Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Konkurranse 3: (17.04.07 - 25.04.07)

 

Denne gongen satsar me på ei klassisk reise-oppgåva der me startar ein bestemt stad og skal enda opp på ei fotballbane i Sogn og Fjordane. Me tek mål av oss å få litt større oppslutnad rundt konkurransen denne gongen, og oppmodar akkurat deg til å senda oss eit svar.

Oppgåva er som følger:

Startar på Lægreidspuben, køyrer 100 meter nord-vestleg retning, svingar til venstre i eit meget trafikert kryss viss du er der i rush-tida. Køyrer ca 400 meter på rv 5 før du tek av i utkøyrsel nr.2 i rundkøyringa. Køyrer rv 55 i ca 30-40 minutt før du kjem til ein ferjekai. Legg deg i fil nummer 2 og tek ferja i ca 9 minutt. Køyrer av ferja og køyrer opp ein slakk bakke til du kjem til ein av dei første rundkøyringane i Sogn og Fjordane. Tek avkøyring 2 i rundkøyringa, og køyrer rundt ein bitte liten fjor-arm i 7-8 km, gjennom ein 500 meter lang miljøtunell. 150 meter etter tunellen tek du av til venstre og køyrer på ein måte over tunellen i ca 1 minutt og du er dermed komen fram til målet.

Me vil ha svar på kvar me er og kva den aktuelle stadion heiter!?

Vinnaren denne gongen får eit eksklusivt sesongkort på Leikvoll Stadion. I tillegg til fri adgang til alle VIL-fotball sine heimekampar vil vinnaren og få sjansen til å møta VIL-stjernene før enkelte av kampane!!!

Konkurransen er no avslutta

Rette svar denne gongen var Kreklingen Stadion i Balestrand.

Vinnaren denne gongen var Stig Roar Hovland frå Vik i Sogn. Me gratulerar Stig Roar som den heldige vinnaren av eit sesongkort på Leikvoll Stadion.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com