Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Jølster 2-4

Veitastrond tapte årets andre treningskamp med 2-4 mot Jølster. VIL tok leiinga tidleg i kampen, men jølstringane kom attende og leia 4-1 før me fekk ei redusering heilt på tampen. Alt i alt var dette ei fin gjennomkøyring av Veitastrond, der me fekk prøvd ut mange spelarar i ulike posisjonar.

Veitastrond.com var ikkje tilstades så sjølve referatet blir heller tynn suppe. Kan nevnast at grunna rasfare så dukka ikkje Kurt Heggestad opp til kampen....

VIL tok leiinga tidleg, då Frode Kvam vart spelt igjennom og avslutta frå ca 18 meter utagbart for Jølster sin keeper.

Deretter utlikna Jølster til 1-1, før dei gjekk opp til 2-1 og auka til 3-1 før laga gjekk til pause.

Veitastrond skifta 5 spelarar i pausen, og med ytterlagere eit byte utover i 2.omgang fekk me altså matcha 17 spelarar, noko me er godt nøgd med.

I 2.omgang auka Jølster til 4-1, før Frode Kvåle reduserte til 4-2. Heilt på slutten var Frode nær å putta ein gong til, då eit kanonskot enda på innsida av krysstanga - synd at ikkje den gjekk inn.

Trenar Emil Heggestad var godt nøgd med denne kampen, og han tykkjer at me holdt bra følge med Jølster. Med tanke på at me har hatt ei noko rufsete oppkøyring så langt, og Jølster rykka ned frå 3.divisjon i fjor og er eit av laga med opprykksambisjonar i år, så føler Emil at me er i god rute fram mot seriestart.

Måla me fekk i mot var prega av slurvete forsvarsspel, og dette er sjølvsagt slikt som me lukar bort til alvoret byrjar.

Av enkeltspelarar så vil Emil trekka fram Karl Jomar, som gjorde ein god kamp på høgreback. På motsatt back gjorde ein av debutantane Runar ein fin figur der han jobbar utrøytteleg. Offansivt gjer Emil kred til Åsmund, Frode x2 og Bjørn, sistnevnte for si rolle som hengande spiss.

Kan henda Emil trekte fram nokon til, men då har me gløymt det...

Det var ellers god temperatur i denne kampen, og det hadde ikkje vore så mykje sagt på om dommar Frank Heggestad hadde trekt opp det raude kortet undervegs, men han valgte å halda seg til dei gule.

Me takkar Jølster for kampen, og ser fram til å måla krefter mot dei seinare i år...

 

Kampfakta;

Patrik (Even) - Karl Jomar (Olai), Øyvind, Øivind (Ådne), Runar - Emil (Ole Petter), Glenn Thomas (Øystein) - Frode Kvam, Bjørn (Frode Kvåle), Åsmund - Ivan

I sivilt på benkekn; Gaute og Geir.

1-0 Frode Kvam

1-1 x

1-2 x

1-3 x

1-4 x

2-4 Frode Kvåle

Dommar; Frank Heggestad (god ;)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com