Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Gaute Olstad takkar for seg

Gaute Olstad som har vore ein del av VIL-fotball heilt sidan starten i 2004 vel no å legga skoa på hylla. Sidan han ikkje har vist seg på treningsfeltet hittil kjem det kanskje ikkje som noko stor overrasking, men alle hadde likevel håpa i det lengste at han ville dukka opp etterkvart.

Gaute ga i helga beskjed til trenarapparatet at han ikkje blir med VIL-fotball vidare på grunn av personlege årsakar. Han studerer no tredje året på ressursgeologi og kan snart vera klar for jobb innanfor oljen. Dette vil muligens seia at Gaute må flytta på seg, og det seier seg sjølv at det vert vanskeleg å kombinera med spel for oss.

Då me starta opp med fotballag i 2004 kom Gaute inn på laget som eit friskt pust. Han vart fort ein meget viktig spelar, og ein av bærebjelkane både på og utanfor bana. Han var som regel å finna på høgreback, men har og fått prøva seg både som midtstoggar, indreløpar, ving og angrep. På 3 sesongar fekk han med seg 33 kampar i den blåe trøya og scora i alt 3 mål. Ikkje minst vil han for alltid bli hugsa for å ha scora tidenes første seriemål for VIL mot Balestrand i 2004 (som ein hyggeleg gest til Gaute har me no lagt denne hendinga inn under rekordar, ein rekord det skulle verta vanskeleg å slå)

No når han takkar for seg vil Gaute nytta høve til å takka alle sine medspelarar og det fantastiske Leikvoll-publikumet for den kontinuerlege støtten han har fått. "VIL-fotball er, og vil forsatt vera som ein familie for meg. No når eg vel å trappa ned skal eg ta med meg alle dei gylne minnene og leva lenge på dei. Eg vil sjølvsagt følgja laget tett i framtida, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at eg dukkar opp på på ein trening eller to i løpet av sesongen. Vil med dette takka for meg å ynskja laget alt godt i tida framover", uttalde ein gråtkvald Gaute Olstad i prat med Veitastrond.com i ettermiddag.

VIL-fotball vil takka Gaute for den fantastiske innsatsen han har gjort for klubben. Med sin lange erfaring i klubben er det ein del av grunnfjellet til klubben som no diverre er borte. Me ynskjer deg lukke til vidare i livet, og skulle du ombestemma deg vil døra alltid vera open hjå oss!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com