Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kim Andre går til Fjøra

Kim Andre Navarsete som var Veitastrond sin kaptein i 2010 forlet klubben og kjem til å spela for Fjøra FK den kommande sesongen.

Når ein driv ein fotballklubb er det nærast ein del av kvardagen at nokon spelarar kjem og andre går. Etterkvart vert dette ein vane, men det er ingen tvil om at å sjå Kim Andre Navarsete forlate klubben gjer vondt djupt inne i hjarterota. Kimmy har vore ein av våre beste spelarar dei siste sesongane og hans bidrag både på og utanfor bana vert vanskeleg, om ikkje umogleg å erstatta for Veitastrond Fotball.

Opptur på opptur

Det er nokre år sidan no at Kim Andre kom dinglande inn på ei Veitastrond trening iført sin gråe Lerumjoggedress. Han var eit produkt frå talentspeidar Gøran Fimreite sitt arbeid, og me tør påstå at det ein av dei mest vellukka spelarane som Gøran har presentert for oss.

Kim Andre debuterte for Veitastrond hausten 2007, og i sin fyrste sesong var han med på opprykket frå 6. til 5.divisjon. Året etter spelte han 14 av 15 kampar som venstreback og var ein sterk bidragsytar til nok eit opprykk, denne gongen til 4.divisjon. I 2009 fekk han heile vårsesongen øydelagt grunna skadar, men i haustsesongen fekk han med seg snuoperasjonen som gjorde at VIL berga plassen i 4.divisjon.

I 2010 vart Kim Andre omskulert frå venstreback til midtstoggar, og han fekk og æra av å vera Veitastrond sin kaptein. Dette var oppgåver han voks med og dette var nok den beste sesongen som både Kimmy og Veitastrond nokon gong har gjennomført, der 3.plass i 4.divisjon talar for seg sjølv for ein klubb av Veitastrond sin storleik.

Viktig bidragsytar

I tillegg til å vera ein bauta på bana er Kim Andre ein humørspredar som er gull verdt for ein kvar fotballklubb. Med sitt gode humør og utall med røvarhistoriar er han eit naturleg midtpunkt, og ein type det er lett å bli glad i. Spesielt lyt me trekka fram Kim Andre si evne til å vera useriøs utanfor bana, men 110% seriøs i dei 90 minutta han er på bana. Med andre ord var Kim Andre eit naturleg kapteinsevne for Veitastrond Fotball.

På tre og ein halv sesong så spelte Kim Andre 45 kampar, scora 8 mål og pådrog seg 10 gule kort.

Sjølv om det er trist å sjå Kim Andre forlata Veitastrond er me likevel glade på hans vegne for at han får prøva seg på eit nivå som er ytterlegare eit hakk over der me er i dag. Me er sikre på at dette er ei omstilling som Kim Andre kjem til å meistra på beste vis.

Veitastrond Fotball takkar med dette Kim Andre for sitt store bidrag og engasjement han har gitt til klubben vår, og me ynskjer både han og Fjøra lukke til 3.divisjon. Skulle Kim Andre ynskja seg attende til Veitastrond og Leikvoll Stadion, så skal han vita at døra alltid står open.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com