Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Ny spelar; Ivan Jokic

Som ellers i fotballeuropa så stengte og overgangsvindauget for Veitastrond den 1.september. Det vil seia at etter denne datoen så lyt me klara oss me dei spelarane som allereie stod oppført i klubben. Veitastrond hadde ein hektisk dag før vindauget stengte, og dette resulterte i ein ny signering. Vår nye spelar heiter Ivan Jokic, og det har neppe ramla inn ein like eksotisk spelar til VIL-fotball nokon gong som det me kan presentera no.

Ivan Jokic er 19 år og kjem frå Lofoten i Nord Norge. Som navnet kanskje tilseier så er han ikkje ekte lofotværing, då han opprinneleg kjem frå Serbia. Han flytta til Norge som 10 åring, og har sidan den gong budd oppe i nord.

Han har tidlegare spelt fotball for Svolvær IL og Lofoten, noko som tilseier at han har spelt i 3. og 4.divisjon. Som fotballspelar er han ein type med god teknikk og som likar best at ballen held seg på bakkenivå. Ivan likar seg best sentralt i bana, og seier til Veitastrond.com at det er samme om han spelar i forsvar, på midtbana eller som spiss. Med andre ord ein anvendeleg spelar som me heilt sikkert vil få mykje nytte av.

Ivan er fyrsteårsstudent i Sogndal der han går på lærarutdanning. Han kom i kontakt med Veitastrond ved at han hadde Åsmund Øgar som fadder den fyrste veka som student i Sogndal, og det var han som tok Ivan med på treningsfeltet.

Etter nokre veker saman med sin nye klubb har Ivan fått eit godt fyrste inntrykk av klubben. Han uttalar at seriøsiteten er akkurat passe og det høver godt å kombinera VIL-fotball med studentlivet. Faktisk så hadde Ivan aldri spelt på gras før, og han seier at dette var noko uvandt i starten. I Norg Norge har dei iflg Ivan stort sett berre kunstgrasbaner.

Me vonar at Ivan etterkvart vert godt kjent med både grasmatter og Veitastrond, og me ynskjer han velkommen til klubben.

Godt nøgd trenar

Ivan Jokic vart siste spelar som vart klar for Veitastrond denne sesongen, etter at klubben har vore aktive på overgangsmarknaden den siste tida. Patrik Fritzon, Frode Kvåle, Andreas Bjelde, Olai Johnsgård og Ivan Jokic har alle signert for klubben, og dermed har kampen om plassane auka betrakteleg den siste tida.

Trenar Emil Heggestad benektar at dei nye spelarane er henta inn på grunn av dårlege resultat den siste tida;

"Nei det er nok ikkje tilfelle. Likevel har det vist seg i det siste at me sjeldan er meir folk på kampane enn det me må vera, og me vonar no at me får meir breidde i stallen slik at me til ein kvar kamp kan stilla mannssterke"

Spelarane som har komme inn den siste tida er ein mix av både lokale spelarar og studentar, og medan nokon sikkert vil vera kritiske til innkjøpspolitikken så meinar Emil at dette er heilt i tråd med slik som Veitastrond vil framstå;

"Ideelt sett skulle me sjølvsagt hatt ein stall med 20 vaskeekte strendingar, men så mange fotballspelarar har me ikkje på Strondi så det er ikkje noko aktuelt tema for oss. Me har ein fast stamme med lokale spelarar som har vore med sidan starten i 2004, og rundt desse fyller me på med spelarar frå bygder her i distriktet og studentar i Sogndal"

Ein engasgjert trenar held fram med å snakka om kor fin mix dei nye spelarane er, og kor viktig det er å "spreia bodskapen" om VIL-fotball;

"Me byrja med å henta Patrik som har strandablod i årene, og me henta no til slutt inn Ivan som kjem frå Lofoten og Serbia. Dette gjer oss eit spanande fellesskap, og eg meinar det er viktig at studentane i Sogndal blir integrete i lokalmiløet, samstundes som det er sundt for oss her heime på bjerget å få komma i kontakt med nye folk. Olai og Ivan kjem frå landsdeler der Veitastrond ikkje har hatt spelarar før, og me ser på det som positivt at flest mogleg får kjennskap til klubben vår" 

Sidan overgangsvindauget no er stengt og dette har resultert i fleire nye spelarar, så håpar Emil no at laget skal få konsentrera seg eine og åleine om å forbetra det sporstlege. Neste kamp kjem mot Årdal 2 på søndag, og Veitastrond må snarast byrja å vinna kampar dersom plassen skal sikrast.

Me ynskjer Emil, Ivan og resten av laget lukke til med dei resterande kampane av sesongen.

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com