Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Konkurranse 10

 

Denne gongen tek Evek Kvam oss med på ein rundtur i Sogn og Fjordane. De skal finna fram til 5 fotballbaner, og kva lag som nyttar dette som si heimebane.

I premie denne gongen vil vinnaren nok ein gong stikke av med ei VIL-skjurte, men sidan det er jul kan me lokka med ein ekstra bonus av dei sjeldne. Vinnaren vil nemleg og få ein eksklusiv omvisning på 80-tals rommet som konkurranse-bas Even Kvam har laga til i kjellaren i huset sitt. Her vil det bli mogleghet til å sjå godt brukt supportarutstyr ifrå "gamle dagar", sjå nokre gamle FA-cup klassikarar på VHS og sist men ikkje minst vil vinnaren få sjå bloddrakta til Even Kvam - dette er ei keeperdrakt han nytta som gutunge, og som framleis har Even sitt nasablod utover seg. Heile rundreisen vil sjølvsagt føregå med Even som guide, og han lovar ei handfull med saftige historiar ifrå 80-talet. Veitastrond.com seiere berre god fornøyelse til vinnaren.

Denne konkurransen er delt opp i 5 deloppgåver, og me ber deltakarane om å nummerera svara sine. Vinnaren vert trekt ut blant dei som har rett på alle oppgåvene. Om ingen har rett på alt vert vinnaren trekt ut blant dei som har 4 rette, eller eventuelt 3 rette og så vidare. Me ynskjer store og små - Lukke til!

 

Oppgåva:

Vil skal på pre-season-tour og dei vel å gjere slik NHL-laga gjer det, Dei reiser på ein skikkeleg bortebane-turne og skal spele 5 kampar i sesongoppkøyringa.
 
Me skal prøva å gje ei reiseskildring der me skal innom 5 forskjellige fotballbaner å møta 5 forskjellige fotballag i ein rundtur i fylket vårt. Me vil gjere merksam på at me oppererar med ca.-tal når det gjeld tid og avstandar til dei ulike destinasjonane i fylket.Me set i gang.
 
OPPGÅVE 1
VIL har gått til innkjøp av ein åntle VIL-buss, me har handla inn rosa-bussen til Konrad Molland for ein billig penge og sjåførane John Molland og Johannes Nes gjer seg klare til å starte opp bussen på Lægreidsplassen i Sogndal. Me startar roleg, tek til venstre i Ål-krysset og køyrer utover fjorden i ca. 10 minuttar. Me kjem til ei fotballbane der fleire av dei noverande Vil-spelarane har spela.
Kvar er me no ? og kva lag spelar me mot?
Hint: Keeperen til dette laget er ein kjent ansvarleg redaktør for ein lokal radiokanal i Sogndal.
 
 
OPPGÅVE 2
Etter at me har spelt 1.kampen køyrer me vidare til neste destinasjon, me køyrer vidare utover fjorden i ca. 25 minuttar, tek ferja over Sognefjorden, og køyrer vidare vestover i ca. 1 time. Me skal no spele mot ein av motstandarane vår neste sesong.
Kvar er me no? og kva er navnet på denne grusbana me skal fram til?
Hint: Me skal fram til ei grusbane med eit navn som minnar volsomt, eller før ikkje å snakka KOLOSALT om ei 'stor' bane ute i den store fotballverda.
          NB! Her skal det og seiast at dette er eit lag som er samanslege med eit anna 2`ar lag, og derfor mest sansynleg spelar kampane sine i regionssenteret til denne kommunen, men me skal fram til plassen, og bana der rosa-bussen no har parkert.
 
 
OPPGÅVE 3
Me køyrer no nordover i ca. 20 minuttar og kjem då til eit vegkryss (omtrent det einaste som kan minna om tettstad i denne kommunen) Her skal me og spele fotballkamp, og denne gongen skal me og møta eit lag som VIL skal spela mot sesongen 2008.
Kva heiter klubben me skal spele mot her? og kvar er me no?
Hint: Klubben har same navnet som kommunenavnet
 
 
OPPGÅVE 4
Me fortsett vidare nordaustover i ca. ein halvtime. Me kjem no til ein by i fylket som likar å sjå på seg sjølv som hjarta i Sogn & Fjordane. VIL fotball ser og på seg sjølve som hjarta i Sogn & Fjornane derfor giddar me ikkje spela nokon kamp her. Me dreg vidare. Me køyrer nordaustover i ca. 40 minuttar. Me kjem no til eit trafikknutepunkt i fylket vårt. Her er det no komen ein fin rundkøyring som har erstatta eit uoversikteleg kryss. Me køyrer no 200 meter rett fram og svingar opp på skuleplassen der det opnar seg ei flott grasbane og ei mindre pen grusbane. Her har også ein av motstandarane våre i 2008 sesongen heimebane. Me tek ein match her.
Kvar er me no? og mot kva lag skal me spele mot?
Hint: Ein gammal VIL-trenar har trena hovedlaget i denne klubben
 
 
OPPGÅVE 5
Me har no fått nok av denne delen av fylket og vender nasen heimover. Etter ca ein halvtime er sjåførane Molland og Nes i harnisk i ein av dei grådigaste bomstasjonane i verda. Rolf Bjelde i bommen ruinerar VIL-fotball for at me skal få lov å passere bommen. Baki bussen er det amper stemning, VIL-stjerna Bjørn Molland og ferskingen Gøran Fimreite slest i bussen. Gøran er i harnisk fordi me berre har spela 4 kampar når me vart lova 5 kampar. Bjørn Molland er berre glad til, for då kan han byrja på dei 18 flaskene Tuborg han har med til heimturen. Johannese Nes grublar og grublar, han er sugen på ein kamp til, men han kan ikkje sjønna kva motstandar det kan bli for der me ferdast no er det ikkje fotballag i mange mils omkrets. Men konkuranse-sjefane Kvam og R.Nes har andre planar. Saman med noverande sjåfør John Molland har dei ei 'nøtt' på lur. Medan rosa-bussen dundrar nedover riksveg 5, ca 5 kilometer framafør Bjelde gård, dreg Richard i naudbremsen, John Molland kastar bussen til venstre og spinn ein 4-500 meter oppover ein komunalveg og parkerar bussen med millimeterpresisjon ved den lokale grendaskulen, her skal me spela kamp.
Kvar er me no? og kva lag skal me spela mot her?
Hint: Dette laget er ikkje med i seriesystemet, men dei har 'base' og treningar sumarhalvåret her

Konkurransen er no avslutta

Rett svar på konkurransen var;

Oppg 1 - Ylvisåker Stadion/Norane

Oppg 2 - Vaimbley Stadion/Vadheim

Oppg 3 - Gaular 2/Sande

Oppg 4 - Skei/Jølster 2

Oppg 5 - Notsete/Notsete Playboys

Me fekk inn 8 svar der 3 stk hadde alt rett.

Vinnar av konkurransen vart Andreas Bjelde - me gratulerar.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com