Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kaupanger - Veitastrond 4-1

Veitastrond avslutta i dag årets sesong med heiderleg innsats borte mot Kaupanger. VIL tok leiinga 1-0, men Kaupanger utliknga diverre rett før pause. I 2.omgang rakna det litt for VIL, og dermed enda det 4-1. Med dette så er det slutt for i år, og det trur me at alle er glade for no.

VIL starta i dag med følgande lag i ein 4-1-4-1 formasjon;

                         Even
Øivind - Øyvind - Kenneth - Glenn Thomas
                        Richard
          Olai - Runar - Bjørn - Gaute
                          Ivan

På benken hadde me Øystein, Emil som helst ikkje skulle spela og Ole Petter som ankom stadion ut i 2.omgang.

Den som vakna opp på Veitastrond i dag vart møtt med 10 cm fersk nysnø og tanken på å spela fotball var vel ikkje det som freista mest. Heldigvis var det berre regn på Kaupanger, men utover kampen var det tendensar til sludd. Så heilt klart ein ikkje alt for fin dag for fotball på Kaupanger...

1.omgang

Veitastrond la seg djupt på bana der målet fyrst og fremst var å øydlegga for heimelaget, og satsa på at me skulle få nokon sjansar sjølve.

Me lukkast ganske bra med dette i 1.omgang. Kaupanger kom ikkje til all verda med sjansar, og når dei fyrst spelte seg igjennom så var linjedommaren på vår side og vinka offside. Var vel minst ein situasjon som kan kallast tvilsam...

Etter ca 30 minutt får Veitastrond frispark ute på høgre. Øyvind slår dette inn i boksen, og der står Bjørn som på ein nydeleg volley curlar ballen i motsatt hjørne. Ei flott scoring som truleg forlengar karriera til Bjørn med ytterlegare ein sesong ;)

Siste del av 1.omgang hadde me naturleg nok som mål å berre holda unda heimelaget, og ta med oss ei leiing til pause. Diverre så klarte me ikkje dette. For etter 42 minutt får Kaupanger eit frispark ute på venstreside, som truleg berre dommaren kan fortelja kvifor. Seier sitt når Kaupangerspelaren som vart felt ga beskjed om at det aldri var frispark, og at no måtte han slutta å blesa i hjel kampen. På det påfølgande frisparket var Kristian Opseth fyrst på og stussa den i det lengste hjørne og dermed 1-1.

Dette resultatet haldt seg til pause.

Heilt klart ein meget bra gjennomført omgang av Veitastrond. Me står godt defansivt og jobbar bra. Hadde me vore litt heldigare hadde me teke med oss ei leiing til pause, sjølv om dette ikkje akkurat hadde vore så veldig fortjent.

2.omgang

Emil kom inn i pausen for Kenneth som ikkje var i form. Øivind gjekk då inn som stoppar, Olai ned som back og Emil inn på høgrekant.

Diverre så haldt me ikkje så godt defansivt i 2.omgang, og alt etter 5 minutt får me ein i mot. Ein kommunikasjonssvikt blant midtstopparane våre gjorde at Ole Einar Rebni på Kaupanger fekk stå heilt åleine og enkelt satte inn 2-1 til Kaupanger.

Rett etterpå fekk Veitastrond ein god sjanse til å utlikna. På eit frispark frå venstresida så fekk Richard ballen, men frå 16 meter gjekk skotet hass utanfor.

55 minutt; Ole Petter inn for Ivan som trakka over

65 minutt og dommaren kjem i fokus på stadion. Even har ballen og skal sparka ut, men då dreg dommaren opp 6 sekundsregelen og dømmer frispark til Kaupanger. Han meinte altså at Even hadde haldt ballen for lenge. Ein regel som aldri blir brukt, og idioti å ta den i bruk her. Heldigivis så scora ikkje KIL på denne, men skotet gjekk utanfor. Når Even skal henta ballen får han tilsnakk for å bruka for lang tid. Sjeldan ein dryg ut tida når ein sjølv ligg under vel?

