Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Smånyhende

Ikkje heilt det store som skjer om dagen, og me lyt difor grava djupt for å finna noko me kan kalla nyhende. Me har likevel prøvd å samla i saman litt av det me klarde å komma på.

Fotballfest

Laurdag 20.november arrangerer VIL-fotball årets avslutningsfest. I år vert festen halden på Joars Pub. Dette er eit velkjendt lokale for oss, då dette er det me tidlegare kalte Resalandskjellaren, som var fast tilhaldsplass på våre avslutningsfestar i ei årrekke.

På festen vert det servert julebuffet og det vert litt underhaldning med utdeling av prisar som hovedmeny.

Me vonar flest mogleg av spelarar og andre innbudne gjester møter opp.

HUGS Å MELD DEG PÅ, OG HUGS Å STEM PÅ ÅRETS SPELAR!

Styremøte

Tidlegare denne veka hadde me eit lite styremøte heime hjå sportsleg leiar Kurt Heggestad.

Hovudsaka her var den kommande fotballfesten, men me byrja òg så smått planlegginga av neste sesong. Det vert eit nytt møte tidleg på nyåret der me for alvor byrjar å sjå på korleis sesongen 2011 skal arta seg.

Treningane tek til

Veitastrond Fotball vil den kommande sesongen ha samma treningstid i Storhallen som me har hatt dei siste sesongane, dvs kl 21:00 på torsdagar.

Me hadde Storhallen for fyrste gong på torsdag, og truleg vert det frivillig trening fram til jul. Reknar med det kjem info om dette på SMS om ikkje lenge.

Dei obligatoriske treningane byrjar som vanleg utpå nyåret... "dao ska bli i goe form dao kara!!"

Spelarstallen

Me har endå ikkje heilt oversikt over korleis neste års spelarstall vil sjå ut. Så vidt me veit så vil dei fleste i fjorårets stall bli med neste sesong òg, men nokre spelarar har antyda at dei er i tenkeboksen om dei blir med vidare.

Som vanleg er me og på utikk etter forsterkingar, og me tek gjerne i mot tips.

Veitastrond.com vil oppdatera deg på eventuelle avgangar og/eller nye spelarar.

Treningsavgifta

Tru det eller ei, men me har så godt som fått inn alt av treningsavgift for sesongen 2010. Det manglar framleis noko, men me har her ein dialog med dei spelarane det gjeld og pengane som manglar kjem heilt sikkert inn...

Me lyt gje mange av spelarane skryt for at dei er pliktoppfyllande og betalar med ein gong dei får beskjed, medan me gjer nokre andre eit spark i røvi for ikkje å betala før me nærast truar med torpedo på døra...

Julekalendaren

Me har tidlegare varsla at me kjem med ein rykande fersk julekalendaren med Sherlock Heggestad i år, og dette kjem me sjølvsagt til å realisera.

Me har vore i kontakt med produksjonsapparatet rundt denne julekalendaren, og dei kan melda om at arbeidet med dei 24 episodane ikkje er komne godt i gang. Truleg ventar me så tett opp mot 1.desember som mogleg før me byrjar å reagera...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com