Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

   Oppsummering av vårsesongen 2008

Då har endeleg vår hovudtrenar Emil Heggestad satt seg ned og skribla ned ein oppsummering av vårsesongen. Me i veitastrond.com er godt nøgde me å få inn ein skribent utanfor, og me er sikre på at folket set pris på å få høyra "stemma" til nokon utanfor.

Me ynskjer våre brukarar god fornøyelse...

"Kjære VIL-spelarar, VIL-fans og alle de andre med interesse for Veitastrond Fotball...

 

Eg var godt i gang med å hausta inn mat frå guds eige spisskammers, då det tikka inn ein kort meldings system (les.sms) frå redaksjon i Veitastrond.com. Det var ynskje om at eg, som manager for stjernegalleriet til Veitastrond, skulle sette mine personlege ord på blokka om kva eg syntest om vårsesongen 2008. Sjølv om eg ikkje heva lønn i klubben som skribent let ikkje eg meg be fire gonger. Men eg hadde mange timar med fisking føre meg og medan eg kjempa med aurar opp mot 150 gram i hølen på Soget, lot eg tankane flyta fritt rundt det som har skjedd dette halvåret.

 

VIL Fotball rykka før denne sesongen opp i femte divisjon og sirkuset var i gang. Planlegging av ny sesong sto ikkje på trappene, da skjedde i stova hans Bjørn Molland. Me såg oss nøgde med opprykk og såg med positivt blikk på å møta nye lag. Me vart einige om at me måtte hente inn forsterkningar for å kunne heva oss det hakket som måtte til for å tukta panservognene som hadde til hensikt å rulle over oss og knusa alt håp for laget og supportarklubben vår, bedre kjent som ”geittn”.

 

Frank var allereie bestemt på at han ville vera med igjen - pluss i margen. Historiske Gaute Olstad var og i forhandlingar om ny kontrakt og eit kåmmbækk såg mogleg ut - kryss i taket. ”Geittn” var mykje godt nøgde med å ha desse to tilbake, men var dette tilstrekkeleg var spørsmålet eg som manager fekk frå media utover hausten. Dei tre mest profilerte signeringane kom på løpande band. Først vart det klart at Kurt Heggestad endeleg ville trappa opp karrieren etter ein glimrande haustsesong for Sogndal i Adeccoligaen. I tillegg meldte Frode Kvam og Morten Hagen overgang frå 3.divisjonsspel med Fjøra til sambafotball på Veitastrond. Overgangane til Kurt, Morten og Frode burde vera godt kjent frå media for dei fleste, og me lyt seia at ingen av desse tre har gjort seg bort så langt. Den langt mindre omtalte signaturen, men kanskje eit av dei beste i VIL- Fotball sin historie kom også inn mot denne sesongen. Vossingen Sindre Mørkve kom inn i gruppa med brask og bram og viste at han skulle bli viktig for oss, berre so synd at han berre var med oss i vårsesongen i år. Enda ein skulle melda seg inn i troppen denne våren; Kjell Ronny Haugen var klar til teneste, men har enno ikkje aksla den legendariske blå drakta enno, men me håpar å få i gang denne kjappe kanten/spissen når august kjem. Ein spelar av finaste kvalitè er dette. No var stallen slik som styre i VIL ville ha den og me lukka dørane for fleire, noko som me i grunn ikkje likar å gjere, men me var nøydde til å gjera dette grepet. Troppen talte no 26 mann og det er nok for klubben frå grendi heimom langedalsbreen.

 

26 stjerner i stallen, kva så med økonomien til å lønna desse og driva klubben elles. Me måtte på jakt etter pengar. Me la houvdet i bløyt, sendte litt meldingar, prata med litt bedrifter og vips, så hadde fått inn nok kroner til å gå i underskot i år og.

 

Utover vinteren trena me i år berre ein gong i veka, noko som må seiast å vera det minste ein kan tillata seg, sjølv om me er på eit lågt nivå, men dette var av omsyn til økonomi og spelarane. Mange vil vera med å spele, men med jobb, familie og andre interesser fann me dette forsvarleg visst me kunne fylle på med litt treningskampar. Frank som kampkoordinator tok den jobben og bataljane sto snart lina opp utover våren. Eg vil her beklaga til Lærdal. Me avlyste treningskampen mot dei både i år og i fjor og dette er eine og åleine mitt ansvar. Frank gav i klare ordelag beskjed om at han ikkje arrangerte fleire kampar mot lærdølene.

