Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Førde 2 - Veitastrond 5-0

Veitastrond ute på tur er sjeldan noko stor suksess, og ei heller denne gongen. Etter ein måndagskveld i Førde så kom me heim med utklassingsifra 0-5 i sekken. Det byrja imidlertid bra for Veitastrond då det var spelt i knappe 10 minutt og VIL vart tildelt straffespark, og i tillegg vart ein Førdespelar utivst. Diverre så bomma Emil på straffen, og i staden for at me tok initiativet i kampen så vart me regelerett overkøyrd av eit energisk og godt Førde 2 lag til trass for at dei var ein mann mindre. Spesielt 1.omgangen er horribel der me låg under 0-5...

Dei 19 spelarane me hadde før kampen i går var korta ned til 12 mann ved avreise til Førde. Spesielt synd at Ole Petter måtte melda avbud i siste sekund då han ikkje rakk kampen grunna jobb/familie. Det gjorde til at me måtte rokkera på eit lag som i hovudsak bestod av midtstoppara.

Me gjekk i dag ut i ein nykomponert 5-3-2 formasjon, der blant anna Kenneth fekk sin debut som spiss;

                          Even
Øyvind - Øivind - Lars - Ådne - Glenn Thomas
               Runar - Emil - Richard
                   Kenneth - Kurt

Tanken her var at Glenn Thomas og Øyvind skulle operera som vingbackar og bidra mykje offansivt. På benken sat Øystein i einsam majestet.

1.omgang;

Det skjedde ikkje så mykje i opningsminutta før det var spelt 9 minutt.

Kurt vann eit tilbakespel til Førde 2 sin keeper og han fekk krangla med seg ballen forbi han. I det han skal til å skyta ballen i det tomme buret blir han felt av keeper. Dommar har då ikkje noko anna val enn å dømma straffe til VIL og raudt kort til keeper, sjølv om det som alltid kan virka hardt dømt å få både straffe og raudt kort imot seg på ein gong.

Emil har vore sikkerheten sjølv på straffe i år, men diverre ikkje i dag. Den nyinnbytte Keeperen gissa på rett hjørne, og redda forsøket til Emil.

Ein skulle kanskje tru at Veitastrond tok tak i denne kampen mot 10 mann, men det gjorde me aldri. I staden lot me Førde 2 sleppa til og dei gjekk direkte i angrep etter straffemissen og scora 1-0 etter 12 minutt spel.

Berre 3 minutt etterpå kom dei igjen. Ein spelar tok med seg ballen frå midtbana, glei igjennom alt og alle før han satte inn 2-0.

20 minutt og elendigheten held fram for VIL. På ein corner så treff Lars feil og ballen går i eige mål og dermed 3-0.

Det er vel ikkje tvil om at Veitastrond i denne perioden lurte på kva som hadde treft oss. I det me trudde me skulle ta over denne kampen så satte dei 10 spelarane på Førde 2 opp eit par gir som me ikkje var i nærleiken å følgja.

Før pause så satte dei fyrst inn 4-0 på eit innlegg frå kant, før dei avslutta omgangen med eit forrykande langskot frå 30 meter i krysset.

Kanskje den mest pinlege 1.omgangen me har spelt nokon gong? Med tanke på at me spelar mot 10 mann i det meste av tida så er det ikkje haldbart å bli så til dei grader overspelt som me vart her. Me vart einige om å gå utpå til 2.omgang å berga det som var att av stolthet i dette laget.

2.omgang

Me rokkerte litt på laget og gjekk ut med ein 4-5-1 formasjon etter pause. Dette fungerte bedre og Førde 2 kom ikkje til så mange sjansar. Veitastrond stod litt høgare med laget og hadde fleire angrep som det kunne vorte noko av, men det heilt store sjanserushet uteblei.

Stort meir er det ikkje å skriva om denne kampen for vår del. Det positive får vera at me klarar å løfta oss i 2.omgang, og at me klarar å halda hovudet kaldt og unngår unødvendige gule kort.

Sluttord

Det var divisjonsskilnad på laga i Førde i denne kampen. Utruleg nok såg det ut som at denne skilnaden auka i favør Førde 2 når dei fekk ein mann utvist. Medan Veitastrond var tunge, trege og hang med hovudet så spelte med Førde 2 med ein glød og entusiasme som me så gjerne skulle hatt litt av me òg.

1.omgangen er av det katastofale slaget, men det skal seiast at me har eit vanskeleg utgangspunkt når 19 mann blir til 12 på kampdagen. Det vart heller ikkje betre at me gjekk ut i det som skulle visa seg å vera ein feilslåttt 5-3-2 formasjon. Det vart kanskje vel mykje nye rollar og spelarar i ukjende posisjonar.

Me vonar no å reise kjerringa til neste kamp som er heime mot Eid 2.

Me takkar Førde 2 med kampen, og ynsker det unge gode mannskapet deira lukke til med avslutinga på sesongen.

Kan heilt til slutt ta med at kampen vart spelt på det som må vera Sogn og Fjordane sine verste banetilhøve. Ei knallhard kunstgrasbane overfylt med vatn og flomlys så dårleg at ein knapt såg ballen. Leivkoll er utvilsamt paradis på jord i samanlikning med dette...

VIL-STJERNA

Frank Robert Værn delte ut dagens stjerner til følgande;

óóó Kurt Heggestad
óó Emil Heggestad
ó

Runar Hatlevoll

 

Kampfakta;

26.09.2011; Førde 2 - Veitastrond 5-0 (5-0)

VIL (5-3-2); Even - Øyvind, Ådne, Lars, Øivind (Øystein), Glenn Thomas - Runar, Emil, Richard - Kurt, Kenneth

1, 2, 3, 4, 5 - 0 xxxx

Gule kort; muligens ein på Førde 2

Ruadt kort; keeperen til Førde 2

Dommar; Karl Inge Wolff m/ linjemen (meget gode)

Ingen bilder frå dagens kamp...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com