Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Framifrå heimestatistikk

Veitastrond avslutta vårsesongen med to heimesigrar mot Kaupanger og Sandane. To smakfulle trepoengarar mot antatt betre lag enn oss sjølve. Ser me litt på statistikken vår på Leikvoll var kanskje ikkje sigrane så overraskande likevel, for Veitastrond har etterkvart opparbeida seg ein heimestatistikk som få lag kan måla seg meg.

Veitastrond har nemleg spelt 14 kampar på rad utan tap på heimebane. Dette inneber 12 sigrar og 2 uavgjorte kampar. Forrige heimetap var mot Kaupanger 29.mai 2010, då me rauk 0-2, i det som er den einaste heimekampen nokon gong at me sjølve ikkje har scora. Ironisk nok så tapte me og heimekampen før mot Lærdal, slik at me stod med 2 tap på rad før me byrja vår rekke med ubesigra heimekampar.

Dei 14 kampane me har spelt etter dette er som fylgjer;

Dato

Motstandar

Resultat

09.06.2010

Saga

3-0

27.06.2010

Askvoll/Holmedal

5-4

01.07.2010

Gaular

4-3

07.08.2010

Skavøypoll

7-1

22.08.2010

Eikefjord

2-2

05.09.2010

Årdal 2

6-3

19.09.2010

Selje

8-3

02.10.2010

Førde 2

3-2

25.04.2011

Høyang

5-1

16.05.2011

Lærdal

6-0

27.05.2011

Jølster 

1-0

13.06.2011

Førde 2

0-0

25.06.2011

Kaupanger

2-0

03.07.2011

Sandane

4-2

Som sagt er dette 14 kampar med resultat 12-2-0 og og 38 av 42 moglege poeng. Me har ein målskilnad på 56-21, som gjer eit snittresultat på 4-1,5 pr kamp.

12 av desse kampane har vore spelt heime på Leikvoll, medan kampane mot Høyang og Førde vart spelt i Sognahallen.

Ein skulle kanskje tru at med ein slik statatiskk så burde Veitastrond vore heilt i toppen av tabellen. Dette set imidlertid bortestatistikken vår ein effektiv stoppar for, då denne i samme tidsrom er på 3-0-10. Det vil seia at me har sanka 9 av 39 poeng på bortebane. Her har me ein målskilnad på 25-52.

Stor skilnad på heime og borte

Det er vanskeleg å setta fingern på kvifor me er så mykje betre på heimebane enn det me er borte. Det er ikkje tvil om at Leivkoll er ei spesiell bane, då ho er både lita og intim. Likevel har ikkje Veitastrond vore spesielt gode på Leikvoll historisk sett. På vinterstid trenar me i Sognahallen, og det er som regel her og på andre kunstgrasbaner me har spelt våre beste kampar.

Ein av grunnane til at dette har endra seg i år kan vera at fleire og fleire lag har fått seg kunstgrasbaner, og er meir vandt med kunstig underlag enn grasbaner. Mange av desse laga satsar på ein spelande stil, men denne er det vanskeleg å få til på ei lita grasmatte som det er på Leikvoll. Då har me kanskje vore flinkare det siste året og lagt opp taktikken etter dette, og me føler oss etterkvart komfortable på eige gras.

Ein anna faktor er nok at spelarane våre likar veldig godt å spela heime. Det er ikkje nokon stor løyndom at når me reiser på lange borteturar så blir det fleire forfall, og me stiller generelt litt dårlegare mannskap. Dette kan forsåvidt vera ein av årsakane til at me gjer det så bra heime òg, då laga som vitjar oss ofte har Leikvoll som årets lengste bortetur og då stiller dei gjerne ikkje alltid fulltallige.

Den siste faktoren som me trur spelar inn er publikum på Leikvoll. Heimekampane våre er små bygdafester der alle mann alle møter opp, og publikum og spelarane har ein veldig god tone seg i mellom. Det er meir som ein fotballfamilie på Veitastrond. Dette gjer at spelarane gler seg ekstra til å spela på Leikvoll, og me trur at heimepublikumet er vår 12.mann som spelar ei viktig rolle i vår jakt på 3 poengarar.

I tillegg har det sjølvsagt ein god del med marginar å gjera, og det er mange av desse 14 kampane som har vore jamnspelte og der me fort kunne ha tapt kampen med litt mindre hell. Men over så lang tid så likar me å tru at det er meir dyktigher enn flaks som gjer at me ikkje tapar heime.

14 kampar på rad utan tap er ei framifrå rekke, og heilt unik i vår samanheng. Me lyt berre nyta slike statistikkar så lenge me kan, for før eller seinare så ryk den. Allereie til hausten så ventar det oss 5 tøffe kampar mot topplaga Vik, Sogndal 2 og Dale. Syril kjem for fyrste gong til Leikvoll, og me veit at lokaloppgjer som dette aldri blir enkelt, og til slutt kjem Eid 2 på besøk, og etter 3-8 tap borte er heller ikkje dette noko å kimsa av.

Me gler oss uansett til nye kampar på Leikvoll, og er førebudd på det meste!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com