Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Sogndal 2 0-6

Sogndal 2 var best i alt og vann gårsdagens treningskamp med 6-0 over Veitastrond. For VIL sin del vart kampen ei treningsøkt der me fekk prøva oss mot eit betre lag og øva oss på det defansive arbeidet. Som vanleg går me ut med hovudet heva og tek slike kampar som eit ledd i treninga.

Veitastrond stilte med ein tropp på 14 mann, som må seiast å vera bra med tanke på at dette var ein treningskamp i midten av mars. Likevel var laget merkbart svekka då nøkkelspelarar som Even Kvam, Kenneth Mo, Emil Heggestad, Kurt Heggestad, Frode Kvåle og Frode Kvam stod over.

I frå spark ein på ballen så var det SIL2 som hadde føringa i kampen. Dei framstod som både pasningssikre og løpssterke, og slo mange trekk innad i laget. Når Veitastrond fekk tak i ballen vart det sjeldan meir enn 3 trekk før me mista ballen.

Veitastrond haldt bra stand dei fyrste 20 minutta, og i denne perioden hadde heller ikkje SIL2 så veldig mange sjansar til tross for dominerande banespel. Diverre rakna VIL i ein periode etter dette, og SIL2 scora to kjappe mål etter ca 22 og 26 min.

VIL fekk og nokon sjansar, der Åsmund hadde eit par forsøk utan å lukkast. VIL hadde og 6 cornera på rappen mot slutten av omgangen utan å klara å komma til dei heilt store sjansane.

Til pause var stillinga 2-0 til SIL2.

Etter pause gjekk Veitastrond frå ein 4-2-3-1 formasjon, til meir tradisjonelle 4-4-2. Det opna bra for Veitastrond som var på hugget dei fyrste 5 minutta, men så fekk me ein i fleisen og det vesle av luft som var i ballongen gjekk ut.

Sogndal 2 scora 4-0 like etterpå, før 5-0 kom på kvledens vakraste. Ein SIL2 spelar dribla bort ein 2-3 spelarar, før han på kanten av 16 meteren dunka den i krysset.

Mot slutten fastsette dei sluttresultatet til 6-0.

Veitastrond hadde og nokre forsøk i 2.omg. Ivan vart takla då han kom åleine med keeper, medan Åsmund ropte på straffe mot slutten utan at dagens dommar Frank Heggestad gav dette - korrekt avgjersle meinar me.

Så då vart det slik at Sogndal 2 vann fullt fortent 6-0, mot eit heller tamt VIL-lag.

Dersom me skal hevda oss mot eit slikt lag i årets sesong, så er me ganske enkelt avhengige av å trena meir å komma i betre form. Samt at me lyt ha eit toppa mannskap, utan at me nyttar det som ei unnskyldning i ein slik kamp.

Av det positive i dag tek me med at Lars Bruhaug fekk sin debut som midtstoppar, og synte prov på at han vil bli ein nyttig spelar for oss i 2011.

Sogndal 2 har eit godt ungt lag, og me tilsig av A-lagsspelarar kjem dei garantert til å kjempa om opprykk til 3.divisjon i år.

Me takkar dei for kampen, og ser fram til neste møte på Fosshaugane Campus ;)

 

Kampfakta;

VIL - SIL2 0-6 (0-2)

VIL; Patrik - Karl Jomar (Glenn Thomas), Øyvind, Øivnd (Lars), Runar - Åsmund, Ole Petter, Richard (Ådne), Bjørn, Olai - Ivan.

0-1, 2, 3, 4, 5, 6 xxxxxx

Gule kort; Runar, Øyvind og Ådne på VIL. 1 på SIL2.

Dommar; Frank Heggestad (M)

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com