Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for juni

Det er sumarferie, og Veitastrond ligg trygt plassert på toppen av tabellen. No er akkurat juni overstått, og me tek ein oppsummering av denne månaden. 

I juni spelte me 3 kampar, der me enda opp med 2 sigrar og 1 uavgjort. Me byrja med å nedsabla Hafslo med 1-0 inne på Moane, deretter var det Jølster 2 som fekk føla vår vrede når dei måtte reisa heim med 1-7 i bagasjen. Den siste kampen enda 6-6 i ein thriller av ein fotballkamp mot Bjørn. Med desse resultata har me no altså passert både Bjørn og Kaupanger2 på tabellen, og me tek no ferie som serieleiar!

Det var ikkje mange treningane i juni, og dei få me hadde bar preg av dårleg oppmøte. I alt hadde me 3 treningar der me hadde eit snitt på berre 11 mann pr trening. I alt deltok 20 mann av dei 25 som er i troppen vår.

Månadens spelar

Trass i at det berre var 3 treningar er det kun ein mann som står att med 3 oppmøte og 3 vinnarar. Dette er ingen ringare enn sjefen sjølv - Emil Heggestad.

Før den siste treninga låg han og Ivar Melby heilt likt å kjempa om denne tittellen, men sidan Emil vann og Ivar tapte siste trening så trakk altså Emil det lengste strået. Bak dei to med henholdsvis 6 og 5 poeng fulgte Richard Nes og Petter Fagerli med 4 poeng kvar.

I premie denne gongen får vinnaren ein sopekost.

Veitastrond.com

Etter ein jamn stigning på antall treff heile sesongen så har me i juni hatt ein betydeleg nedgang.

Medan me hadde ny rekord og 7641 treff i mai så går me denne gongen ned på 5875 treff. Kva som eigentleg er årsaka til dette er me ikkje heilt sikre på, då blant anna lokaloppgjera mot Hafslo og Bjørn burde vore saker som trakk folket til sida vår.

Me vonar brukarane finn tilbake til Veitastrond.com i dei kommande månadane.

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com