Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for januar 2010

Litt på etterskot kjem me her med statistikk for den fyrste månaden i 2010.

Det vart ikkje spelt nokon kampar for Veitastrond i den fyrste månaden av årets treningssesong.

Veitastrond trenar no ein gong i veka og det vart gjennomført 4 treningar i januar. På desse øktene var heile 34 spelarar innom treningsfeltet, og det var eit snitt på 19,75 mann pr trening. Dette må seiast å vera veldig bra og klarar me å halda oppe dette går me ein meget god treningsvinter i møte.

I byrjinga var det mange prøvespelarar innom, men etterkvart har me fått satt spelarstallen vår.

Månadens spelar

Fyrste mann som tek denne prisen i år er Even Kvam.

Han står bokført med både 100% i oppmøte og 100% på vinnarutteljing, og dette gjer han til saman 8 poeng.

Bak Even fylgjer 7 spelarar med 6 poeng. Medan Even hadde 4 sigrar av 4 mulege kan me nevna at Emil Heggestad, Helge Skjælaaen og Øystein Heggestad hadde 0 sigrar på 4 oppmøte...

I premie som månadens spelar får Even Kvam ein middag for 2 på Dr.Hagen (du betalar)

Veitastrond.com

Etter ein dårleg desember månad er det godt å sjå at brukarane har funne attende til oss i januar.

Me hadde denne månaden 4329 treff, noko som er ca 800 meir enn desemeber og ca 100 meir enn fjorårets januar..

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com