Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Spelarmøte 20.01.09

VIL-fotball hadde i går eit spelamøte på Lægreid der dei gjekk igjennom det meste som vart teke opp på styremøtet kvelden før. Det korte referatet som me her presenterar blir difor muligens ei repitisjon frå det me skreiv om styremøte måndagskvelden.

* Nye spelarar; Klubben gjer det no klart at me er på spelarjakt og me oppfordrar difor dagens spelarar om å vera på utikk etter aktuelle kandidatar. Til no har spelarane fått beskjed om å ikkje vera alt for ivrige med å rekrutera nye og heller la leiinga i klubben ha kontrollen på dette. Me vonar med dette at me skal klara å lokka til oss ein spelar eller tre.

* Treningar; Det var enighet om at me frå slutten av februar aukar frå 1 til 2 treningar. Det er ikkje avklara om den 2.økta vert ei fotballøkt i idrettshallen, Ylvisåker, Kaupanger etc, eller om me heller skal spara pengar og ta ein felles joggetur i staden.

* Treningsavgift; Denne bli i år på kr 1.500,- og den kjem i eit beløp, og er dermed ikkje oppdelt i vår-/haustsesong slik som det har vore dei siste åra. I tillegg har me nesten kr 10.000,- uteståande frå tidlegare sesongar, og detter er kronasje me lyt prøva å få inn.

* Spelarfest; Det vert ein spelarfest etter første treningskamp mot Sogndal 2 den 14.februar. Denne vert halden heime hjå Hildegunn Heggestad, og vert då ein "Oppkvinne-fest"

* Dugnad; Me kjem kanskje til å arrangera nokre dugnadar dersom det dukkar opp noko for å halda den økonomiske biten i sjakk.

Dette var hovedessensen i det som vart omtala på møtet i går. Det vil bli halde fleire spelarmøte før sesongstart der blant anna ambisjonsnivå og liknande vil stå i fokus.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com