Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Leikvoll Stadion

Veitastrond Fotball er inne i ei spanande tid som på mange måtar handlar om liv og død for fotballklubben vår. Som ein kunne lesa om i Sogn Avis i går så står me i fare for å ikkje få godkjent heimebana vår, Leikvoll Stadion, då denne er 8 meter for kort. Dersom me ikkje får ei løysing på dette kan det få fatale konsekvensar som gjer til at me lyt legga ned heile klubben vår. Dette er naturleg nok ingen god situasjon å vera i, og særleg ugunstig er det at det er berre 2 månadaer att til seriestart og framleis står omtrent heile klubben på vent.

Leikvoll Stadion har ført til mang ein diskusjon blant fotballentusiastar både på Veitastrond og ellers i fotballfylket. Då me starta opp lag i 2004 fekk me godkjent bana på nåde med litt godvilje frå anleggskomiteen med Olav Kjos Wenjum i spissen. Den gongen målte bana 90 x 50 meter, og sjølv om bana openbart var for lita gjekk det stort sett greit så lenge me haldt oss i 6.divisjon.

I 2007 rykka så Veitastrond opp til 5.divisjon, og me fekk krav om å utvida bana. Det skjedde ikkje noko fyrste året, men då me rykka opp frå 5. til 4.divisjon året etter var me nøydd til å setta i gang med utbygging.

Dette fekk me til ved å bygga bana delvis ut i elva for å gjera ho lengre, og me fekk avtale med grunneigarar på sidene for å gjera den breiare. Etter utbygginga målte bana 92 x 60 meter.

Etter denne utbygginga tør me påstå at det å spela ein fotballkamp på Leikvoll Stadion går føre seg utan noko problem. Bana er framleis blant dei minste på sitt nivå i fylket, men det er lenge sidan me har fått klager frå motstandarlag eller dommarar på banestorleiken. I fjor fekk me ein klage på stadionanlegget vårt, og det var ifrå Selje som meinte at eine cornerflagget vårt var for kort (dette er no skifta ut =)

I staden opplever me at motstandarar våre gjer oss honnør for våre arrangement, og det verkar på oss som at dei fleste klubbane set pris på å få spela fotball på Veitastrond. Våre kampar og arrangement er ofte ei litt annleis oppleving enn det ein vanlegvis får på ein lokal fotballkamp.

Høgare krav i fylkets øverste divisjon

Etter divisjonssamanslåinga i fjor så blir årets 4.divisjon det øverste nivået i Sogn og Fjordane. Dette gjer til at fotballkretsen stiller ytterlegare krav til at klubbane er gode på anlegg og arrangement, og eit av krava er ein banestorleik på minimum 100 x 60 m - altså 8 meter lengre enn det me kan visa til hjå oss.

Få og kostbare alternativ

Heilt sidan sesongen slutta i fjor haust har dette vore eit heitt tema i VIL-fotball, og me har sett på dei fleste alternativa til moglege løysingar. Sidan vegen går kloss i bana på eine sida så er det på nedsia me lyt prøva å utvida, men her møter me ei elv som gjer oss utfordringar. I startfasen diskuterte me alternativ som å legga elva i røyr, bygga oss ut i elva og gjera elveleiet smalare eller å bygga ein slags platning ut i elva som me kunne ha bana oppå og elva kunne renna under. Alle desse forslaga har i etterkant blitt forkasta av NVE, og me har fått beskjed om at einaste alternativ er å bygga om heile elveleiet.

I utgangspunktet høyres dette fela enkelt ut for ein som ikkje har peiling, og ein skulle kanskje tru at nokre gode arbeidstimar med ei gravemaskin ville gjera jobben. Så enkelt er det diverre ikkje, og NVE har gitt oss eit kostnadsoverslag på denne utbygginga som er på ca 1 million kr. Dette tilsvarar omlag 5 årsbudsjett for klubben vår, og er ikkje noko me kan få til på eiga hand. 

Me er difor avhengig av å få støtte frå kommune og tippemidlar, samt at me lyt og få ein avtale med gunneigar som eig på den andre sida av elva.

Alt dette for å gjera ei bana, som strengt tatt er god nok til å spela fotball på slik ho er i dag, 8 meter lengre. Med tanke på at Veitastrond truleg ikkje har lag om 5 år så verkar heile utbygginga noko vidløftig for vår del.

Store konsekvensar 

Dersom me no ikkje skulle få støtte frå kommune og blir nøydd til å skrinlegga planane om utbygging står me att med følgande alternativ;

- Kretsen godkjenner bana slik ho er i dag;

Me skal vel ikkje legga skjul på at me meinar dette er det beste alternativet. Me er av den klare oppfatning at bana er god nok for 22 middelmådige 4.divisjonsspelar til å spela på, og det å bruka bortimot 1 million på å bygga ut denne bana verkar som sagt noko vidløftig. Me vonar difor at kretsen til slutt viser velvilje og gjer oss grønt lys til å spela på Leikvoll.

- Legga VIL-fotball død;

Det mest aktuelle pr i dag blir nok at dersom Leikvoll ikkje blir brukt så legg me ned heile fotballklubben vår. Det å spela heimekampane våre andre stadar enn Veitastrond er eit skrekkscenario, og det vil gje oss store økonomiske konsekvensar og me er sikre på at entusiasmen rundt laget forsvinn. Sjela til Veitastrond ligg openbart på Leikvoll. Det vil og vera utruleg trist å måtte legga ned eit lag på grunn av 8 meter når me har 20-25 spelarar som står klare til å yta ein innsats for klubben.

- Spela heimekampane utanbygds;

Som sagt i punktet ovanfor vil ikkje dette vera noko god løysing. Me vil heilt sikkert ikkje få i nærheten av så mykje folk på heimekampane våre som me har i dag, og me vil ikkje kunne yta den kvaliteten me har i kiosken i dag. Dermed forsvinn store inntekter, og i tillegg må me betala ca 3-4000 kr i leige av bana til kvar einaste heimekamp. Det seier seg sjølv at det ikkje går særleg bra.

- Trekka laget i 4.divisjon og starta på nytt i 6.divisjon;

Eit siste alternativ er å starta på nytt i 6.divisjon, der bana vil bli godkjent. Dersom spelarane sjølv ynskjer dette er det heilt klart eit alternativ me lyt vurdera. Likevel byrjar det truleg å haste då oppsettet for dei ulike divisjonane allereie er gjort og terminlistene er klare.

Dårleg tid

Det er ca 2 månader til seriestart og det er liten tvil om at me byrjar å få dårleg tid.

Laget trenar som vanleg og me har avtalt fleire treningskampar, men bortsett frå det sportslege opplegget står det meste på vent. Me har ikkje byrja arbeidet me å få tak i sponsorar, og me har heller ikkje vore særleg aktive på spelarmarknaden. Føles litt merkeleg å knytta oss til dei ulike partar når me ikkje kan garantera at fotballklubben eksisterar til sesongstart.

Det aller siste er at klubbleiinga skal i møte med Luster Kommune ang støtte til utbygginga. Etter at me veit meir korleis dei stiller seg til dette så lyt me gå nye rundar med kretsen, og då går det fort både veker og månader før me får ei endeleg avklaring.

Kanskje får me oppleva at Veitastrond må trekka laget berre ein månad før sesongstart. Noko som får konsekvensar både for klubben vår, og truleg heile serieoppsettet i Sogn og Fjordane.

Me går ei spanande tid i møte, og kryssar fingrar for at me finn den løysinga me meinar er best både for Veitastrond og fotballen i fylket - nemleg at Leikvoll Stadion blir arena for årets 4.divisjon.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com