Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Statistikk for mai

Den første månaden med seriekampar er no unnagjort. Som kjendt så har Veitastrond spela 3 kampar som har resultert i 3 sigrar og ein målskilnad på heile 29-6. Trenar Emil Heggestad kan altså no sola seg i glansen av si eiga suksess, så får me sjå om det held fram i tida som kjem.

Med ein kamp i veka blir det sjølvsagt mindre treningar for VIL. Ein kamp og ei trening er stort sett det som er vanleg buisness for VIL på denne tida av året. I mai var det i alt 5 treningar, der me hadde eit gjennomsnitt på 16,2 spelarar på kvar treninig noko som er ein liten tilbakegang frå forrige månad. Ingen stor dramatikk i dette sjølvsagt, og me ser at i mai vart det berre to gonger registrert oppmøte frå personar som ikkje er oppført i spelarstallen. Det var 26 unike sjeler innom treningsfeltet, der berre ein VIL spelar stårt oppført utan oppmøte. Dette var Lasse Vikøren og me må vel vedgå at han no verkar tapt for oss.

Månadens spelar

Då var tida kommen for å utropa månadens spelar. For fjerde månad på rad er det to spelarar som må dela denne tittelen seg i mellom. Denne gongen er dei lukkelege vinnarane Even Kvam og Jan Erik Bøyum. Me gratulerar.

Dette vil seia at Even blir den første som får denne utmerkinga to månadar på rad, og han verkar no å vera i støytet på treningsfeltet. Denne månaden hadde han eigentleg ein framifrå sjanse til å få tittelen åleina, men grunna tap på siste trening kom den lynkjappe vingen vår Jan Erik opp på sida og gjekk i mål samtidigt med Even. Premien dei to får er ein fottur til den sagenomsuste fjelltoppen Kalda Kari - dei to får sjansen til å handtera alt det praktiske på eigahand, og me ynskjer dei god tur!

Dei to vinnarane oppnådde ein samla sum på 8 poeng, der begge hadde 5 i oppmøte og 3 sigrar. Bak dei to fulgte 5 spelarar med 7 poeng og 4 spelarar med 6 poeng. I tillegg til Even og Jan Erik var det faktisk berre 2 andre som hadde eit oppmøte på 100%, dette var Ivar Melby og supertrenar Emil Heggestad. Verdt å nevna her at Emil var skada i store deler av månaden og soleis berre fekk for oppmøte då.

Me hadde ei kjerne på 11 stk som var på 4 eller 5 treningar.

Jubelmånad for Veitastrond.com

For statistikken etter april månad sette me oss som mål å slå den magiske 3000 grense på antal treff. Dette kan me trygt seia at me gjorde, og faktisk gjekk det over alle støvelskaft og me klarde faktisk å passera den ultramagiske grensa på 4000 treff (!) Totalt antal treff i mai månad var på heile 4166 treff, og dette er me utruleg stolte over. Frå forrige månad er det ein oppgang på 1599 treff. Grunnen til det store besøket reknar me med skuldast to ting. For det første har serien starta og me merkar at pågangen er stor på grunn av dette. Den andre faktoren skuldast nok vår nye gjestebok som solangt har vore ein formidabel suksess. Me fekk her ein pangstart då diskusjonen rundt den utsatte Hafslo kampen gjekk varmt for seg, og me vonar at brukarane vil nytta gjesteboka som arena for å ytra si meining om mangt og mykje i tida framover.

På plakaten for juni månad ser me at me blant anna har to kampar mot Hafslo, og me reknar ikkje akkurat med at besøkstalet her inne skal gå ned av den grunn. Faktisk er me så optimistiske at me går for 5000 treff i juni månad, så får me sjå om dette let seg gjera. Me oppfordrar våre flittige brukarar om å bli med oss i tida framover og...

Ha ein nydeleg sommarmånad!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com