Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Hafslo

Då er det altså klart for årets fyrste lokalderby på Leikvoll Stadion. Hafslo tek turen framom Soget, og som me har nevnt tidlegare så er det ei praktfull ramme rundt denne kampen. NRK kjem med kamera, Torodd Kvam med grillen og gode værmeldingar gjer at me forventar eit storinnrykk av folk på denne måndagskvelden. Einaste som gjenstår for å gjera dagen komplett er at Veitastrond let alle 3 poenga vera igjen her i bygda!

Veitastrond stiller truleg med følgande lag;

Gøran

Frank - Richard - Even - Kim Andre

Bjørn - Emil - Geir - Kurt

Vidar - Frode

På benken; Jon Arne, Arvid, Ole Kristian, Øivind, Gaute, Helge, Jan Erik, Øyvind, Morten, Arne og Øystein.

Det vil seia at me ikkje har nokon fråfall til denne kampen, og me har faktisk eit heilt fotballag på benken.

Med så mange folk tilgjengeleg vert det eit luxusproblem for trenarane som skal ta ut laget, men som de ser så har dei valgt å berre gjera ei endring frå forrige kamp. Geir er tilbake frå karantene og han går inn på laget for Øyvind. Bjørn må då trekka ut frå favorittrolla si sentral på bana, og spelar på vingen slik at Geir får plass sentralt.

Det har vore til tider ville tilstandar i dei 5 siste kampane våre der måla har rent inn både framma og bak (so han sa guten...) På desse kampane står me bokført med ein vannvittig målskilnad på 29-20, dvs eit snitt på nesten 10 mål pr kamp. Me vurderte å legga om formasjonen for å få litt meir trygghet bakover til denne kampen, men me droppa dette og publikum kan truleg venta seg eit nytt målkalas på Leikvoll i morgon!

Hafslo

Naboane våre nede på Hafslo har hatt ein litt tung sesong i år og dei ligg på 7.plass berre 1 poeng føre Jølster 2 på siste. Dei framstår som eit solid defansivt lag, og med sine 16 baklengs har dei klart minst i avdelinga. Framover går det langt tyngre for Hafslo, og berre Jølster 2 har putta mindre enn gultrøyene.

Rapportane frå Hafslo seier at dei har vore spelemessigt bedre enn det resultata viser. Dei har ein lei tendens til å tapa jamne kampar, og står så langt bokført med 6 1-målstap. Dette er sjølvsagt surt for Hafslo, men når det skjer så ofte så trur me at det neppe er berre tilfeldighetar.

I sommar har dei henta mange forsterkingar utan at det har hjelpt dei særleg, og siste siger kom så seint tilbake som 27.mai mot Jølster 2.

Det er likevel ingen grunn til å tru at Hafslo kjem til Leikvoll utan tru på siger i morgon. Me hugsar med skrekk og gru tilbake på forrige batalje mot Hafslo på Leikvoll, som enda med 1-9 tap for oss - truleg den svartaste dagen i vår historie. Veitastrond Fotball innbyr til folkefest i morgon, og ingenting hadde vel vore betre for Hafslo enn om dei klarar å setta ein dempar på festen!

Mykje folk og god mat

For tredje heimekamp i år så køyrer me heim benkane på Leikvoll, og dette vil seia at folk får anledning til å kjøpa seg meir mat enn vanleg. Torodd Kvam kjem for å grilla, og det vert mogleg å kjøpa seg ein grilltallerken av beste kvalitet.

Som vanleg er det Torstein Egil Kvam som skal dømma dette lokaloppgjeret, og i morgon har han og med seg linjemenn. Dvs at det for fyrste gong på Leikvoll Stadion er på plass ein dommartrio - me gler oss!

Kampen startar kl 18:00 i morgon den 1.september, og me oppfordrar alle som kan krypa og gå om å møta opp!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com