Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Erlend Sando forlet VIL-fotball

Då kan me melda om årets fyrste bevegelse i spelarstallen. Diverre er denne av det negative slaget, då det gjeld ein spelar som forlet Veitastrond Fotball. Erlend Sando har nemleg bestemt seg for å pakka snippsekken og flytta frå Sogndal til fordel for Bergen by. Dermed vart det med to sesongar i Veitastronddrakt for Erlend, og det nokre år som i litt for stor grad var prega av skadar.

Erlend kom til klubben før sesongen 2009, og vart fort ein sentral brikke på Veitastrond. Han har stort sett spelt i midtforsvaret, men har og nokre kampar på sentral midtbane.

Han store force på bana er utvilsamt duellspelet, og det er nok få som tek denne karen i ein hovudduell.

Erlend spelte 22 kampar fordelt på to sesongar, der 15 av dei vart spelt i 2009. Fjorårets sesong vart stort sett øydelagt av skadar, og på haustsesongen var han heilt fråverande. Slik sett låg det kanskje litt i korta at Erlend kunne komma til å forlata oss før denne sesongen. Likevel hadde me eit håp om at han ville bli kvitt skadane og stilla seg 100% disponibel denne sesongen, men slik blir det altså ikkje.

På sine 22 kampar scora han eit mål (heime mot Askvoll/Holmedal 28.06.09 - tap 5-6) og han pådrog seg 2 gule kort.

I Sogndal har Erlend gått 3 år på Høgskulen, før han no har jobba nokre år på NAV ute på Leikanger. I Bergen har han fått jobb hjå Vital, og han tek med seg kjeringi og startar eit nytt liv i byen mellom dei ti fjell (Ullrikken, Tullrikken...) Dermed kjem han litt nærmare sin heimstad Mandal.

Veitastrond Fotball takkar Erlend Sando for sitt bidrag til klubben, og me ynskje han lykke til vidare på livets landeveg.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com