Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Ryktebørsen januar 2011

Preseason er silly times, for å bruka gode norske uttrykk. Dei fleste klubbar er i desse tider i full gang med å planlegga sesongen 2011, og med det følger det mykje overgangar og endå fleie rykter knytta til dette. Redaksjon i Veitastrond.com har farta litt rundt og snappa opp dei siste ryktene rundt vår eigen klubb. Akkurat kor mykje ein skal tru av dette tek ikkje me noko som helst ansvar for, då me trur på alt me høyrer, og høyrer me det ikkje så lyge me sjølve til me trur det er sant.

* Veitastrond sin kaptein dei siste åra Kim Andre Navarsete skal vera nær ein overgang til Fjøra FK.

* Richard Nes kjem og truleg til å forlata klubben dersom andre klubbar viser interesse, men så langt har det ikkje komme inn noko henvendelsar på Nes.

* Fleire klubbar skal ha følera ute på venstreving Åsmund Øgar.

* Erlend Sando som stort sett sat ute heile forrige sesong med skade har meldt overgang til SK Brann.

* Bergansen Øyvind Lien ynskjer og å gå over til Brann, men i påventa på noko tilbod så tek han vel eit år til i Sogndal, i år igjen.

* Ole Petter Hatlevoll, Runar Hatlevoll og Glenn Thomas Nilsen har trent med Veitastrond i vinter, og alle kan vera aktuelle til å signera for klubben.

* Fjorårets toppscorar Frode Kvam ynskjer å forhandla om ny kontrakt. Han vil gjerne ha ein klausul om at han alltid skal vera på lag me Kenneth Mo på trening, då han ikkje tårer å spela mot han lenger...

* ...den samme kontrakten ynskjer navnebror og spisskollega Frode Kvåle.

* Bjørn Molland hadde i 2010 eit treningsoppmøte på 100% Ironisk nok møtte han ikkje opp den fyrste treninga i 2011. Det spekulerast i at han ynskjer å gjenforenast med broder Odd Einar, og gå over til Notsete Playboys.

* Arne Nes har bestemt seg for å legga skoa på hylla. I allefall til graset blir grønt.

* Ein annan veteran, Frank Heggestad, skal prioritera dømming i 2011. I den anledning kjem han til å vera dommar på treningane våre framover.

* Øystein Heggestad vurderar å flytta inn hjå Gaute Jerry Olstad.

* Veitastrond sin kaptein Even Kvam har i alle år vore ein sterk motstandar for all form for fjas og pynt på fotballspelarar (smykker, hårband, sveittebånd etc). Overraskinga var difor stor då han i haust reiste stad og fekk seg ein tatovering på ryggtavla. Motivet er sjølvsagt logoen til VM i Mexico 86. Even er særs stolt over denne, men er framleis motstandar av fjas og tull, og han meinar no at alle andre mannfolk har jentetatoveringar.

* Det jobbast med å legga tak over Leikvoll Stadion, slik at me kan følga krava som er satt til anlegg i 4.divisjon. I følge ein representat frå styret manglar det berre eit par 100 millionar kroner før planane kan realiserast.

* Øivind Kristiansen er framleis i tenkeboksen om han tek eit nytt år. Bolt spelte i sommar ein uoffisiell treningskamp for Norane, og han vil venta med å sjå om nørene stiller lag i 2011 før han avgjer si fotballframtid.

* Veitastrond si store stjerne Kurt Heggestad kan vera aktuell for eit comeback hjå Sogndal. Han er tenkt som mogleg erstattar for Tommy Øren.

* Som eit tilskot på årets treningsstatistikk vurderast det å ha ein skitur i veka. Denne skal gå frå Stølen lengst inne på Veitastrond, og fram til Tungestølen. "Dette trur eg kan bli populært", seier ein ordknapp treningsstatistikkansvarleg Richard Nes

* Trenar Emil Heggestad uttalar i dag at han gler seg til bortekampen mot Sogndal 2 på Fosshaugane. "Tenk deg dei kjem med ein 5-6 a-lagsspelarar, dei kjem til å slå oss 12-0, minst", uttalde trenaren som tydelegvis har trua på spelarane sine.

 

Det er framleis ca 4 månadar til seriestart, og me reknar med det vert fleire spekulasjonar innan den tid...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com