Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Skryt til Veitastrond og Leikvoll

Veitastrond har den siste tida fått mykje skryt for våre arrangement i forbindelse med heimekampane på Leikvoll. Dette set me pris på, og ekstra kjekt er det at dette kjem ifrå våre motstandarar.

Det er ikkje tvil om at i etterkant av ein fotballkamp så er det alltid spanande å lesa kva som står på nettsidene om desse kampane. Me vonar at både med - og motspelarar finn det interessant å lesa våre kampreferat på Veitastrond.com, for me tykkjer i allefall det er artigt å lesa kva våre motstandarar skriv.

Ekstra kjekt er det sjølvsagt når laga me spelar mot sit att med positive opplevingar etter møtet med oss og at dei gjer oss skryt i referata sine. Dette har me fått mykje av etter dei to siste heimekampane våre mot Eikefjord og Årdal 2, og for dei som ikkje har lest dette så anbefalar me at de gjer det no;

Sjå kva Eikefjord skreiv om kampen mot oss HER

Sjå kva Årdal 2 skreiv om kampen mot oss HER

Kvardagsheltane

Det som våre motstandarar skriv i desse referata tyder på at dei som kjem til Veitastrond sit att med ei god oppleving i etterkant. Det gjeld ikkje berre sjølve kampen, men vel så mykje ramma rundt våre arrangement. Det er alt ifrå det å køyra dei siste 3 mila på kronglete veg til dei kjem inn til ei flott bygd, der publikum møter opp i hopetal og ein får kjøpt seg rømmagraut i kiosken.

Det har etterkvart vorte ein liten bygdafest kvar gong me spelar heimekamp, der folk ofte møter opp like mykje for å snakka med naboen som det er for sjølve kampen. At folk utanbygds har fått opp augene for dette tykkje me er storveges, og me finn det unikt at det til einkvar heimekamp kjem folk frå Hafslo, Sogndal og andre bygder for å sjå ein kamp i 4.divisjon på Veitastrond. Me skjønnar då at det er meir enn berre sjølve fotballen folk møter opp for.

No er det kanskje nokon som tykkjer at det ikkje var måte på kor mykje me skulle skryta av oss sjølv i dag? Vel, det kan no so vera, men me gjer det med godt samvit. Dette er er nemleg ein flott anledning for oss til å trekka fram alle våre kvardagsheltar som gjer ein framifrå jobb i kulisanne bak sjølve fotballkampen. Det er desse folka som gjer at våre arrangement er litt annleis enn mange andre lag sine heimekampar, og det gjer dei fleste spelarane anledning til å berre kunne konsentrera seg om det sportslege.

Det er sjølvsagt mange som kan trekkast fram, men det fell oss naturleg å byrja med Johannes Nes som gjer ein eineståande jobb med bana. Sidan me aldri får fullrost han nok set me pris på at våre motstandarar tek med i sine referat at dei er nøgde med grasmatta på Leikvoll. Me vonar at Jossn tek det til seg ;)

I kiosken så har me Rakel - og John Molland, Ingrid Heggestad og Morten Rørstadbotten som alle stiller opp til kvar kamp og gjer ein unik innsats for klubben. Det er ikkje så mange andre fotballklubbar som har ulik meny til kvar kamp, og der ein nesten alltid kan kjøpa seg varmmat. På årets heimekampar har publikum blant anna meska seg med rømmagraut, grillmat, lapskaus og sjølvsagt pølser i Rakel sine heimelaga potetkaker. Ein må vera klar over at denne maten lagar seg ikkje sjølv.. !

Sidan VIL-fotball diverre ikkje kan konkurrera med våre motstandarar på det som gjeld garderobe og anleggsfasilitetar, er me stolte over at me etter våre eiga meining er blant dei beste på arrangement. Og dette kan me utelukkande takka dugnadsgjengen vår for...

...så takk skal de ha, og måtte de halda fram med dykkar gode gjerningar for klubben vår.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com