Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Eid 2 0-3

Veitastrond gjekk på sesongens andre klare tap mot så godt som nedrykksklare Eid 2, då me i dag tapte 0-3 heime på eige gras. Bortelaget kom med 11 mann med ein snittalder på truleg godt under 20 år, men dette var meir enn nok i møte mot eit tungt, treigt og fantasilaust Veitastrondlag. Så mykje dårlegare undehaldning enn det me leverte i dag er ikkje mange gongene me har klart å fått til. Dette var ein flau førestilling av Veitastrond, og denne sesongen kan no ikkje bli ferdig fort nok.

Veitastrond starta med følgande lag i ein 4-3-3 formasjon;

                       Even
Øyvind - Kenneth - Lars - Glenn Thomas
          Runar - Ole Petter - Bjørn
              Emil - Richard - Kurt

Etter eit voldsomt regn i natt så vart det ein nydeleg haustdag på Veitastrond. Sola skein, det var mykje folk på stadion og god kok i grillen. Alt låg til rette for ein skikkeleg flott avslutning på fotballsesongen på Leikvoll, hadde det berre ikkje vore for dei 11 som skulle forsvara Veitastrond si ære ute på bana.

Kampen

Me gidd ikkje bruka så mykje tid på å skriva langt referat frå denne kampen. Veitastrond skulle gå offansivt ut å pressa Eid 2 frå fyrste speleminutt. Dette klarde me i ca 10 minutt, og i denne peridoen hadde me vore største sjansar. Fyrst når Kurt vart spelt igjennom, men avslutta utanfor frå litt skrått hald. Deretter når keeper!! Even heada utanfor på ein corner.

Etter den gode opninga så forsvann agressiviteten i heimelaget, og pasningspelet vårt var til tider av horribel kvalitet.

Eid 2 på si side jobba glimrande for kvarandre. Dei stod tett bakover og satsa på kontringar.

1-0 kom når Veitastrond ikkje klarde å avklara ein angrep til Eid 2, og eit innlegg frå høgre vart heada i mål på bakerste.

2-0 kom etter ein corner der me ikkje klarde å få bort ballen. Når innlegget kom for andre gong så scora dei på ny.

Dermed 2-0 til pause. Kan ellers ta med at Bjørn måtte ut med skade midtveges i 1.omgang då han skalla til ein motspelar, og fekk eit kutt i hovudet.

Veitastrond prøvde å stå høgare i 2.omgang, og dette lukkast me slik delvis med. Likevel så kom me til minimalt med sjansar.

I staden for at me klarde å få inn ei redusering så var det Eid 2 som satte sluttstrek for ein ellers heilsvart dag. Eit dårleg tilbakespel vart snappa opp av ein spiss som scora enkelt åleine med keeper, og dermed 0-3 som òg vart sluttresultatet.

 

Sluttord

Dette var tragisk dårleg av Veitastrond, og me er ikkje gode på nokon ting. Me føl ikkje opplegget om å stå høgt med laget og vert ståande midt i mellom med stor avstand mellom ledda. Me har dårleg kvalitet på det me driv med, og ikkje minst er det elendig innsats og guts i laget.

Me kan godt innrømma at når me har sett på terminlista så har me sett oss ut 3 greie poeng i denne kampen. Eid 2 heime burde og vera overkommeleg, men mot laget som mest truleg rykker ned frå årets 4.divisjon står me i år med 2 tap og ein målskilnad på 3-11. Dette var forøvrig den fyrste sigeren deira på bortebane i år, og dei hadde scora 6 mål på dei fyrste 10 bortekampane sine.

For å ta litt meir statistikk så var dette andre gong i historia at me gjekk av Leikvoll Stadion utan sjøv å scora.

No får me gjera oss ferdige med denne sesongen, også tek me eit oppgjør med oss sjølve. Haustsesongen har gitt oss 5 poeng så langt, og dersom Veitastrond skal oppretthalda sin eksistens så me det skjerpings til.

Til slutt takkar me Eid 2 for kampen, og gratulerar dei med ein 100% godt gjennomført fotballkamp. Dei ville mest på Leikvoll i dag, og vann kampen fullt fortjent.

VIL-STJERNA

Frank Heggestad fekk den tvilsamme æra av å trekka fram nokon med positivt forteikn i dag. Dei som var minst dårlege i følge Frank var i dag;

óóó Glenn Thomas Nilsen
óó Kenneth Mo
ó

Even Kvam

 

Kampfakta;

02.10.11; Veitastrond - Eid 2 0-3 (0-2)

VIL; Even - Øyvind (Øivind), Lars, Kenneth, Glenn Thomas - Bjørn (Ivan), Ole Petter, Runar - Emil (Ådne), Richard (Øystein), Kurt

0-1 x

0-2 x

0-3 x

Gule kort; 1 på Eid 2

Dommar; Jarle Andersen & co (gode)

Fleire bilder frå kampen kan du sjå HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com