Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Kaupanger - Veitastrond

Då er det klart for det som me kan kalla årets bortekamp for Veitastrond Fotball. I morgon tek me den korte turen ut på Kaupanger og me gjer oss dermed klare for eit skikkeleg lokaloppgjer. Me tapte vårkampen 2-0 på Leikvoll og det burde vera eit revansjesugent Veitastrondlag som entrar bana, og som vil gjera sitt ytterste for å trenga igjennom det solide Kaupangerlaget. Etter nokre viktige kampar der me følte me hadde kniven litt på strupen i kampen om poenga, så er kanskje denne bortekampen av det kaliberet at me ikkje må vinna. Forhåpentlegvis gjer dette utslag i senka skuldrar, fin fotball og poeng med att i sekken til Strondi.

Har diverre ikkje noko lag klart, men stallen ser ca slik ut;

Even, Andreas, Gaute, Geir, Kenneth, Kim Andre, Øivind, Øyvind, Bjørn, Emil, Ivan, Kurt, Åsmund, Frode Kvam, Richard og Øystein,

Dei som har meldt forfall er; Patrik, Erlend, Frank, Olai, Arne, Frode Kvåle og Gøran. I tillegg så kan me nevna at i troppen som tel 16 mann har me nokre usikre, då Geir slit med sjukdom, Kurt manglar avløysar og Frode slit med ein skade. I verste fall er me berre 13 mann klare til kamp, og då utan våre to mest scorande spelarar Kurt og Frode. 

Veitastrond kjem til denne kampen med noko varierande resultat bak seg. På 5 kampar i haust står me med 2 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap. Alle poenga er fanga heime på Leikvoll, medan me har to tap på bortebane. Så langt har me ikkje komme inn i flytsona på hausten, men me vonar at me kom oss inn på denne forrige helg og surfar inn til 3 nye poeng her.

Ekstra spesiell vert nok kampen for Andreas Bjelde i morgon. 29 åringen som har spelt for Kaupanger sidan han var 7 år meldte overgang til VIL i haust, og i morgon spelar han mot sine eigne i si eiga leikegrind. Mon tru korleis det vil arta seg?

Kaupanger

Som sagt så vann Kaupanger 2-0 på Leikvoll i vår, og dette var den fyrste kampen me nokon gong har spelt på eige gras utan å scora mål. Dette var nok ikkje tilfeldig for Kaupanger har i år holdt nullen i heile 8 kampar i 4.divisjon, og dette lyt me seia er ganske så imponerande. Til samanlikning kan me nevna at Veitastrond har holdt nullen 10 gonger, men då lyt me ta med samtlege sesongar sidan oppstarten i 2004.

Kaupanger ligg på 2.plass på tabellen og er i kanonform om dagen. Dei kjem til denne kampen med 6 strake sigrar og me reknar med dei er proppfulle av sjølvtillit. På tide å jekka dei ned eit par hakk med andre ord...

Veitastrond si største oppgåve i morgon vert å prøva å trenga igjennom Kaupanger sitt solide forsvar, og scora fleire mål enn motstandaren i løpet av 90 minutt.

Kampen startar kl 14:00, og me oppfordrar folk om å ta turen til Kaupanger og støtta opp om VIL-fotball. Forøvrig kan me nevna at dette vert fyrste gong Veitastrond spelar på grasbana på Kaupanger, og me gler oss!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com