Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  VIL-spelarane skeiar ut

Det er no snart ein månad sidan Veitastrond avslutta sesongen 2010, og kunne jubla for ny kontrakt i 4.divisjon. Då spelarane kom heim til Sogn etter den lange turen borte mot Askvoll/Holmedal bar det rett på feiring på Dolly Dimple, der spelarane meska seg med pizza og god drikke. Dette var heilt klart ein fin måte å runda av ein suksesfull sesong på, og spelarane gjekk etterkvart heim kvar til sitt. I ettertid viser det seg at enkelte av spelarane våre ikkje heilt har klart å komma attende til treningskvardagen etter sesongslutt, og det kan nesten virka som dei ikkje har forlete Dolly etter at opprykket vart feira den 10.10.10. Veitastrond.com gjer deg i dag dei sjokkkerande historiane, og ikkje minst dei oppsiktvsvekkande bilda av korleis VIL-spelarane let kroppen forfalla under vinterpausen...

I dag skal me gje dykk eit innblikk i korleis dagleglivet til to av dei mest respekterte VIL-spelarane har fortona seg etter sesongslutt. Kaptein og visekaptein; Even Kvam og Kim Andre Navarsete, har nemleg etter sesongen lagt alt som heiter trening bak seg, og det er oppsiktsvekkande og sjå korleis dei har lete kroppane sine forfalle den siste månaden.

Even Kvam som alltid har vore kjent for å vera tynn som ei flis til tross for at han ikkje trenar alt for mykje og et som ein hest, har tydlegvis komme over kneika der han kan eta som han vil. Det viser seg no at han legg på seg for kvar matsmule som finn vegen ned i magasekken, og for kvar smule som går inn så aukar berre apetitten. Ei kjelde som Veitastrond.com har vore i kontakt med seier at den gule Mesta bilen til Even stort sett er å finna utanfor Statoil i arbeidstida. Då er det ikkje for å fylla bensin, men å grøya i seg mest mogleg råtamat.

Den einaste formen for trening Even har hatt den siste tida seiast å vera når han hevar venstrearmen frå tallerken til munnen når han et.

Dersom det held fram slik så dekkar truleg Even heile målet når sesongen 2011 startar, og såleis skulle det ikkje vera så lett å scora mål på målvakten vår...

Kimmy på feittkur

Til liks med Even så har og vår visekaptein Kim Andre Navarsete levd livets "glade" dagar den siste tida.

Veitastrond.com tok kontakt med Kim Andre og fekk komma heim til han for å sjå korleis det stod til. Me lyt vel seia at me vart noko overraska då me kom innom dørane, og såg korleis Kimmy hadde det.

Ikkje før hadde me stege over dørstokken før me haldt på å strøvla i tomme hamburgarboksar og pizzaemballase, og me hadde eit fela strev med å finna fram til stova i mellom alt bosset som låg strødd utover. Til slutt fann me fram til Kim Andre som sat djupt nede i sofaen og maula på ei majonestube medan han såg på reprise av Hotel Cæsar.

"Veit du, at etter sesongen så var eg så drita lei alt som heiter fysisk aktivitet at eg bestemte meg for at no var det stopp ei stund framover. Etter nokre veker på latsida så kjenner eg at eg no har samla meg passe med overskot og er klar til sesongoppkøyring med VIL-fotball", uttala Kimmy daft til vår reportar.

Så mykje meir fekk me ikkje ut av Kim Andre, som tydeleg syntes at det var eit ork å berra opna kjeften. Han såg apatisk mot tv-skjermen, og passa på å ligga i ein slik stilling på sofaen at ikkje ein muskel var i bruk.

Etter at Hotel Cæsar var ferdig reiste me heim, djupt sjokkert over korleis ståa på vår visekaptein var.

Veitastrond.com vonar med dette at spelarane har fine fridagar frå fotballen, men det er kanskje greit om ikkje alle dreg det like langt som Even og Kim Andre...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com