Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Spanande sesongavslutning i 4.divisjon

Det gjenstår berre 3 serierundar av årets sesong og for Veitastrond sin del så går me nokre spanande veker i møte. Medan bortimot 9 lag i divisjon allereie kan byrja å forbereda seg på anten 3., 4., eller 5.divisjonsspel neste sesong, så kjempar Veitastrond ein hard kamp om å unngå nedrykk. Etter forrige runde så ser det ut som at me fyrst og fremst kjempar med Lærdal og Syril om dei to siste plassane i divisjon, men me går inn til avslutninga eit lite hestehovud framfor dei to andre. Veitastrond ligg 3 poeng over trygg plass, og det er dermed opp til oss sjølve korleis dette skal gå. Me ser litt på sesongavslutninga, og vurderar korleis me trur dette vil gå (skal sjå om me ikkje klarar å mikke det til slik at VIL unngår nedrykk...)

Veitastrond har heile sesongen vippa imellom 3. - 8.plass på tabellen. Sidan det er det topp 6 som gjer fornya kontrakt til neste års 4.divisjon så har det med andre ord vore ein meget spanande sesong. Saga, Eikefjord og Kaupanger har heile sesongen vore i toppen og aldri vore særleg truga av nedrykk, og i botnen har Gaular, Selje og Skavøypoll aldri vore nær nok til å vera med å kjempa om topp 6. Dermed er det midtsjiktet med Førde 2, Veitastrond, Syril, Lærdal, Årdal 2 og Askovoll/Holmedal som har kjempa seg imellom kven som tek dei resterande 3 plassane etter dei 3 nevte laga i toppen.

Etter forrige runde så trur me at Førde 2 klarar å beholda plassen sin. Dei har berre vorte betre og betre og med jamnleg tilskot av spelarar frå 1.laget så beheld dei plassen om dei vil. Askvoll/Holmedal og Årdal 2 tapte begge dei viktige kampane mot henholdsvis Lærdal og Førde 2 i helga, og me trur då at det vert for langt opp til sikker plass.

Tøffe kampprogram

Før me tek til på dei siste 3 kampane så ser midtsjiktet på tabellen slik ut;

 

 

 

 

 

3.

Eikefjord

19

39-28

34

4.

Førde 2

19

57-40

33

5.

Veitastrond

19

62-53

31

6.

Syril

19

48-50

30

7.

Lærdal

19

32-50

28

8.

Årdal 2

19

58-62

25

9.

Askvoll/Holmedal

19

45-44

23

Me har då teke med alle laga som kan havna i ein situasjon der det ikkje vert avgjort før siste serierunde, men me trur ikkje Eikefjord og Førde 2 klarar å rota seg ned i den verste jørma. Samstundes som me ikkje trur Askovll/Holmedal og Årdal 2 klarar å kjempa seg opp. Divisjon er for ujamn til at desse to laga skal kunne klara å vinna sine 3 siste kampar, medan laga ovanfor tapar resten av kampane sine.

Dei 3 laga me då trur dette vil stå imellom; Veitastrond, Syril og Lærdal har alle tøffe kampprogram igjen.

Veitastrond har borte Saga, heime Førde 2 og borte Askvoll/Holmedal.

Syril har borte Eikefjord, heime Årdal 2 og borte Selje.

Lærdal har borte Skavøypoll, heime Eikefjord og borte Årdal 2.

Det vil seia at alle 3 har ein kamp mot eit av topplaga, ein kamp mot eit av laga som ligg midt på tabellen og ein lang bortetur igjen. Ingen dreg fordel av å ta to heimekampar igjen.

I tillegg til flest poeng så har Veitastrond og den klart beste målskilnaden, og dermed har me i praksis 1 ekstra poeng å gå på dei to andre. Dersom Veitastrond vinn ein av sine siste 3 kampar så ser me at Lærdal lyt ha 7 poeng på sine siste 3 kampar for å passera oss på tabellen.

Så jamn som årets 4.divisjon har vore i år så skal det ein del til for at Veitastrond ikkje får seg ein siger til i løpet av sesongen, og det skal kanskje endå meir til om Lærdal går ubesigra gjennom dei siste 3 kampane. Likevel er me klar over at alt kan skje, og dersom Veitastrond tapar borte mot Saga i denne runde og Lærdal vinn sin kamp så ser ting plutseleg litt annleis ut. Då er dei 1 poeng bak oss med 2 kampar igjen å spela, og då ser det ikkje så håplaust ut lenger.

Syril har vore blant divisjon sitt beste lag sise halvdel av sesongen, og på dei siste 12 kampane har dei berre tapt to kampar (mot topplaga Saga og Eikefjord). Dersom dei hadde synt same form i innleiinga på sesongen kunne dei faktisk ha vore Saga sin fremste utfordrar i kampen om opprykk. Me trur nok at Syril held den gode formen ut sesongen og klarar å halda plassen i 4.divisjon.

Tips

Me avsluttar med eit lite tips på dei 3 siste kampane. Me tek då utgangspunkt i tabellposisjonar, form og hemiebanefordel. Slik at tipsa våre er mest mogleg realistiske, utan at dette nødvendigvis er slik det vil enda.  

Runde 20;

Saga - Veitastrond H

Eikefjord - Syril H

Skavøypoll - Lærdal U

Runde 21

Veitastrond - Førde 2 H

Syril - Årdal 2 H

Lærdal - Eikefjord U

Runde 22

Askvoll/Holmedal - Veitastrond U

Årdal 2 - Lærdal U

Selje - Syril B

 

Skulle våre tips gå inn så tek Syril 6 poeng, Veitastrond 4 poeng og Lærdal 3 poeng i sine siste kampar, og dermed så rykker Lærdal ned. Likevel er det sjølvsagt små marginar som avgjer dette, og i staden for 3 U så kan Lærdal like så godt få 3 sigrar dersom alt klaffar for dei.

Ein kan spekulera og tru kor mykje ein berre vil, men det er vel ikkje anna å gjera enn å venta og sjå korleis dette vil gå...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com