Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Oppdatering av spelarstallen

 

Har hatt ein liten oppgradering av spelarstallen vår. Ny spelar inn er Øivind Kristiansen. Han er ein 22 år gamal student som har vore på prøvespel heile vinteren. Etter ei heilhets vurdering valde trenarteamet å tilby Øivind ein kontrakt som han akspeterte etter lengre tid med forhandlingar. Øivind er ein storvokst spelar som kan fylla fleire rollar på bana. Har sett han inn som midtbanespelar, men det er ikkje noko i vegen for at han kan bli nytta både lenger bak og lenger framme enn som so. Me er sikre på at Øivind blir eit glimrande tilskot til spelarstallen og ynskjer han hjartleg velkomen til klubben. For å bli litt bedre kjend me Øivind kan du lesa den rykande ferske spelarprofilen hans her.

Anna som er nytt er at dei to keeperane Ole Kristian Vikheim (bildet) og Kent Fimreite er omskolerte til utespelarar. Ole Kristian har ytra ønske om å sleppa å få stå i mål, då han håpar å få litt meir trening ved å spela utpå, samt at han er passeleg lei av å vokta buret. Den sindige dalingen har uansett vist at han er meir enn kapabel til å fylla ein rolle lengre framme på bana og han er no ein av dei heitaste kandidatane til ein plass i forsvarsfiraren.

Også den unge keeperen Kent Fimreite har mest truleg ei framtid som utespelar. Dette er ei vurdering som hovudtrenar Emil Heggestad har gjort, då han meinar at yngstemann i stallen har eit mykje større utviklingspotensial om han spelar utpå enn om han står i mål. Kent vil i første rekke bli vurdert som spiss eller bak på ein av backane. Me er sikre på at begge dei to omskolerte keeperane tek dei nye utfordringane på strak arm.

Med to keeperar mindre står me altså att med kun med Gøran Fimreite som keeper. Dette er likevel ikkje nokon krise, då det er mange i VIL-stallen som kan figurera som reservekeeper både på trening og i kamp. I tillegg til Ole Kristian og Kent veit me frå før at både Even, Geir, Richard, Emil og Frank klarar seg bra mellom stengene, og på trening forrige torsdag fekk me og sjå at Bjørn Molland blir som ein tiger når han får på seg hanskane. I tillegg har me hatt me oss nokre keeperar på trening i det siste som muligens vil bli med oss framover....time will sjåvv!!

Gå inn på Spelarane i menyen ovanfor og sjå endringane som har vorte gjort. Her kan du i tillegg til profilen til Øivind også sjå profilane til Kent og Petter, då desse kom bøksande inn i innboksen min i dag!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com