Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Hafslo - Veitastrond

Då går endeleg ventetida mot slutten, og det kan gjerast klar for det etterkvart så velkjende lokalderbeyt mellom Hafslo og Veitastrond.

Det er venta ein tett og tøff batalja på Hafslo Stadion i morgon. Dei to laga har solangt fulgt kvarandre så tett som råd. Begge vann komfortabelt mot Norane og Aurland/Lærdal 2, begge slo Balestrand 3-0 medan Hafslo måtte avgje poeng i 1-1 kampen mot SIL3 der VIL vann knepent 4-3. Veitastrond leiar altså tabellen før denne kampen med 2 poeng på Hafslo, men det er grunn til å tru at det er dei innbyrdes oppgjera desse to laga i mellom som vil avgjera årets 6.div avd. 1.

I fjor vart det til saman spelt 4 kampar mellom HIL og VIL (1 treningskamp + 3 seriekampar). Der enda det 4-4, 3-2, 3-4, 3-3 og altså så jevnt, tett og tøft som det mogleg å få det, og ingenting skulle tyda på at det vil bli noko annleis i morgon.

Heilt sidan Hafslo stilte med lag att i 2005 sesongen har rivaliseringen i desse kampane balansert mellom det ein kan kalla leik og moro og det som må reknast som ramme alvor. Det har til tider vore høg tempratur utanfor bana, og særleg ein del diskusjonsforum rundt omkring har fått køyrt seg skikkeleg. Kven kan vel til dømes gløyma den legendariske tråden "Kjære Hafslobøgdinga" som fann stad på VIL-fotball si fyrste heimeside. Om tempraturen vert like høg framfor denne vekas to kampar gjenstår å sjå...

For Veitastrond sin del er siste nytt at midtstoggar Øivind Kristiansen har pådrege seg ein kneskade som sannsynlegvis vil halda han ute for resten av vårsesongen. Han joinar dermed Ole Kristian og Pelle på skadelista. I tillegg til desse er Helge framleis borte til haustsesongen, medan me endå ikkje har fått noko bekrefting frå kretsen om at Øyvind og Jon Arne er speleklare.

Dei 11 som skal forsvara VIL si æra i morgon vert sannsynlegvis; Gøran - Ivar, Frank Robert, Even, Tor Olav - Bjørn, Petter, Emil, Erlend - Richard, Arne. På benken har me; Arvid, Geir, Frank, Vidar, Jonny, Jan Erik og Øystein.

Dette vil seia at Tor Olav går ned som back medan Even går inn i midten og tek stoggarplassen til Øivind. Erlend vert flytta ut på kanten medan Petter trekk inn sentralt der Emil går inn igjen på laget etter at han byrja på benken mot Balestrand. Til deg Emil vil me gjerne be deg om at du no held deg skadefri i 2 x 90 min, dette kan vera den avgjerande nøkkelen til suskess eller fiasko for VIL. På topp kjem Arne inn for Vidar. Dette er fyrst og fremst for at han har litt andre ferdigheter enn Vidar og Richard som gjerne likar seg best med ryggen mot mål, medan Arne er raskare enn ein vårkåt leopard på jakt etter ein make i sumarnatta, og me kan dermed trua bakrommet mykje meir.

Me håpar at flest mogleg tek turen nedom Strandavatnet  i morgon kveld. Kampstart er kl 18:30.

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com