Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Årdal 2

Ny helg og nye utfordringar står for tur. Denne gongen er det Årdal 2 som gjestar Leikvoll i det som nok ein gong vert ein viktig kamp. Me skreiv før forrige kamp mot Lærdal at det var årets viktigaste kamp, men den lyt nok gå ned på rangstigen føre denne kampen. Laga rundt oss på tabellen tapte sine kampar denne runden, og dette gjer oss ein fin sjanse til å få eit lite pusterom frå våre konkurrentar. Men då lyt me fyrst vinna kampen mot Årdal 2, og ingen forventar at eit Veitastrond lag ute av form skal få det lett i morgon.

Me har ikkje noko lag klart til denne kampen, men troppen er som fylgjer;

Even, Andreas, Frank, Gaute, Geir, Kenneth, Kim Andre, Øyvind, Bjørn, Emil, Kurt, Åsmund, Ivan, Arne, Frode Kvam, Gøran, Richard og Øystein,

Dei som ikkje er med er; Patrik, Erlend, Øivind, Frode Kvåle og Olai.

Troppen tel 18 mann i morgon, og me kan i allefall ikkje klaga på at me manglar folk om det skulle gå skeis i denne kampen.

Veitastrond kjem til denne kampen med 1 poeng på dei siste 3 kampane, og me jaktar febrilsk på ein siger som kan føra oss attende på vinnarsporet. Laget har trena godt den siste tida, og det er mange spelarar som kjempar om å komma med blant dei 11.

Årdal 2

Årdølene kjem til denne kampen med 2 strake tap og i likhet med oss er dei på jakt etter ein ettelengta siger.

Vårkampen enda 5-4 til Årdal 2, i det som var ein høgdramatisk kamp. Me vert ikkje overraska om det vert eit nytt drama i morgon.

Ta middagen på Leikvoll

Det praktfulle haustværet gjer inspirasjon til våre kokkar, og i morgon meldast det som store ting i kiosken.

Rømmagraut, pølse i heimelaga potetkake og eplekake burde få folk til å gå mann av huse.

Me ynskjer gamle og nye fotballvener velkomne til kamp på Leikvoll i morgon.

Kampstart kl 15:00. Inngang kr 50.

VEL MØTT!!!

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com