Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for juni

Juni månad er no overstått og VIL-fotball har teke seg ein velfortent ferie. Den siste månaden før ferien vart riktignok ikkje så bra som me hadde håpa på resultatmessigt. Me byrja med ein overbevisande siger borte mot Balestrand, spelde så 0-0 i toppkampen mot Hafslo for så å gå på to blemmer heime mot SIL2 og A/L2. I tillegg var det ein stor skuffelse at den planlagde laurdagskampen mot Hafslo ikkje vart noko av.

Treningsmessigt vart sjølvsagt juni kraftigt amputert då me tok ferie midt i månaden, og i alt hadde me berre 3 treningar. På dese øktene hadde me eit oppmøte som i snitt låg på ca 13,7 spelarar pr trening. Dette er det klart dårlegaste snittet me har hatt denne sesongen. Først og fremst skuldast dette ferieavviklinga då mange av studentane forsvann etterkvart, og me ser soleis ikkje noko dramatikk i dette då me ventar alle mann tilbake når me startar opp i august. Til saman var det 21 mann innom treningane våre der så godt som alle står oppført i VIL-stallen. Det var berre Kim Andre Navarsete som ikkje står oppført som VIL-spelar, men dette håpa me å få ei ordning på i løpet av ferien.

Månadens spelar

Til trass for berre 3 treningar så går prisen som månadens spelar for første gong til ein spelar åleine. Månadens spelar for juni er vår nye spelar; ØYVIND LIEN.

Øyvind var den einaste som var på vinnande lag på samtlege 3 treningar og fekk dermed samla poengsum på 6. I premie får vinnaren lov til selja drikkevarer av ymse slag til alle VIL-spelarane som vitjar han på Lægreidspuben i løpet av sommaren. Me gratulerer!

Tett bak Øyvind fulgte Bjørn Molland og Jon Arne Fimreite med 5 poeng medan 5 spelarar enda på 4 poeng.

7 spelarar hadde 100% oppmøte i juni.

Veitastrond.com

Det vart ein ny jubelmånad for Veitastrond.com i juni. Me satte oss som mål å få 5000 treff, og må då seiast å vera godt nøgde når me oppnådde 4989 treff, og ei auke frå forrige månad på 823. Den siste månaden var og prega av eit stort engasjement i gjesteboka vår, og spesielt etter kampen mot SIL3 tok det ei stund heilt av der inne. Me er utruleg glade for at gjesteboka vert nytta så aktivt som den bli i dag, og me vonar de vil halda fram med dette.

I juli blir det nok noko begrensa med oppdateringa på Veitastrond.com. Skal sjølvsagt oppdatera dykk med det som måtte vera av nyhende, også har me satt oss som mål å ha konkurransar gåande i heile denne feriemånaden.

Ha ein framleis framifrå sumar!

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com