våre utespelarar ballen på mållinja.

I det det står på så verst så blir det for mykje for Gaute som må forlata bana med intens krampe i begge beina. Karl Jomar erstatta han. Like etterpå kom Even innpå for Runar.

85 minutt; i ein fairspelande kamp med ein fornuftig og god dommartrio så fekk me her kampens einaste gule kort. Kurt vart sparka midt i pissen, og sjølv om Sandane sin Ingmar Sægrov ikkje gjordes på det så vart han belønna med eit fortent gult kort.

Samme Sægrov kunne ha vorte utvist rett etterpå, men av ein eller anna grunn så valgte dommaren å dømma frispark til fordel for Sandane.

Eit minutt før fulltid fell avgjersla på Leikvoll. Ole Petter driv framover med ballen, og spelar perfekt igjennom til Frode. Åleine med keeper gjer han ingen feil og bankar inn 4-2 til enorm jubel og lettelse blant både spelarar og publikum.

90 minutt; Øystein kjem inn for Kurt.

Etter 4-2 scoringa så resignerte Sandane, og då dommaren blas av kampen kunne Veitastrond jubla for 4-2 siger og 3 smakfulle poeng.

Sluttord

Etter ein 1.omgang der me spelar kanonbra og har kontroll, så vart det spaning så det haldt utover i 2.omgang. Ingenting er betre enn å dra i land slitesigrar som dette, og me er glade og stolte over å nå ta ferie på 5.plass.

Ser me kampen under eitt så føler me at me vinn kampen vel fortent. At Sandane får sine sjansar og kjem inn i kampen utover i 2.omgang er ikkje anna å venta, men me kunne unngått dette ved å avgjort kampen før pause.

Me tek oss den friheta å berømma oss sjølve på ein slik dag. For me tør påstå at me går våre eigne vegar for å oppnå suksess i 4.divisjon. Der andre lag har betalte trenarar, stiller opp med eigen fysisktrenar og har gjerne opp mot 3-4 økter i veka, så gjer me ting på ein litt anna måte. Me har no ikkje hatt ei einaste trening sidan før me spelte mot Eid 2, dvs 2 og ei halv veke utan trening, og i vekene før det hadde me økter med 10 mann på trening. Når me likevel klarar å levera i kamp slik me gjer, så tek me av oss hatten for oss sjølve. Det at me ikkje trenar er ikkje noko me gjer bevist, men når me ikkje klarar å få nok folk så er det ikkje noko poeng i at dei få som kan møter opp heller.

I dag gjer me ekstra kred til Bjørn Molland som var blant banas gigantar. Det til trass for at han var på Rockabillyshow i går kveld og vakna opp i svime i dag tidleg med lommane fulle av ubrukte bongar.

No skal me ta oss ein velfortent fotballferie der me ikkje skal røra ein ball den nærmaste månaden, også får me sjå korleis formen er når me startar opp haustsesongen 6.august borte mot Høyang. 

Me takkar Sandane for ein spanande, tøff og fairspelt kamp, Me ynskjer dei hell og lykke vidare i sesongen.

VIL-STJERNA

I dag var det avdanka VIL-spelar Frank Heggestad som delte ut stjerner. I tillegg til å kommentera kampen for Hallo Sogn TV så følgte han med spelarane til VIL, og han ga følgande ekstra kred i dag;

óóó Kurt Heggestad
óó Bjørn Molland
ó

Richard Nes

 

Kampfakta;

03.07.11; Veitastrond - Sandane 4-2 (2-0)

VIL; Patrik - Gaute (Karl Jomar), Richard, Øyvind, Glenn Thomas - Bjørn, Ole Petter, Runar (Even) - Åsmund - Kurt (Øystein), Frode Kvam

1-0 Kurt

2-0 Kurt (Åsmund)

2-1 x

3-1 Øyvind str.

3-2 x

4-2 Frode Kvam (Ole Petter)

Gule kort; Ingen på VIL, 1 på Sandane.

Dommarar; Asbjørn Grinde Håre med Geir Arne Kvam og Ragnar Åmodt som linjemenn (meget gode)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com