70 minutt er spelt når Kaupanger går opp til 3-1 når Rebni headar den i mål på fyrste stolpe.

75 minutt; Øystein kjem inn for Gaute.

Rett etter at Øystein kom innpå fekk han til ei avslutning på eit frispark, men diverre redda Kaupanger sin keeper. Hadde smakt med ein socring til Øystein der.

Ti minutt før slutt kjem dagens siste scoring. Hugsar ikkje heilt korleis, men det var iallefall Rebni som scora igjen og dermed fullbyrda sitt ekte hattrick.

Meir dramatikk og fokus på dommarane heilt på slutten. Opseth på Kaupanger kjem åleine igjennom heilt på spissen av 16 meteren. Even prøver å takla han, men treff ikkje skikkeleg. Likevel er det nok til at Opseth mistar kontrollen, og det er heilt rett at det er Kaupanger sin ball. Dette var utanfor 16 meteren, men Ragnar Åmodt på sidelinja hadde tydlegvis bestemt seg for at det var straffe og då var det ikkje hjelpi. Han har nemleg dømt over 1600 kampar, og då har ein visst lov å laga sine eigne reglar. Straffen tok Opseth sjølv, men denne redda Even meisterleg. Årets toppscorar i 4.divisjon Kristian Opseth har scora 33 mål denne sesongn, men berre 1 mot Veitastrond.

Dagens kommentar like etterpå når Even skal skyta ut 5 meter, men får påpeika av dommaren at ballen låg 5 cm utanfor streken. "Ja da va no ikkje so nøye om han va utafør streken ista din tyl", uttalde vår sisteskanse med klar hentydning til straffesituasjon ;)

På slutten skjedde det ikkje stort, og forfrosne spelarar og publikum var godt nøgde då dommaren blas av for full tid,

Sluttord

Så var endå ein sesong over, og det har vore ein heller skral haust for Veitastrond. 1 siger 2 uavgjorte og 7 tap har det blitt etter sommarferien. I dag var det riktignok ikkje som aller verst, og me leverte til tider god innsats.

Me spelte ein god kamp defansivt, men offansivt vart det litt tynt og det låg vel i lufta at måla til heimelaget ville komma utover. Skal ikkje skylda på dei som ikkje er med, men i dag starta me utan Ole Petter, Emil, Åsmund, Frode Kvam, Frode Kvåle og Kurt. Det seier seg sjølv at me hadde vore betre skodde om berre halvparten av desse hadde stilt til start i dag.

Ellers bar kampen preg av at det var siste for året, og ingen av laga ikkje hadde noko å spela for. Det vart litt action innimellom, men dette var stort iscensatt av dagens dommartrio som hadde nokre merkelege involveringar undervegs.

Me takkar Kaupanger for kampen, og nytta anledninga til å takka for oss for denen gong ;) Forhåpentlegvis så sjåast me igjen til neste år!

VIL-STJERNA

Hildegunn Heggestad blir siste som får dela ut stjerner i år. Dei går til;

óóó Bjørn Molland
óó Even Kvam
ó

Runar Hatlevoll

Kampfakta;

09.10.11; Kaupanger - Veitastrond 4-1 (1-1)

VIL; Even - Øivind, Øyvind, Kenneth (Emil), Glenn Thomas - Richard - Olai, Bjørn, Runar, Gaute (Øystein) - Ivan (Ole Petter)

0-1 Bjørn (Øyvind)

1-1 Kristian Opseth

2-1 Ole Einar Rebni

3-1 Rebni

4-1 Rebni

Gule kort; Gaute, Øivind og Øyvind på VIL (Stemmer dette??? gje ein lyd om det er feil...). Muligens nokon på VIL.

Dommar; Joar Vefring med Ragnar Åmodt og Sindre Myrvang på linjene (klarde å mista kontrollen på ein kamp som ikkje hadde betydning for nokon og som var 100% faitspelt)

Sjå fleire bilder HER

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com