Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Tor Olav si siste innsats for VIL

På tirsdag spelar Tor Olav Berge sin siste kamp i VIL-trøya etter å ha vore med oss i 3 sesongar. På denne tida har han vore litt ut og inn på grunn av sommarferie og praksis, men når han har vore tilgjengeleg har han vore fast inventar både på treningar og kampar.

Med den kommande kampen har Tor Olav spelt i alt 17 kampar for VIL. På desse kampane har han scora eit mål - ei perlescoring i 19-2 sigeren mot Norane i år, fått 2 gule kort og kanskje vil han bli hugsa best for det raude kortet han fekk mot Hafslo i fjorårsesongen. Etter ein duell klapsa han til ein Hafslospelar i magen så ein skulle tru vedkommande var blitt ihjelkøyrt av ein bulldosar, noko som førde til raudt kort og 5-6 kampars utestenging.

Tor Olav har vore ein allsidig spelar som har spelt både back, midtstoppar og sentral midtbane. Han har alltid vore eit dødeleg angrepsvåpen på grunn av sine laaaange innkast. Me vil heilt sikkert komma til å sakna hass store engasjement utepå bana, og det skal og seiast at få i VIL-samanheng har vore flinkare til å henga seg opp i dommaren enn Tor Olav! ;)

VIL-fotball vil takka Tor Olav for den framifråe innsatsen han har gjort for oss og ynskjer han all lukke og hell i framtida. Me vonar du får ei fin avslutning med gjengen på tirsdag.

Petter, Ivar og Øivind

Petter Fagerlig og Ivar Melby har allereie spelt sin siste kamp for vårsesongen. Dei hadde tenkt å avslutta med kampen mot Hafslo på laurdag, men vart særs skuffa då denne vart utsett. På laurdag reiser dei faktisk syklande heim over Sognefjellet til Eidsvoll. Dei reknar med turen vil ta ca 20 timar, og me tippar dei er bra såre i røvaskåri når dei ankjem Eidsvoll ein gong på laurdagskvelden.

Me ynskjer dei to god tur og vonar de vil ha ein framifrå sommarferie.

Begge dei to er venta tilbake til fyrste kamp på haustsesongen.

Øivind Kristiansen spelar sin siste kamp for vårsesongen mot SIL3 på tirsdag. Egentleg trudde me han var skada for resten av våren, men det viste seg å ikkje vera så alvorleg og han er no klar til kamp igjen.

Øivind er venta tilbake til haustsesongen sparkast i gang.

Vårt nye stjerneskot Øyvind Lien blir verande i Sogndal heile sommaren og blir soleis med oss i dei to resterande vårkampane.

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com