Me starta treningskampane med å slå 4.divisjonslaget Syril 3-2. Mot Jølster, eit anna 4.divisjonslag tapte me 2-4. Så reiste me te Vik og tapte solide 1-6. Fiende og erkefiende nummer 1, Hafslo slo me 6-2. 2-3 tap mot Balestrand og 2-2 mot Kaupanger 2 var enden på treningskampane og me følte oss no rusta til å debutera i den erverdige la femte divisjånas.

 

2.mai reiste me håpefulle til Breimsbygdi for å henta heim tre greie poeng. Flytt unda 5 og 6 maol, her ska da bli kalas. Men med skuldrane langt over øyrevoksen vart dette eit surt 3-2 tap og ein mildt sagt trasige start på eventyret i 5.divisjon…

 

Ha du høyrt uttrykke: røysa kjeringi! Me reiste te Høyanger for å møta Vadheim/Høyang 2. Me leia 2-0 te pause etter å ha spelt ball i hatt me dassa hine karadn. Kurt putta førsta maolet og du verden før ei perla. Naaa!!. 4-1 seier etter ein godt gjennomført kamp.

So! Kaupanger 2 – Veitastrond på Kaupanger kunstgras. Ingen tvil om at Kaupanger ville slå oss, og dei mønstra eit sterkt lag, men etter 2-2 til pause kom langt frå skuggaredde Arne Nes inn og avgjorde bataljen til Strondi sin favør. Sterk seier - litt heldige, men da e lov. HERLE!!!

 

No hadde me meldt oss på i toppen igjen og her skulle me vera. Årets første kamp på Leikvoll Stadion var 29.mai mot Gaular. Me vann 4-2 mot ei stygtspelande Gaularlag. Så mykje dretfakte ha ikkje underteikna sett av eit motstandarlag noko sinne. Ni poeng og me trykke og pressa Bjørn som ligg poenget føre. Kven er best i Luster? Bjørn, dei ligg eit poeng føre.

Åsso! (introen te ”eye of the tiger”) lokalderby, Hafslo-Veitastrond. Fin ramma rundt kampen. Da so va inni ramma, var begredelege greier. Lite innholdsrik kamp. Dårleg bane. Men etter ein tidleg scoring av Frode ”slem scoringsmaskin” Kvam gjorde sitt til at ”geittn” kunne beita vegakantane framatte på strondi, med eit smil om munn. 1-0 siger, 12 poeng, gøy med fotball. Neste kamp var mot Jølster 2 på Leikvoll søndag 15.juni. Kampen vann me 7-1, og ramma rundt kampen var tipp topp. Torodd Kvam grilla og nærmare 200 hadde funne vegen til Leikvoll denne solrike heilagdagen. Skår i gleden var stopparkjempa Øivind ”Bolt” Kristiansen sitt nasabrot, men han kjem alltid tilbake. No var me på toppen av tabellen. Språk vi forstår.

 

Siste kampen var mot Bjørn i Gaupne. Toppkamp og alt låg til rette for ein knokkelkamp. Det vart det i eit surt ver med vind og regn. 1-0 te Bjørn som rundspelte Veitastrond innledningsvis, men 1-1 endra kampen spelemessigt. 2-1 te VIL til pause. 3-1 like etter kvilen. No var me gode, men plutseleg var det 4-3 og 5-3 te Bjørn. Veitastrond såg slagne ut, men den gang ei bakke-Per (lokal legende). Me redusert til 5-4. rett etter 6-4. Men scoring av Richard etter 87 og Arne etter 93 gjorde sitt til at Veitastrond leiar serien til ferien.

 

No badar VIL-stjernene seg i glansen, med grymma flickor og paraplydrinka på bassengkanten, men om ikkje lenge braka sambaen laust igjen. Etter ferien kjem dessverre ikkje trioen Petter, Ivar og Sindre igjen. Dei tek vegen til Trondheim og ikkje bli forundra om de ikkje ser desse tre på Rosenborg i haustens tippeliga. Tre i minus og forhåpentlegvis Helge Skjælaaen og Kjell Ronny Haugen i pluss skulle gjera oss rusta til å takla utfordringane som kjem til hausten.

 

Alt i alt er me godt nøgde med vårsesongen og eg nytta denne anledning til å takka spelarar, støtteapparat og ikkje minst fansen der ute, som fyller Leikvoll stadion til randenkvar gong Veitastrond byr opp til dans. Fortsatt god sommar til alle, so sjaoast med på Leikvoll stadion 8.august kl. 19 når Breimsbygda kjem på besøk.

 

 

VIL-helsing frå Emil Heggestad"

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com