Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Sandane

Då er det klart for tjuvstarting av haustsesongen når Veitastrond i morgon tek i mot Sandane. Det har vore litt usikkerhet om denne kampen kunne bli spelt på Leikvoll grunna flaum, men no har vatnet trekt seg attende og bana er klar til kamp.

Me har ikkje noko lag klart, men følgande spelarar har meldt seg klare til kamp;

Patrik, Even, Gaute, Geir, Karl Jomar, Lars, Runar, Øyvind, Bjørn, Glenn Thomas, Kurt, Ole Petter, Åsmund, Frode Kvam, Richard og Øystein.

Dei som ikkje er med Ivan, Øivind, Olai, Kenneth, Frode Kvåle og Emil.

Frå dei som starta forrige kamp er altså Kenneth og Emil ute, og det vil seia at to av våre fremste nøkkelspelarar må stå over. Begge er ute med skade.

Me ser ellers at kaptein Øyvind er attende, samt at Lars endeleg er kvitt skadane sine og kan få sin debut i VIL-trøya i morgon.

Sandane er eit lag me erfaringsmessig har slitt veldig med. På tre møter står me med 3 tap og ein målskilnad på 3-15. Me håpar at me kan pynta på den statistikken i morgon.

Kampen byrjar kl 16:00, og me ynskjer vel møtt!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com