Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Patrik Fritzon - den nye vinen

Det er gammalt nytt for dei fleste, men me tykkjer det fortener litt merksam at Patrik Fritzon i midten av juni skreiv under for Veitastrond. Patrik kjem frå Fjøra og er tiltenkt rollen som vår fyrstekeeper. Ikkje berre er Patrik ein god og treningsvillig spelar, men han representerar og noko nytt og spanande i Veitastrond Fotball. Med sine 17 år er han eit produkt av vår undomssatsing, eller det vil seia at han eigentleg er heile vår undomssatsing då nest yngste spelar i stallen vår er 22 år. Me vonar at signeringa av Patrik vil vera den fyrste av fleire unggutar som etterkvart vil velga å spela for VIL-fotball og dermed styra klubben trygt inn i framtida.

Patrik Fritzon er halv strending og med sin unge alder i tillegg er han å sjå på som den ideelle signering for Veitastrond. Han kjem frå eit opphald i Fjøra som varte i ca 2 sesongar. Frå tida med fjørene dreg han med seg mykje god erfaring frå høgare nivå der han har vore blant dei ivrigaste på treningsfeltet, men der sjansane til å visa seg fram i kampsituasjon vart få. Grunnen til at han valgte å melda overgang til Veitastrond er nettopp for å få meir fyrstelagsspel, samt at han ynsjer å bruka mindre tid på fotballen og begge desse tinga kan me hjelpa han med.

Til keeper er Patrik kanskje litt liten av vekst, men kompenserar dette med god fysikk der han med sin framifråe spenst hoppar opp og ned (akkurat som ein sprettball) Til sin unge alder viser han ekstremt god fotballforståing og han er flink til å gje meldingar til sine medspelarar både under kampane, og på spelarmøte. Medan dei fleste spelarane til Veitastrond brukar pausen i kampane til å stirra apatisk ut i lufta og hiva etter pusten, så har alltid Patrik klare formeiningar om kva som kan gjerast betre. Med tida vil Patrik heilt klart vera eit gloheitt kapteinsevne i klubben.

Blir ny fyrstekeeper

Den sportslege leiinga i klubben er klare på at Patrik blir vår nye fyrstekeeper. Ikkje fordi at Even Kvam har tenkt å slutta, eller spelt seg ut av laget på nokon som helst måte. Men Even blir ikkje yngre med åra og han har etterkvart skaffa seg både kjering, hus, unge og jobb (e visst kollosalt mykje å gjera i Mesta om dagen) slik at fotballen ikkje alltid får fyrsteprioritet lenger. Dermed passar det utmerket både for VIL og Even at Patrik no bli vår fyrstekeeper, og Even blir utespelar og reservekeeper.

På treningsfeltet vil Even framleis figurera mykje som keeper, og med sin erfaring vil han og fungera som ein slags mentor og keepertrenar for Patrik. Me kan ikkje tenka oss noko betre førebilete for ein ung spelar enn ei VIL-legende som Even Kvam.

Fleire unggutar

Me vonar at overgangen til Patrik vil gjera det meir attraktivt for andre unggutar å spela for Veitastrond. Me har nokre fleire i kikkerten og forhåpentlegvis får me meir ungdt blod i klubben om ikkje lenge. Dette treng me for å få inn litt friske bein i laget, samt å trygga framtida til klubben.

Veitastrond Fotball ynskjer Patrik Fritzon hjarteleg velkommen til klubben.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com